For ei stund sidan fekk Ulstein Historielag eit fint foto av Åshild Sivertsen (f. 1926). Fotograf er Olav Hjertenes, og fotoet er teke 17. mai 1960.
Av dei lange skuggane ser me at det er tidleg på dag. Bakerst i barnetoget går skulestyrar Reinhard Høydal. Bak han, i spissen for Gutemusikken, går dirigenten Bård Larsen. Fotoet er truleg teke frå takrestauranten på Stratos, som var ein populær stad 17. mai. Her møttest ungdommen for å flørte, og ungane for å kjøpe is.
Stratos gav oss eit glimt inn i ei eksotisk verd, som me ana fanst der ute ein stad. På fotoet ser me at det er ei uvanleg stor fjøre p.g.a. av lavt havnivå. Dette kalla eldre folk ei «gjøfjøre» på våre kantar. Elles ser me at Sjøgata er under bygging, men ikkje ferdig. Vidare i artikkelen skal eg fortelje litt om fotograf Olav Hjertenes og kva me ser på fotoet
Fotograf Olav Hjertenes, fødd 26.03.1933 og død 14. januar 2020.
Fotograf Olav Hjertenes var frå Selje, der han vart fødd 26. mars 1933. Han var berre 15 år då han fekk lærlingkontrakt hjå den svært respekterte fotograf Lystad i Ørsta. Han vart verande hjå Lystad i tre lærerike og hektiske år. Det 4. året som lærling tok Olav Hjertenes hjå fotograf Jo Benkow på Stabekk. I løpet av dette året fekk han også tid til eit to månaders studiopphald i Danmark.
Deretter arbeidde han tre år til hjå Benkov; der han også tok fagbrevet som fotograf. Jo Benkow ville at Olav skulle fortsette å arbeide hjå han, men Hjertenes valde å reise til Ulsteinvik og starte fotostudio her. Men me kan lese attesten som Jo Benkow gav Olav Hjertenes: «Olav Hjertenes har vært ansatt hos meg i tre år, og slutter nå etter eget ønske. Hjertenes er i særklasse den dyktigste og mest arbeidsvillige mann jeg til dags dato har ansatt.
Det siste år har han på egen hånd stått for mitt atelier i Moss. Hjertenes er en overmåte dyktig retusjør og laborant.» Dette skriv høgremannen, seinare stortingspresident og fotografimeister Jo Benkow til den lovande 23 år gamle fotografen Olav Hjertenes.
Etter å ha slutta hjå jo Benkow, reiste Hjertenes som sagt til Ulsteinvik og opna fotoatelier her i 1956; etterkvart under namnet «Ulsteinvik Foto». Når han kom til Ulsteinvik, søkte Olav Hjertenes kontakt med fotograf Olav Storegjerde, og dei to Olavane hadde fotoatelier i Fjærely-eigedommen. Denne eigedommen låg der som forretningsbygget til Arne J. Eiken seinare vart bygt. Fjærelyhuset var i eldre tid bygda sitt gjestgiveri. Det var også landhandel og postopneri i huset. Seinare flytta Hjertenes fotoatelieret og fotobutikken til Jon Hasund sitt hus i Kyrkjegata. Jon Hasund var onkel til Sølvi Bøe. Sølvi vart enke då mannen, Johan Bøe, omkom på ein ekspedisjon til Svalbard i 1952. Ho vart etterkvart butikkmedarbeidar og sambuar med Olav Hjertenes. Dei budde i Holsekervegen, i huset som Sølvi arva etter faren, Sigurd Hasund. Olav Hjertenes døydde 14. januar 2020.
Fotograf Olav Hjertenes, fødd 26.03.1933 og død 14. januar 2020.
1. BAKKEBUDA
Denne sjøbuda tilhøyrde Johannesbakken ( gnr. 8, bnr. 4). Tunet på Johannesbakken låg bak der kvileheimen seinare vart bygt, opp mot Holsekervegen. Namnet på gardsbruket kom av at eigaren heitte Johannes Ulsteinvik; seinare tok familien namnet Bakke. Familien på Johannesbakken eigde fiskebåten «Kvist», og båten hadde sjøbruket sitt på Bakkebuda. Sjøbuda vart riven i samband med bygginga av Sjøgata.
2.FANNEMELBYGGET
I høgre billdekant på fotoet ser ein litt av Fannemelbygget. Tannlege Mathias Fannemel sette opp dette fireetasjers murbygget ved haldeplassen i 1959. Bygget fekk ein viktig funksjon i sentrum av Ulsteinvik. Forutan tannlegekontor, inneheldt bygget forretningar, postkontor, telegrafstasjon, arbeidskontor og trygdekasse.
3. BRANNSTASJONEN.
Nedst på haldeplassen ligg Brannstasjonen med det karakteristiske skråtaket. Då dette fotoet vart teke i 1960, var brannutstyret svært enkelt. Ved brann vart brannsprøyta teken ut, hekta på ein lastebil og saman med brannslangar og anna utstyr køyrd til brannstaden. Me ser at grønrussen har hengt opp ein plakat over bokstavane 2,3 og 4, men det er uråd å sjå kva som står der. Ei tid var også drosjesentralen i Brannstasjonen. Seinare vart det bygd ny brannstasjon ved dagens Shellstasjon, og no held ein på med å bygge den 3. brannstasjonen i Ulsteinvik framme i Holsekerdalen.
4. TORULF
Rett nedanfor Brannstasjonen låg ferjeleiet, og me ser at bilferja Torulf ligg ved kai. Torulf vart bygd i 1957 ved Ulstein mek. Verksted A/S som byggnummer 11. Torulf var starten på den sjølvstendige skipsbygginga ved Ulstein, og ho er det første stålfartøyet som vart bygd ved verkstaden. Namnet Torulf er ei samandraging av Torvik og Ulfstein; eit høveleg namn på ei ferje som skulle trafikkere strekninga Torvik – Ulsteinvik.
Under dåpen av Torulf hadde Leif Breivik akkurat brent av det siste jernstaget som heldt ferja fast. Ferja byrja sige i det gudmora kasta sjampanjeflaska, men snora slitna, og flaska gjekk i slippen uten å bli knust. Leif kneip tak i struten og kylte flaska etter ferja og traff. Dermed vart eigentleg Leif Breivik gudmor til Torulf. I 1967 vart Torulf seld frå A/L Torulf til Møre og Romsdal Fylkesbåtar, og ei ny Torulf vart bygd.
5. SJØBORG
Julius Ulstein sette opp sjøpakkhuset «Sjøborg» i 1917. Året før hadde Julius fått bygd fiskebåten «Fiskerjenta». Båten hadde sjøbruket sitt på Sjøborg. Ulstein kommune overtok Sjøborg i 1923, og innreidde sjøpakkhuset til kommunehus med dampskipsekspedisjon i første etasje og kommunekasse og likningskontor i andre etasje. Den første tida var ikkje Sjøborg landfast, så for å kome til huset måtte ein gå over ein treplatting som sto på pålar. Men etterkvart vart området utfylt, og der vart haldeplass for rutebilar.
Ei tid dreiv Hans Ringstad fiskemottak og fiskehandel på Sjøborg. I min barndom var Karsten Saunes sjef på dampskipekspedisjonen. Dette var ein ynda tilhaldsstad for oss gutvargane. Me møtte opp på Sjøborg når båtane kom med varer som vart lossa. Karsten Saunes var snill, og han let ungane leike seg både inne og ute, men han var streng når båtane vart lossa, og passa på at me ikkje kom under hiva. Me ser at kommunen flaggar på Sjøborg 17. mai. Vidare ser me at grønrussen har hengt opp ein stor plakat på veggen mot haldeplassen. På plakaten står der: «Kva er subtraksjon» Subtraksjon er å trekke eit tal frå eit anna tal, så plakaten siktar kan hende til ein reknefeil som er gjord på kommunehuset. Huset var i bruk som kommunehus fram til 1967; då vart nytt rådhus teke i bruk i Geilevikja.
Sjøborg vart riven i 1974.
6. SNORREBUDA
Nordvest for Sjøborg ligg Snorrebuda. Arealet mellom dei to budene var ein populær liggeplass for fiskebåtane når det var landligge. På 1860-talet bygde handelsmann P. Chr. Hoel frå Ålesund ei sjøbud på Skeide som vart nytta til trandamperi. Det var denne buda som vart flytta til Geileneset, utvida og oppsett i 1904 og som vart Snorrebuda. A/S Snorre vart skipa i 1902 med Ulstein forbruksforeining som ein av hovudaksjonærane. Det vart også innkjøpt ein ny fiskedampbåt som fekk namnet Snorre. Snorre hadde sjøbruket sitt i Snorrebuda. I 1932 vart Snorre seld, og dei kjøpte fiskebåten Bell i staden.
I fremste enden av Snorrebuda ser me nothenget. Her vart snurpenøtene hengde til tørk etter barking, og når dei ikkje var i bruk. Her vart også notbåtane lagra når dei ikkje var i bruk under sildefisket om vinteren. Me kan så vidt skimte ein notbåt som står inne i nothenget. Då A/S Snorre vart avvikla i 1969, vart eigedommen seld til Ulstein kommune. Seinare vart Sorrebuda ombygd, og buda har dei seinare åra blitt nytta til restaurantdrift. Fiskebåten som ligg ved Snorrebuda er Vattøy M- 101- U. Båten vart bygd i tre ved Brattvåg Båtbyggeri i 1946. Eigarar var Peder L. Vattøy, Andreas K. Vattøy og Gerhard Djupvik.
7. KLOKKEHUSET
Rett over nothenget på Snorrebuda kan me sjå klokkehuset på Osnes gravplass. Gravplassen vart opna i 1924, og klokkehuset vart teikna av arkitekt Johan Osnes frå Iverhaugen ( Gnr.7, bnr. 6). Etter å ha studert til arkitekt, slo han seg ned i Trondheim, og vart ein av landets fremste jugendtarkitektar. Til høgre for klokkehuset ser me husa på Haugen (Gnr.7, bnr. 13). Rett over taket på Snorrebuda ser me eit kvitt hus på Hatløya. Dette er Austbø (Gnr. 37, bnr 8). Her vaks mellom anna Anders Hatløy opp.
8. NAUSTNESET
Rett over taket på Sjøborg ser me husa på Naustneset; frå venstre ser me husa til Knut Gjerdsbakk, Knut Vågeskar og Magnus Flø. Me ser at ein har teke til å lage veg rundt Naustneset, og etterkvart vart heile neset vekksprengt for å gi plass til utviding av Ulstein Mekaniske Verksted A/S. På Naustneset låg i eldre tid jektestøda; vinteropplagsplassen til Osnesjakta.
9. OTTESENBUDA
Ottesenbuda eller Storebuda var ei stor sjøbud som var bygd i 1917 av Johan Ottesen frå Ottagarden (Gnr 7, bnr. 5) på Osnes. Johan Ottesen var fiskebåtreiar og forretningsmann. Han eigde fiskebåtane Ulf M – 56 – U, Just M – 41 – U og Øyulf M – 22 – U. Dette var ei svært stor sjøbud som forutan å hyse sjøbruket til fiskebåtane, også vart nytta til tilvirking og lagring av sild og torsk. Bryggemann på Ottesenbuda var Kornelius Sundgot; populært kalla Bryggen. Sonen, Andreas Sundgot, vart også kalla Bryggen.
Ottesenbuda vart seld til Ole J. Teigene og sønner på Hareid, og mange kalla buda då for Teigenebuda. Siste firmaet som eigde sjøbuda var Martin Karlsen A/S på Brandal. Dei nytta buda til lagring av utstyr på ishavsskutene. Ottesenbuda vart nedbrent i ei brannøving av Ålesund brannvesen i 1980. Denne nedbrenninga var eg vitne til. Eg syntes det var trist å sjå eit slikt prektig byggverk gå opp i flammar.
10. HØGDI (Gnr. 7, bnr. 56)
Rett bak Ottesenbuda står eit flott, kvitt våningshus. Det er huset til Thomas Hatlø og Antonie Ottesen Hatlø. Antonie var dotter til Johan Ottesen, og ho og mannen fekk denne tomta i 1920. Same året vart huset bygt. Thomas Hatlø var med å starte Hatlø Verksted; der han også var disponent. Då sonen, Reinert, rømde over til England under krigen, vart Thomas arrestert og sat på Grini i ni månader. I Levd Liv 2008 har Antonie Ottesen Hatlø skrive ein forvitneleg artikkel om oppveksten i Ottagarden.
11.ADMINISTRASJONS-BYGGET PÅ HATLØ
Til venstre for Ottesenbuda ser me det nye, kvite administrasjonsbygget på Hatlø Verksted A/S. Bygget vart bygt i betong i 1958, og forutan å hyse administrasjonen, var det også maskinverkstad i bygget. I Levd Liv 2012 fortel Åge Hatlø om faren, Leif Hatlø. I denne artikkelen finn ein mange opplysningar om Hatlø Verksted A/S.
SLUTTKOMMENTAR
Eit foto fortel ofte meir enn ord, men då må det vere eit godt foto. Reint kunstnarleg kan me ofte seie: Det var eit godt foto; men av langt større verdi har bilete dersom det også formidlar lokal kulturhistorie. Ei føresetnad er det då sjøvsagt at ein kjenner si eiga lokalhistorie. Olav Hjertenes var ein svært dyktig fotograf som fekk lengste arbeidsdagen sin i Ulsteinvik. Eg har ikkje oversikt over fotoproduksjonen hans, men i årsmeldinga 2019 til Interkommunalt Arkiv (IKA) Møre og Romsdal kan ein lese at arbeidet i fotomagasinet har vore konsentrert om mottak av restarkivet til fotograf Olav Hjertenes (1933 – 2020) i Ulstein. Ein kan også lese i årsmeldinga frå IKA, at dei hadde ein videosamtale med Olav Hjertenes 23.01.2019. Kan hende kan me ved eit seinare høve få presentert meir av produksjonen til fotograf Olav Hjertenes i Levd Liv.
KJELDER
Bygdebøkene for Ulstein og Hareid
Personbøkene av Sverre Bjåstad
Sunnmørsposten
Vikebladet
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal
Levd Liv
Fotografregisteret (Perus museum)
Ulstein Group
Herleiv Saunes (notat)
Johan Ottesen (samtale)
Olav E. Hjertenes var son av Alfred Hjertenæs frå Selje. Olav gjekk tre år i lære hos fotograf Olav Lystad i Ørsta, frå 1.11.1948 til 1.11.1951. Svennebrevet tok Hjertenes hos Benkow på Stabekk i 1953, etter 2-3 månaders formell fagskule i København, Danmark.
Hjertenes fekk fast jobb hos Jo Benkow og dreiv atelieret i Moss etter at Jo Benkow overtok faren sitt atelier på Stabekk i 1955. Hjertenes var god til å teikne og ein særs god retusjør, noko ikkje minst Benkow sette stor pris på. I tre år var Hjertenes tilsett hos Benkow. Då han slutta etter eige ønske våren 1956, dro han tilbake til Ulsteinvik og åpna eige atelier, etterkvart under namnet “Ulsteinvik Foto”.
Bildet ovanfor syner arbeidspulten til Hjertenæs.
Artikkelforfattar
John Osnes
John Osnes er fødd i 1947 i Ulsteinvik. Han er utdanna veterinær og har vore aktiv i politikk og kulturliv i Ulstein. Han er mellom anna interessert i lokalhistorie, og har skrive artiklar i Levd liv tidlegare òg.
Levd liv 2021
Artikkelen er henta frå Levd liv 2021:
Laluna Platebar – Spesialforretning innan plater og kassettar
Livssoga mi
Arbeidsvegen til og frå Hatlø Verksted As
Eit foto fortel
Hallstein Saunes sr.
Johan Ottesen (1859–1938)
Arnvid Ingulf Sigvaldson Hasund
«Gullblokka» er riven
Fiskarbonden på Ulstein
Trufaste slitarar i blått, på Hødd og ULF
Vaks opp på Osnes, gjekk heilt til topps i Fellesforbundet
Mine tidlege år: krigstid
UT-704- skipsdesignet som forandra kysten
Bakardag
Ulstein veks fram
Om noko i artikkelen er feil eller du har tilleggsopplysningar eller aktuelle bilde, så er det fint om du melder til post@ulsteinhistorielag.no
Pluss-medlem
Medlemskap i Ulstein Historielag
Årleg utgåve av tidsskriftet Levd liv
Digital tilgong til alle artiklar
Vi brukar informasjonskapslar for optimalisering av brukaroppleving og marknadsføringsformål. Les meir i vår Personvern