Det er 30 år sidan no: Ut av det aktive og kreative KFUM/K-miljøet i Ulsteinvik vaks det på 1980-talet fram ein gjeng ungdommar med uvanleg entusiasme, pågangsmot og evne til å tenkje stort. Dei hadde trua si i botnen, brann for song og musikk og gjekk gjerne i forbøn for konsertprosjekt som meir sindige folk i lokalmiljøet såg på som hasardiøse.

Eitt av mange høgdepunkt var då den unge Sissel Kyrkjebø samla 1700 i Ulsteinhallen i november 1986. Overskotet på 60.000 kroner frå konserten gjekk til eit prosjekt i Kirkens Nødhjelp. Dersom arrangørane hadde kassert inn overskotet, ville gjeldssorgene deira ha fordampa som dogg i sola. Det var eit eventyr. Kanskje kan dei berømte orda til Apple-gründeren Steve Jobs, «stay hungry, stay foolish», vise fargen på den energien som fanst hos denne gjengen; naive, ja vel, innimellom hasardiøse på kanten av stupet, men den skapande kreativiteten skal vi ikkje kimse av, sjølv no når vi ser det heile i etterpåklokskapens klare lys.

Biletet til høgre: Styret i Sponders. Øvst f.v. Aadne Sandanger, Kjersti Holstad og Magne Grimstad jr. Nedst f.v. Jarle Rovde, Åge Grimstad og Hans Olav Vattøy.