I siste halvdel av 1800-talet vart det gjennomført ei storstilt utbygging av samferdsla. Det vart bygt fyrstasjonar, sjømerke, hamner, vegar, jarnbaner og telegrafliner over heile landet. Med fyr, sjømerke og hamner kunne ein opprette faste dampskipsruter og ferjer. Den auka kommunikasjonen var med på å knyte folk tettare saman. Bokstavleg tala opplevde folk langs kysten ei ny opplysingstid.

Lyssettinga av kysten vart mangedobla etter at ein ny type oljebrennar vart teken i bruk på slutten av 1880-talet. Den nye oljebrennaren kunne lyse i ei veke utan tilsyn. Oljebrennaren vart sett på eit stativ inne i ei fyrlykt av støypejarn. Rundt brennaren kunne ein setje opp ein rotør. Rotøren gjorde det mogleg å skape formørkingar. Elles hadde ein utstyr til å lage blink eller la det vere eit fast lys. Med lys, blink eller formørking kunne fyrlyktene få sin eigen karakter. Dette gjorde det lettare for sjøfarande å skilje dei frå kvarandre. Karakterane til alle fyr og fyrlykter er merka på sjøkart.

Fyrlyktene tok kort tid å setje opp og kravde mindre arbeid å drive enn fyrstasjonane. I staden for å ha ein eller fleire familiar som passa lyset, kunne ein oppsynsmann ha tilsyn med ei eller fleire lykter. Arbeidet bestod i å passe veiken, fylle parafin og fjerne sot frå glaset. Teknologien fungerte godt, men ein var avhengig av forsyningar av parafin. Parafinen vart lagra i ei eiga oljebud som stod i nærleiken av lykta. Bruken av oljebrennarar i fyrlykter tok slutt i 1996.

På byrjinga av 1900-talet tok fyrvesenet i bruk gassbrennarar i ein del av fyrlyktene. Oppsynsmannen hadde tilsyn med gasslyktene og forsyningane med gassflasker. I dag er alle fyrlyktene elektrifiserte.

Vi skal no sjå kva fyr og fyrlykter som er sett opp i Ulstein.