No er det mest so det er helg alltid. Før var det kvardag når det var kvardag. So kom helga som eit gildt avbrøyte. Serleg jula då. Alt skulle liksom vera unnagjort til høgtida. Det var ikkje so mykje småkakebaking, men lefse baka dei, og ellest brød og finekake. Kavring og klingre kjøpte dei. Etter kvart vart det noke småkake òg. Serleg fatigmann og jødekake.

So skulle husa vaskast ekstra. Veslejulafta skulle det bytast halm og klæde i alle senga, og alle skulle bade den kvelden. Eg synest enno eg kjenner den glade forventning når me nyvaska la oss i reina senga med den gode lukta av havrehalm. So var visa den, at joleafta morgen stod dei upp og begynde å vaska klæ. Då skulle alle – både gang- og sengklæda – vaskast. Ikkje noke skulle ligge skite over jul. Det var sovisst ikkje lett – alle dei tunge heimevovne sengklæda. Mannfolka bar som regel inn vatn kvelden før, både i storegryta og i stampa. Kl. 5 stod mor upp og begynde. So var det kvar ein skulle henge klæda. Ikkje måtte dei henge ute med helga. So det var snore alle stader: i skjylet, i skjåen, på budaloftet, under buda og alle stader ein kunne tenkje. Gunna-Karn fortalde herifrå at dei bar klæ endåtil upp i vårfjøsane. Mor heldt iallfall skikken ved like medan ho vann. Sidan har det vel døytt ut.

Me vaska alltid ferdig husa veslejulafta. So sjølve julafta pynta me treet, bar inn rikeleg ved og vatn, smurde lefse, kanskje steikte vafle. So skulle nokon av oss inn til Olina (det var tanta hans far). Ho skulle ha litt til jul. Ei mjølkespann, ei smørtjuke og ei skål med søst. Hadde me slakta til jul, so var det litt kjøt òg. Ho og mannen sat i ei stove innpå Gardsbøen på Indreflø. So var det gamle-onkel på Ulstein som skulle ha sending til jul. Det var helst spekekjøt og mòr og litt smør og nokre lefse. Det hadde me oftast fått inn før. Han var far sin morbror og var ikkje gift. So han hadde eit rom hjå syster si.

I 2–3-tida bar far inn steika og skar ho, so me fekk begynne å dampe. Det var trepinna lagt i ei gryte med vatn under, me dampa på. Var gryta stor nok, dampa me potetene uppå. Då vart dei so gode, syntest me. So la me flatbrød i bakaromnen, so det vart so sprøtt og godt. Noke grønsaker til var ikkje bruka. Det var kjøt og potete og flatbrød. Medan det kokte, stelte me oss og sette på bordet. I 5-tida åt me steika. Eg synest eg ser oss rundt bordet: Far for høgebordsenden i kvit skjorte. Mor i kvitt storforklæ og me ungane pynta. Ljos på bordet og blankpussa lampe over. God duft av kongerøykelse (som me alltid ha på omnen med jul). So stemde far i Her kommer dine arme små. Den song me alltid ved bordet. Då var jula koma, og velkoma var ho.

Når me ha ete, skunda me oss og bar av bordet og vaska upp. So gjekk me og henta heim bestefar og bestemor. Det var ikkje nokon stor dunge av pakka under treet. Me fekk alltid noke med mor og far, men det var klæplagg som me trengde. Ei hue, eit skjal, eit forklæ e.l. Med bestefar fekk me alltid kvar si sylvkrone. So gav me kvarandre nokre småting. Det kunne vere ei hårsløyfe eller hårspenne. Små posa med perle var svært populære. Dei kosta 20 øre, hugsar eg. Før onkel Knut var gift, bruka han å gjeva oss små leike. Det var einaste leike me hadde. Eg hugsar ei jul me fekk ei lita kokemaskine, ein kjel, ei kanne og tvo små koppa. Å du, for stas det var. Ein gong fekk me domino. Me hadde dei heile vår uppvekst.

Når gåvone var utdelte, vart treet sett midt på golvet, og so gjekk me ikring og song. Bestemor hadde so fin songrøyst. Når me då ha gått litt, fekk me kvar sitt eple og kvar si appelsin. Ei skål med nete vart framsett. Alle knaska med tennå. Knekkjar fanst ikkje i hus. So var det nokon som las høgt or julehefte, so gjekk me rundt treet att. Når klokkå var ½ 9 laga me til kveldsmat. So besteforeldra åt i lag med oss før dei gjekk burtatt. Ved bordet las me andakta for julekvelden og song julesongar. So sat me gjerne og las eller stelte med julegåvone ei stund. Men me heldt tidleg kveld, for viss vêret var til det, skulle me tidleg upp og gå til kyrkje

Burt hos bestefar heldt dei meir på gamle tradisjona. Blant anna skulle alle ha kvar si heil lefse julafta um morgonen. So skulle det strøast småhakka eine på alle golv. Det var so fint på dei kvitskura golva og ga slik frisk ange. Juledagsmorgon stod dei upp kl. 5 og heldt juleotte. Las og song – ljos på bordet i den blankpussa messingstaken. Då eg var hos dei, låg eg inni stova i ein sengbenk. Eg fekk då eit ljos på ein stol attåt senga og salmebok so eg skulle synge i lag med dei. Når andakta var over, gjekk fyrst bestefar ut. Kom so innatt og sa: ”God jul”. So bestemor likeeins. Det kalla dei å bere inn jula. Då fyrst laga dei til morgåmat. So sant det fanst, skulle det vere nysalta fisk attåt maten. Det var far òg nøyen på. Dei gjorde kva dei kunne for å få i julefisk, helst krabbetorsk.

Var vêret sopasss det på nokon måte gjekk an, skulle flest muleg til kyrkje. Bestemor heldt på den gamle matskikken: Middag var det fyrst når folket kom frå kyrkja. Då alltid kjøtsodd. Men i 12-tida var det mylje for dei som heime var. Det var flatbrød. Fyrst slo dei over kjøtkraft so brødet vart mjukt, so sika dei av krafta og ha rikelig med kjøtfeitt på. Skulle det vere litt ekstra, stråla dei litt sirup på. Alle skulle halde seg heime 1. juledag, burtsett frå kyrkjeferda. Men seinare i jula gjekk me til kvarandre. Ingen måtte gå utatt utan å ha fått noke å bite i. Ellest bar dei ut jula, sa dei.

Mellom jul og nyår og utover i helgå, som dei sa, tok dei ikkje fyre seg noke storarbeid. Det var ”lopradage”: Tenarane skulle vere mest muleg fri. Trettandedag og tjuandedag vart rekna som halv helg. Det skulle òg vera steik dei aftå, til og med kyndelsmessafta. Men då kom han ”Kyndelsmess-Knut og jaga jula ut”.  So då vart det ”striskjorte og havrelefse” att. Dei skulle vere klare til torskefisket då. Fjordekarane som skulle vere med i fiskja, kom på dagen. Det var ikkje alltid torsken var so presis.