Herøysoga fortel at ho som vart kalla Nesje-Ælina, var innskriva i kyrkjeboka med namnet Anne Eline Johannesdotter Myklebust. Ho var opphavleg frå Vartdal, fødd i 1835 og døydde i 1890. Då hadde ho vore enkje i 17 år. Ho gifta seg i 1858 med Rasmus Sjurson Måløy, som var 2 år yngre. Rasmus selde garden sin i Måløya ved Jøsok for å flytte til Havågneset i Eiksund og sette seg opp eit hus der.
Sat att med 6 born
I 1873 reiste Rasmus, Jens Ulstein og Hans Eiken til Romsdalen for å hente material til bygging av ei løe, men dei kom ikkje lenger enn til Hjørungneset. Der forliste båten, og alle tre omkom. Dette vart eit hardt slag for Nesje-Æline som sat att med 6 barn og eit barn som ennå ikkje var fødd. Eldste jenta, Petrine Bertina, var då 14 år, og ynste jenta, Oluffa Rasmine, 2 år. Den einaste guten i barneflokken, Ola Martinus, var fødd i 1866 og døydde som liten gut, i det han drukna i heimebrunnen.
Dei andre barna hadde i denne rekkefylgje følgjande namn: Berte Larine, Johanne Hansine, Serine Pauline, Oluffa Rasmine. Den ufødde jenta då faren omkom, fekk namnet Regine Helene Jensine. Det var i den tida sin skikk å gje barna mange namn i tilfelle dei ikkje treivst med første namnet.