I ei bok om Sunnmøre står det om Flø at der er gravhaugar frå vikingtida og at ein har utsyn mot Atlanterhavet. Der er nokre gode fiskeplassar, dessutan skal ein kunne gå ut på åkrane og plukke fisk som er kasta opp av sjøen.

Noko av dette er sant, anna er heilt usant. Men i alle fall fortel det lite om bygda. Eg vil no fortelje litt om bygda og livet her for ein del år sidan.

Tradisjonskjensla har vel aldri vore så svak blant ungdommen som i dag. Vi veit lite om kulturen åt forfedrane våre. For å få eit bilete av folket hadde eg eit par samtalar med Ingbert Flø. Han er fødd i 1902 og er såleis ikkje så svært gammal. Men han er eit oppkome av historier og fakta frå gamle dagar. Det han veit om tida før hundreårsskiftet har han frå faren.

Etter dette har eg då prøvd å sette saman eit bilete av Flø i tida frå midten av førre århundre og framover til etter første verdskrigen. Truleg skil biletet seg lite frå det ein har av andre bygder på Sunnmørskysten. Men for oss som bur her, er det mest om å gjere å sjå teikninga av vår eiga bygd.

Flø, 4. februar 1974
Sindre Flø.