For folk som vaks opp etter krigen kan det sjå ut som dette er eit bilete av folk som er vaksne, men med unntak av lærarane er dei eldste nok berre 14 år. Fram til rundt 1970 var det to læreplanar for barneskulen i Norge: Desse fekk undervisning etter Læreplan for landsfolkeskulen. I planen var det ikkje krav om verken gymnastikksal eller skulekjøkken. Derimot skulle jentene ha «Handgjerning» og gutane sløyd. Borna gjekk på skule annankvar dag. Lærarane hadde seks dagars veke.

Hasund skule var for det meste fire-delt. Første klasse fekk undervisning for seg sjølv, andre og tredje var samanslegne. Desse tre klassene vart kalla småskulen og gjekk på skule same dag. Fjerde og femte årstrinn gjekk i same klasse og sjette og sjuande. Lærarane hadde første klasse kvar sitt år, og dermed bytte dei andre årskulla også lærar kvart år.
Biletet er av Storskulen, fjerde til sjuande klasse. Alfred hadde klasserom i den eldste delen, Bjarne i den nyaste.Den lavaste delen av skulen var oppsett i 1879, den andre delen vart teken i bruk hausten 1909.

Drikkevatn til skulen var eit problem. Mange av skulane hadde ei sinkbøtte med ei ause oppi som det vart drukke av. P.F.Waage skriv: i Hasund krets var det dårleg stelt med drikkevatn til skulen. Dette vart ordna, og der kom også tak på brunnen. Kosta av Saniteten.

Leikeplassen til borna var ein utvida del av vegen, men det var lenge lite bilar, så eg vil tru at det ikkje vart eit stort problem før den nye skulen kom. På andre sida av vegen låg utedoen Bjarne og Alfred brukte ofte Straumane Handelslag til pauserom. Når dei kom gåande mot skulen, drog Alfred fram ei blank plystre og bles. Det var teikn til at friminuttet var over, og elevane måtte inn og finne plassane sine. På den tid biletet vart teke, var det planar om ny skule i Hasund. Det vart ordna med plassering der den nyaste skulen ligg no. Murar var oppsette og leikeplassen var på plass. Men så kom 2. verdskrig til Norge, det vart uråd å skaffe bygningsmateriell og alt stoppa opp. Først i 1953 vart den nye skulen teken i bruk. I den skulen fekk Ulstein sin første gymnastikksal, og der var uinnreidde rom tenkt til skulekjøkken.
Skuleplassen vart fort ei populær fotballbane, helst for gutane.