I 1948 vart «Barden» forlenga med 15 fot til 120,5 fot ved Hatlø Verksted, i Ulsteinvik.
I 1951 kom ei ny stor ombygging til motorskip. Ein ny 400 Hk. «Alpha» dieselmotor vart montert inn. Også ny casing og nytt styrehus kom på plass.
Også dette arbeidet vart gjort ved Hatlø Verksted.
«Barden» dreiv sildefiske om vintrane, og spesielt frå 1951 til 1957, i dei gode sildeåra med Per Halle (frå Larsnes) som bas, fiska dei veldig godt, og var mellom toppfiskarane.
Om sommarane var det torskefiske ved Vest-Grønland. Men båten var i minste laget for dette fisket. Knut Vågeskar var bestmann og vikarierte som skipper på enkelte lineturar til Grønland.
Mannskapet var dyktige og stabile karar. Det blir fortalt at ein av karane kom inn i messedøra og spurde om nokon hadde sett slegga. Ho var ikkje å finne på sin faste plass. Då fekk han til svar at han måtte høyre med «nyemannen», som då hadde vare ombord i 2 år!
Etter å ha drive torskefiske ved Grønland i 5 – 6 år, vart det bestemt at dei skulle installere fryseri og isolere lasteroma og utstyre dei for kveitefiske.
Arbeidet vart utført av Hasund Mek. i 1958. Og fisket vart no ved Aust-Grønland om sommarane.
Kristian Grimstad vart ny skipper i 1961. Han blei til 1964. Då tok Arthur Bakke over.
1965 var siste året med notbåtar. I 1966 fekk dei montert kraftblokk ombord. Dei fiska då sild i Nordsjøen.
I 1967 vart Konrad Teige skipper, og i 1968 vart Lars Sætre siste skipperen ombord.
I 1969 var dei ikkje på noko fiske, pga vanskar med å skaffe brukbart mannskap.
Knut Strand var ein god og stødig disponent gjennom skiftande tider frå 1923 til 1966. Han døydde 16.2.1980. Han var då den siste attlevande av dei som skipa reiarlaget i 1915.
Ole Wiik overtok etter Knut Strand som formann i styret i 1966, og sat der til 1974, då han måtte slutte p.g.a. sjukdom. Han døydde 25.1.1975.
Johannes Hofset vart vald til styreformann i 1974 og sat til 1982, då selskapet vart avslutta. Arnold Henriksen vart vald til styrelem. Han sat i styret til han døydde 17.3.1978.
Johannes Roppen vart så vald inn som styrelem. Han sat til selskapet vart avslutta.
På årsmøtet 11.4. 1969 fekk styret fullmakt til å by «Barden» ut for sal. Men båten var vanskeleg å selje p.g.a. høg alder og liten lastekapasitet.
Ein vart då einige om å søkje om kondemnering.
Dette vart innvilga, og «Barden» vart levert til brødrene Anda i Stavanger for opphogging hausten 1969.
Siste årsmøtet vart halde i 1982. Då vart det vedteke å selje Skjervøybudeigedomen til Knut Strand jr., og A/S Skjervøy vart oppløyst, etter 67 års drift.
Knut Strand selde seinare eigedomen til Hatløys A/S.
Larsbuda fekk store skadar under nyttårsorkanen i 1999 og vart riven ikkje lenge etterpå.
Skjervøbuda vart riven seinare. Dette blei – utruleg nok – gjort etter at ein hadde fått midlar til å ta vare på ho!
Det kan også nemnast at dans på Skjervøyplattingen med ein lokal trekkspel-spelar var det kulturelle høgdepunktet for mange i 30-40 og heilt ut i 50-åra.
På grunn av brannfaren, blei dette etterkvart forhode, men heldt fram i fleire år likevel.
No, i år 2010, er det planar om å bygge ei bustadblokk på eigedomen.