I 1868 var det totalt bygt 40 landgangsvorar til hovudvegane i fylket. På den tida hadde ytre søre Sunnmøre sju offentlege vorar. I 1889 var følgande vorar i bruk i vegsambandet: Brandal, Hareid, Ulsteinvik, Leikanger/Leikong, Eidså, Fiskå og Åheim.
Landgangsvorane spela ei viktig rolle for postførsla og for det ordinære hovudvegnettet. Ofte heldt skysstasjonen og postopneria til i nærleiken. Dette kunne bety mykje for tettstadutviklinga. Då Skeide postopneri vart flytta til Botnen, vart Skeide meir usentralt. Den auka trafikken over eidet mellom Brandal-Hareid og Garshol førte til at amtet i 1848 foreslo å legge ned Ulsteinvik som skysstasjon. Ulstein kommunestyre sette seg samrøystes imot dette. Skysskaffaren i Ulsteinvik hadde nett skaffa seg nye hestekjerrer, og i tillegg dreiv han som gjestgjevar. Ein arbeidde og med å flytte kyrkja til Ulsteinvik. Skysstasjonen i Ulsteinvik fekk fortsette, og Vik vart eit naturleg senter i utviklinga.
Dei tre vorane Ulsteinvik, Båtvika og Botnen fungerte i vegsambandet og bidrog til raskare og tryggare postgang. Desse vorane vart og kalla «Tilsigelsesstationer», då ein ved dei nærliggande skysstasjonane kunne skaffe skyssmenn til lands og til sjøs.
I samband med vegbygginga og poststellet tok amtet kostnadene med å bygge tre landgangsvorar i Ulstein. Det vart og bygt landgangsvor og brygge på Brandal og på Hareid. I Herøy vart det bygt ein vor på Leikong (Leikanger).
Båtvika gjekk ut av bruk i postførsla i 1848, då han vart erstatta av Botnen vor. Botnen vor vart nedlagt i 1870 då postførsla vart endra. Ulsteinvik vor gjekk over i kommunal eige i 1920.
I Møre og Romsdal vart dei siste landgangsvorane lagt ned som fylkeskommunale vorar i 1959. Blant desse var Leikanger/Leikong som skulle inngå i bygginga av ei nytt ferjeleie, Eidså vor som vart innlemma i eit kommunalt kaianlegg. I 1899 fall Brandal ut av hovudpostruta. Vedlikehald av voren vart difor ikkje lenger finansiert av amtskassa. Hareid vor vart opphavleg bygt som steinbrygge på grunneigar si rekning i 1830, men amtet tok over ansvaret i 1873. I 1958 fekk Hareid kommune disposisjonsrett og landgangsvoren vart dekt av hamnemoloen.
Då landgangsvorane gjekk ut av bruk, vart fleire av desse erstatta med ferjekaier. I Ulsteinvik vart det bygt pirar (t.d. «Puskaia») som fungerte som rutebåtkai. Seinare vart det bygt ferjeleie i sentrum av Ulsteinvik (ikkje så langt frå den gamle voren). Ved bygginga av veg til Dragsundbrua fekk Botnen vor mindre betyding. Skulle du vidare sjøvegen, så kunne du reise til Ulsteinvik eller Leikanger i staden for.
Vorar som Båtvika og Botnen vart liggande att som synlege minne frå ei tid der tilhøva for samferdsle og kommunikasjon var heilt anna enn i dag.
Har du lyst til å sjå fleire bilde av landgangsvorane, sjekk nettsida: www.kystreise.no.