Eilert Sundt utga i 1855 boken «Dødligheten i Norge – bidrag til kunnskap om folkets kaar».

I ei fantastisk samling av data om folk og aldersutvikling, har han mykje om dødelegheita frå 1825 og framover. Nesten 25% av guteborna døde før dei var 5 år og ca 20% av jentebarna. Dette skuldast mykje dødfødslar og heilt klart ernæringstilhøva i oppveksten. Han skriv:

I året 1851 fødtes i landet 24,173 drenge og 22,641 piger. Lad os fatte omtrent halvdelen af dem eller netop 10,000 i tanke, og ved tabellens hjælp kunne vi se, hvorledes livets og dødens lod sandsynlig er delt og vil deles mellem dem. I 1856 vil mellem fjerde- og femte-delen, af drengene noget mere, af pigerne noget mindre, allerede have forladt den ny betrådte skueplads.

Også ved 20 års alderen eller henimod den tid, fra hvilken de fleste mænd og kvinder vandre par og par sammen igjennem livet, er der færre karle end piger ilive; men dette misforhold udjevnes for størstedelen ved den mærkværdige orden, hvorefter der altid for 10,000 piger fødes omtrent 10,500 drenge, så det kan sees, at der endnu ved 20 års alderen i virkeligheden må være flere karle end piger, medens forholdet senere i livet bliver omvendt.

I 1835 var folketalet på Søre Sunnmøre 12 289. i 1845 var det 129 90, ei auke på 700. I perioden døydde 3275. Om vi ikkje tek med innflytting og utvandring, så føddest det i perioden ca 4000. Med 25% dødelegheit så døde det då 1000 born dei første fem leveåra, ca 100 pr år. Mange kvinner døydde i barselseng, mest grunna bløding og infeksjon, men der er ikkje ført statistikk på denne årsaka.

Her er ei novelle om ei av desse skjebnane, oppmuntra av ei verkeleg hending i slekta då mi Oldemor på farssida, Anne Marie Larsdatter Grimstad, døde julaftan 1877 etter at barnet ho fødde, Anna, døydde dagen før. Ho var gift i Botnen med Hans Storøy og hadde bore fram Andreas (1872), Lina Marie (1874) og Johan (min bestefar 1875).