Geografisk er Spjutøy lokalisert nord for Dimnøya med Spjutøy­sundet som naturleg skilje mellom dei to øyane.

Sjølve namnet, Spjutøya, kjem truleg frå gammalnorsk spjot n. spjut. Øya er fyrst nemnd i eit skriv frå 1644.

Utforminga av hovudøya er ovalaktig «stjerneforma» med fem utstikkande nes. Til hovudøya/ bruket høyrer to skjer, ein holme på austsida, Kongsholmen, og ei mindre øy, Veslespjutøya på vestsida.

Alt – i alle fall nesten alt – på øya har sitt faste namn. Eg nemner i fleng frå min bestefar Alf Spjutøy.

Kongsvika med Kongsneset, Ura, Kalldalen, Myra, Vågen, Brauta, Bærhaugane, Stranda, Berntmuren, Notaneset, Storhaugen med Ørnetua, Haugane med Nylendet (her finns ein søndre og nordre variant) med Kroketeattelega, Torvneset med Torvsundet, Fjøsvika med Fjøsattelega. Vidare har ein Vollane, Storåkeren, Riset, Haugane, Haugen, (både pluralis og bestemt form), Kataura med Kataberget pluss Nyattelega, Neset og Stranda.

Tunet med hovudhus, løe og bedahus ligg på austsida av øya, like ved Kongsvika. Dette er no som då den faste landingsplassen – støa – for robåten som alltid vert nytta når ein skal ro til nærmaste fastland. Det er Hellestøa på Dimnøya.

Øya har sjølvsagt naust med molo og plass til meir djuptgåande (les: større) farkostar og
her var trdlegare plassen til snekka på øya.