Starten

Ulstein Mannskor vart skipa 5. november 1884. Det var Ulstein Ynglingeforening, skipa i 1882, som etter foredrag av Ulstein­læraren Karl Hatlemark gjorde opptak til å få koret i gang.

Sundag 5. november 1883 var tolv mann frammøtte i stova til Knut Hanson Saunes. Prost Anker, som kom til Ulstein 1881, hadde då tinga med Rasofiel Rise frå Hareid om å ta på seg dirigentoppgåva.

Allereide 2. januar 1885 sang koret på Ynglingeforeininga sin julefest på Skeide skule, på Halsen. Det er ikkje nemnt kva koret sang her, men ein av dei var truleg den første dei øvde inn: «Til Sverge».

Prost Anker reiste frå bygda 1884. Han vart etterfylgd av Carsten B. Hansteen som kom frå Englad. Der hadde han vore sjømannsprest. På julefesten til Ynglingeforeininga på Osnes Bedehus i 1894 var nypresten til stades, og der sang koret tre nye songar som vart framførte for første gong. «Hurra for Jonas Anton Hjelm», «Skratta mine barn og vener» og «Dans, ropte fela».

Då koret sang den mellomste sangen, tok folk dette som ei skjemtevise. Det var mange i salen som sat i spaning og trudde at no sette koret seg sjølv utanfor. Presten sto med hallande hovud og såg i taket medan koret sang. Med det same dei var ferdige, tok han ordet og takka for sangen. Han bar samstundes fram honnør til koret fordi dei hadde greidd andre nummeret. Han hadde sjølv vore med i studentkor i Oslo, men dei laut legge den bort då dei ikkje makta han. Med dette vart folk avvæpna.