Denne var nok den mest brukte kverna i mi tid. Her er det ikkje noko spesielt å merke. Eg har sjølv vore med og brukt denne. Eg vil tru at dette er ei av dei første, i og med at ho ligg ved sjøen og at støa til kyrkja og nausttilflotet ligg innanfor.
På Gåsneset brukte vi tidvis denne kverna under krigen.
2 Nilskverna (Nilsgarden) Bnr. 8
Denne kverna vart nedlagt på 1800-talet. Olav Welde bygde kraftverk på denne tomta. Kvernhuset vart rive ned, og eit lite hus vart bygt på tomta. Dette elektrisititetsverket vart drive av ein liten turbin. Ei lita trebru gjekk frå enden av Husladammen og bort til huset. Inne lukta det varm smørjeolje og flatreimar som var smurde med harpiks.
Til husbruk hadde dei straum frå dette elektrisitetsverket og ikkje frå Ulsteindalen. Dette huset forfall og er no vekke. Turbinen låg der lenge og rusta.
3 Husekverna (Husegarden) Bnr. 5
Husekverna vart også riven før mi tid. Denne kverna låg slik til at landsvegen gjekk nedanfor denne og oppover mot nord, etter gamlebrua. Gamlebrua var ei boga steinbru som ramla ned etter at låsesteinen i toppen av bogen vart fjerna.
Kverna her vart også brukt til tresking. Ein brukte kallen til drivkjelde og hadde reimar heilt ut i Husegarden, over Ivamarkane. Om hausten vart hjula hengde på staurar heile vegen.
Tett før siste krigen bygde Per Moldskred og Elias Skeide skyljekum for støypesand her. Sanden måtte reinsast for raudaur før bruk. Dei hadde kontrakt med Huse-Johan om bruk av vassfallet. Lastebilane tippa sanden frå grushola på Skeide ned i ei renne ved landsvegen, i ei prismeforma tretrakt med luke i botnen. Bilane rygga under denne og tok igjen sanden her.
4. Tolleskverna (Tollesgarden) Bruk nr. 3
Det er vanskeleg å seie når denne kverna vart tatt vekk, fordi A/S Ulstein Mølle kom på denne tomta. Mylna vart flytta til Hasundstranda og elektrifisert, etter 1917.
Plattingen som ho stod på var der i mine unge dagar. Han var støypt med svært grov avsand frå elveosen. Der var det felles sanduttak for alle grunneigarane. Plattingen var ca 7×8 m. Turbinen til mølla var ei «seiandesegn». Det var ein aksjonreaksjonturbin som var inne i ein silo av tre. Denne dreiv då kvernsteinane. Vatnet kom inn på toppen av tønna og inn på ein propelliknande rotor.
Tomta og plattingen vart litt seinare ombygt til sagbruk. Renna for vatn vart støypt tett, og eit stort vasshjul med eit tverrmål på ca 2 meter vart nytta til sagbladet som saga 8″-10″ plank. Eigarar var Svein Svendsen, Ole Flø og Olaf Ulstein (Plass-Olaf) med fleire. Då denne saga vart seld, vart tomta slegen saman med Jenseigedomen og seld til Roger Hasund som bustadtomt.
I åra mellom mølle og sagbruk, var plattingen brukt til dans. Laurits Ulstein og tidlegare nemnde Henrik var habile spelarar på trekkspel. Seinare vart plattingen knust med slegge. Ein meinte at reven opp i gardane kasta ungane på grunn av bråket frå dansen!
5. Jenskverna (Jensgarden) Bnr. 17
Dette er det einaste bruket på Ulstein som ikkje er delt. Denne kverna var også ute av drift i
min barndom. Kverna var bygd opp av gamlehuset i Jensgarden.
Då Rasmus skulle lafte om (nove om) gamlestova, var endane så dårlege at det berre vart kvernhusstorleik att. Han kjøpte ei «Selbukvern» som han sette opp på sørsida av elva. Han meldra til folk ute frå øyane og tente ho innatt det første året. Denne informasjonen er etter Olaf Hasund, bror til Knut Hasund.
I 30-åra kjøpte sonen, Reidar Hasund, ein dynamo. Han tømra eit trehjul, litt mindre enn kvernsteinen. Han tok så bort øvre kvernsteinen, monterte aksling og lager på tverrbjelken der korntrakta hang. Han sette så akslingen med ei klo ned på medbringaren for kvernsteinen. Han monterte eit fundament på tømmerveggen utfor dynamoen. Ei brei flatreim med kast på vart brukt. Dette vart gjort slik fordi drivhjulet var horisontalt, medan dynamohjulet var vertikalt. Han sette det også slik at det var festa eit tau oppe på husnova heime, vidare ein streng over elva til kvernhusveggen. Der var det eit tau gjennom ei blokk til stemmehandtaket. Han slapp då å gå over elva eller ned på vegen for å starte kverna. Om natta vart det stoppa. Siste mann til køys slo av lyset!
Dynamoen var så stor at han dreiv ein bakaromn av typen utan plater. Dette gjekk om ein
slo av alle lys. Dette utstyret er no borte. Dynamoen er seld som skrap.
6 Jørnkverna (GodøyKnut og Jørn Severin) Bnr. 10
Dette namnet kjem av Jørgen frå Saunes, han som bygde garden i si tid.
Kverna stod ved vegråsa som gjekk gard i mellom og over elvevadet. Renneveita for Huslagarden byrja her. Namnet Huslagarden tyder Huslade, ettersom alle lødene og husa stod her. Råsa gjekk over vadestaden, opp Jensgarden til torvskjåane og Skokken.
Kverna var ei av dei siste som var i bruk. Eg har sjølv vore med på å meldre her i 40-åra. Tømmeret skal vere lagra i Jørngarden.