Ein og annan utbrytar er det i flokken, der som andre stadar, men alle blir til sist samla inne i kvia. Dei står tett i tett, som sild i boks eller meir dekkande: som sauer i ei kve.
Borte ved vegen står mi kjære gode mor. Ho har med eit langt tau i hendene som ho knyter fast i to seige einerøter. På dette tauet er det knytt fleire små tauendar – like mange som vi hadde verar dette året. Dei minte meg alltid om vimplar på ein båt desse tauendane der dei flagra i brisen. Inne i kvia står far, – høgreist, riktig ein staskar syns eg. Han ser seg rundt med vakne auge etter vårt øyremerke: 2 sting framom – 1 rivje attao, eller var det motsett?
Der et Johannes klokkar, han har eit godt tak i nakkeulla på ein stirrig liten ver. Johannes finn vegen gjennom eine og lyng dit Borghild står, mild og god. Den vesle stirrigpompen blir tjora der. Rund og smilande står Olina ved sine «vimplar» og ventar på at dei skal kome i bruk. Tolels-Johan kjem og med ein ver i fanget. Han er sterk, Johan, sjølv om han ikkje er av dei som ragar høgst i terrenget. Han veit kvar Petra står og kursar dit. Den vesle veren sparkar for å kome seg fri, fri som han har vore heile den lange fine sommaren på fjellet. Han er redd, skjønar ikkje riktig dette. Stakkars liten, han har vel aldri høyrt om får i kål eller fenarullar.
På steingarden rundt kvia sit vi ungane som på eit galleri og. ser på. Stor dag dette, skulefri og fine greier. Gustav er der óg. Han forstod oss, at dette måtte vi ha med skulle skuleåret bli bra.
Etter ei lang stund tek det til å minke i kvia, men redsla og forvirringa blir berre større i blant dei som er igjen. Det er mange karar som blir kasta overende når dei store tunge sauene tek sats og vil prøve å kome seg over og ut i det fri. Det blir som eit ekstranummer for oss på galleriet og vi skrik opp, til vi ser at karane reiser seg, like heile.
Huse-Johan er óg på plass, raud i toppen og sveitt. Den sotfarga merra hans står borte ved verket, med vogn og karm, klar til å frakte verane heim. Der kjem Flø med ein ver som har lagt seg til med små kledlege horn i skallen. Skrekk og gru. Flø går beint mot jenteflokken som sit i lyngen og nyttar tida til å bytte glansbilde. Englar er ettertrakta glans. Han er ein fante, Flø, og jentene flyg opp med høge rop enda dei veit godt at han berre vil erte litt. Han er søndagsskulelæraren vår, må vite. Vi sa alltid Flø til han, aldri Andreas. Dei andre karane brukte vi fornamnet på, men ikkje Flø og Botn. Var det fordi dei var innflyttarar i bygda kanskje? Botnen var maskinist i E-verket og det syntest vi var svære ting. Etter at vi hadde fått med det meste av underhaldninga i kvia, så stod – hadde nær sagt – finalen igjen. Det var ein tur inn i Verket. Berre vi greidde å sjarmere Botnen slik at han let opp den store, tunge, grøne døra og let oss få kome inn i den mystiske hallen der turbinane svirra. Vi visste korleis vi skulle greie det, vi var små kvinner. Vi fekk kome inn, men med hendene på ryggen så og sei og minst 5 meter frå dei iltre turbinane. Dette var toppen på dagen.
Då vi kom ut, låg dalen stille og tom. Sauekvia fekk kvile til neste september. Tenk om den i nær framtid kan bli restaurert og bli slik som den var. Nostalgi seier du. Ja, kanskje. Ei oppgåve er det i alle fall for den som vil og har lyst til å stelle den i stand. Bondelaget, Rotary, Lions, sogelaget og sikkert enda fleire. Dei mosgrodde steinane ligg der og fortel, utan ord, om ei tid som eingong var.
Helsing frå meg som sat på ein av dei.