Arbeid med etablering av gymnastilbod på Ytre Søre Sunnmøre
Arbeidet med å få på plass eit gymnas på Ytre Søre Sunnmøre starta opp i byrjinga av 60-talet. Det var først og fremst dåverande skulesjef Otto Strand i Ulstein som verkeleg tok tak i denne saka og for alvor sette ho på dagsorden. Både Herøy, Ulstein, Vanylven og Hareid kommune hadde hatt realskule i mange år, men eit eige gymnas mangla på Ytre Søre. Elevar frå denne regionen måtte reise til Ålesund, Volda eller event. til Nordfjordeid for å gå på gymnas. Dette innebar for dei aller fleste at dei måtte bu på hybel, og såleis flytte ut av heimen ved 16 års alderen.
Gymnaset på den tida var ingen «skule for alle». Gymnaset var i utgangspunktet ein skule med mykje teoretisk undervisning, og det var føresett at mellom 20 og 30 % av elevkullet skulle kunne gå på gymnas. Ein kan vel såleis seie at det på den tida var elevplassar nok i dei veletablerte gymnasa på Sunnmøre og i Nordfjord.
På slutten av 60-talet skjedde det likevel store skulepolitiske reformer som også skulle påverke trongen om gymnasplassar. Frå og med 1969 vart det innført obligatorisk 9-årig grunnskule over heile landet som skulle kvalifisere direkte til inntak på gymnas. Realskulen skulle fasast ut over dei 3 neste åra. Tidlegare var det slik at bestått 3 årig realskule var grunnlaget for inntak til gymnaset, event. 2 år på realskule og direkte inn på 3 årig gymnas. Dette var situasjonen t.d. ved Latinskolen i Ålesund på 50-og 60-talet. I 1964 vart det vedteke å bygge eit nytt gymnas i Ålesund (seinare kalla Fagerlia vg. skule). I saksframstillinga her til fylkestinget vart behovet for eit nytt gymnas på Søre Sunnmøre også diskutert, utan at det vart gjort noko vedtak, heller ikkje kor eit slikt gymnas event. skulle lokaliserast her ute på sørøyane.
På midten av 60-talet var det aukande aktivitet og optimisme i næringslivet på Ytre Søre Sunnmøre med stigande folketal. Det hadde allereie blitt gjort betydelege oljefunn offshore i Nordsjøen og Norskehavet. Moglegheita for den lokale industrien og næringslivet knytt opp mot offshore aktiviteten vart raskt fanga opp, ikkje minst her i Ulstein, der næringslivet satsa på utvikling av nye fartøy som kunne betene den offshorebaserte oljeindustrien i Norskehavet. Optimisme og ei aukande sjølvkjensle var nok viktige drivkrefter som såg på vg. opplæring som eit naudsynt fundament for vidare vekst og utvikling i regionen, og seinare har det vel også vist seg ganske så tydeleg at gymnas/vg. opplæring har spelt ei vesentleg rolle for utdanning til naudsynt kunnskap og kompetanse, både innan næringslivet og offentleg verksemd i heile regionen.
Som tidlegare nemnt gjekk det føre seg ein stor diskusjon både på fylkesnivå (skuleeigar), lokalt og regionalt, om korleis gymnasstrukturen i fylket skulle sjå ut i framtida. Kommunane på Søre Sunnmøre var i dialog med fylket på 60-talet om å få til eit gymnas også på Ytre Søre Sunnmøre, i tillegg til den yrkesskulen som for lengst var etablert i Fosnavåg/Herøy kommune. Både Hareid, Ulstein og Herøy kommune ville gjerne få lokalisert ein slik skule til sitt lokalsamfunn. I Ulstein nedsette kommunestyret eit gymnasutval i 1964, med dåverande skulesjef Otto Strand som leiar. Nemnda skulle legge fram ei sak for kommunestyret så snart som råd, der alle sider av ei slik lokalisering skulle utgreiast. Kommunestyret vedtok denne saksutgreiinga samrøystes, og saka vart oversendt til fylkesskulestyret for vidare handsaming der.
I 1965 svara skuledirektøren at «det vil vere ønskjeleg at det kunne bli skipa eit gymnas i Ulstein med 3–4 parallellklassar pr. år. Det er eit distrikt i sterk utvikling med aukande industrialisering og tilsvarande auke i behovet for funksjonærar, teknikarar og ingeniørar». Det vart den gongen ikkje gjort noko vedtak, men skuledirektøren konkluderte med at «det kan vere grunn til å følgje utviklinga framover før det blir tatt avgjerd».
I 1965 var skuledirektøren på synfaring, mellom anna for å sjå på eit bygg som kunne vere aktuelt å starte opp i, nemleg Bjørndals Minne, som den gongen vart nytta som realskulebygg. Han meinte at bygget nok kunne nyttast til føremålet i ei overgangsfase, event. saman med nokre leigde rom i den nye ungdomsskulen i Ulsteinvik. Dette var så vidt positive signal for gymnasnemnda i Ulstein at dei valde å arbeide vidare med saka. Det vart mellom anna engasjert arkitekt for å vise korleis Bjørndals Minne og området kring bygninga kunne nyttast til gymnasføremål. Skissa vart lagt fram for skuledirektøren som meinte at arealet var for lite, og for lite framtidsretta, og han presiserte at gymnas på Søre Sunnmøre ikkje stod på fylket sin dagsorden førebels. Han nemnde også at andre kommunar i regionen, truleg både Herøy og Hareid, arbeidde for å få gymnaset lokalisert til si kommune.
På Hareid vart det nedsett ei eiga nemnd i 1966 som skulle arbeide med saka, og i Herøy var det særskilt Rotaryklubben som engasjerte seg i saka, og nemnde mellom anna at saka burde utgreiast i samband med lokalisering av ny skulestad i indre Herøy. Her skimtar ein altså konturane av ein gryande klassisk lokaliseringsstrid mellom kommunane på Søre Sunnmøre.
I Ulstein vart det leita etter andre alternativ for etablering av eit nytt gymnas, i og med at skuleeigar såpass tydeleg hadde meint at Bjørndals Minne-prosjektet var for lite framtidsretta. Både Alvehaug-sletta og Saunes vart fremja som alternativ. På eit møte i november 1966 vedtok gymnasnemnda i Ulstein å søkje departementet om å få løyve til å setje i gang med to kommunale gymnasklassar i Ulstein frå hausten 1967. Uttale frå skuledirektøren på fylkesnivå følgde med søknaden, og det vart der klargjort at det ville kunne gå fleire år før fylkeskommunen ville kunne vere i stand til å ta del i byggekostnader og driftsutgifter for eit nytt gymnas i Ulstein. Han kunne difor ikkje rå til at søknaden vart imøtekomen då. I svaret frå departementet vart det vist til fylkeskommunen si fråsegn.
Same året tok gymnasnemnda i Hareid initiativ til å skipe ei felles gymnasnemnd for Ytre Søre Sunnmøre, med representantar for alle kommunane på Ytre Søre. På eit felles møte i 1969, der også skuledirektøren og leiar i fylkesskulestyret var med, vart det vedteke ei felles tilråding: «Kommunestyra i dei einskilde kommunane i regionen vert bedne om å gjere slikt vedtak: Fylket må snarast råd er legge tilhøva til rette for å få etablert eit gymnastilbod på Ytre Søre Sunnmøre. Som førebels ordning bør det takast sikte på å starte opp med undervisning i bygget til Ulstein Realskule i Ulsteinvik». (Herøy kommune hadde eit eige framlegg som gjekk på Herøy Yrkesskule sin framtidige status).
I juni 1969 la skuledirektøren fram ei utgreiing om saka for fylkesskulestyret/fylkestinget. Han meinte at det ville vere godt elevgrunnlag for 4 elevparallellar (112 elevar) pr. år i regionen. Gjennom eit slikt opplegg ville dei aller fleste elevane i regionen kunne bu heime til dei vart 18/19 år, kanskje med unntak av dei som bur på Runde (Herøy-brua og Runde – brua kom noko seinare). Når det gjeld lokaliseringsproblematikken, meinte skuledirektøren at Hareid låg for perifert i regionen og kanskje også for nært til Ålesund og gymnaset der, og at det i Fosnavåg allereie var ein fylkeskommunal vg. skule (yrkesskule) som kunne tenkjast å verte utvikla vidare til ein meir integrert vidaregåande skule med event. gymnastilbod. Han meinte også at Fosnavåg synest «å ligge noko ulagleg til i regionen, ikkje minst for elevar frå Hareid, som vil få stuttare veg i tid til gymnas i Ålesund enn til gymnas i Fosnavåg».
I 1969 vart det gjennomført eit nytt samrådingsmøte i Ulsteinvik, der alle kommunane på Ytre Søre bortsett frå Herøy var til stades. I tillegg møtte både skuledirektør og fylkesskulesjef på dette møtet: Der vart det vedteke ein resolusjon frå dei 4 kommunane der ein bad om at det vart sett i gang gymnasundervisning i Ulstein realskule sitt bygg (Bjørndals Minne) frå hausten 1971. Fylkesskulestyret og fylkestinget handsama denne saka like etter, og tilrådinga frå skuledirektør/fylkesskulesjef vart samrøystes vedteken, og søknad vart sendt til departementet. I juli 1970 kom det svar frå departementet der det vart godkjent at det vart sett i gang mellombels gymnasundervisning i Ulsteinvik frå og med hausten 1971.
Departementet var rimeleg klar på at Ulstein realskule sitt bygg ikkje ville stette det framtidige behovet for lokalitetar til eit gymnas for framtida, og konkluderte med at gymnaset sitt rombehov berre kunne løysast ved nybygg, eller ved tilbygg til det eksisterande realskulebygget. Det måtte og skaffast lærarar med røynsle frå gymnasundervisning. Gymnaset skulle ha eigen administrasjon, og det måtte tilsetjast eigen rektor.
Dei første stillingane vart lyste ut i mars 1971 i regi av gymnasnemnda i Ulstein, som også kom med den første tilrådinga til fylket og departementet. Arne I. Jørgensen, som da var inspektør ved Molde gymnas, vart tilsett som skulen sin første rektor. I tillegg vart det tilsett 8 lærarar, 3 av dei i fast stilling, og resten som timelærarar i kombinasjon med realskule/ungdomsskule.