Frå gamalt var jordbruk og fiske grunnlaget for busettinga i bygdene våre. Bøndene dreiv ofte sommarfiske på sild og anna mellom onnene, men på midten av 1800-talet og utover vart vintertorskefisket utanfor land det viktigaste fiskeriet. Torskefisket gjekk føre seg i vintermånadene desember, januar, februar og mars. Mot slutten av 1800-talet fekk ein også innsig av storsild, og vi veit at fleire prøvde seg med drivgarn etter silda. Åttringen (og i nokon grad seksroringen) var den vanlegaste båten til dette fisket. Fiskarbøndene hadde frå tidleg på 1800-talet danna åttringslag og fekk bygd seg båtar inne i fjordane der det var godt om tømmer til byggevirke.

I Fiskarsoga for Ulstein finn vi at i 1895 var det eit åttringslag i Hasund og fire på Dimnøya. Desse høyrer til på Sundgot, i Våge, ytre Dimna og indre Dimna. Eg finn og at det var åttringslag med tilhald i Ertesvåg/Røyra/Botnen. Kristen Ertesvåg er nemnd som høvedsmann på åttringen i 1895. Åttringsnaustet stod i Ertesvågen på Gnr. 30, bnr. 2.

Åttringane, som var knappe 40 fot lange, vart brukt til kystfiske. Framdrifta er segl og årar. I tillegg er der på same tid fire dekksbåtar som høyrer til på Dimnøya, alle seglfartøy.

Knut N Dimmestøl var den første i Ulstein som fekk bygd dekksbåt. Han får bygd ei klinka skøyte i Bjørkedalen i 1893. Skøyta er 34’ lang og får namnet ”Thor”. ”Thor” er brukt til vintertorskefiske nokre år, men vert seinare seld til Herøy. ”Sjøblomsten” v/Karl Spjutøy var truleg noko større, men eg veit ikkje detaljar om sjødrifta.

”Isafold” v/Antoni Våge på 56’, og ”Devon” v/Rasmus Dimmen på 80’ var havgåande seglfartøy.

Til saman gav båtane på øya arbeidsplassar til om lag 70 mann. Eg vil tru at det er meir enn alle arbeidsføre menn i Hasund og Dimnøy krins på den tida. Men vi veit og at unge menn frå fjordane kom ut i øyane som leigdekarar, tok seg teneste og var mannskap i vinterfisket. Desse hadde ikkje garn eller vegn sjølve og fekk derfor mindre betalt sjølv om arbeidsinnsatsen var den same. Bygdebok for Ulstein fortel at fleire av fjordakarane vart gifte og slo seg til her ute. Mellom anna min tipp-tipp-oldefar Salmund Salmundson Ose og to av brørne hans.

Åttringane og dei mindre dekksbåtane dreiv nok for det meste fiske på ”Botnane” og i ”nære farvatn”, men dei to større båtane hadde eit større fartsområde.