Tanken om å starte eit nytt bygdeblad var nok at ein ville skape eit meir moderne og aktivt blad, der einspaltene i Vikebladet kunne bytast ut med ein betre layout, og eit meir moderne format. I tillegg ønskte ein at også hendingar og aktivitetar i Hareid kunne kome betre fram. Det vart teke kontakt med Thorkildsen i Vikebladet for å få til eit samarbeid. Dette vart avvist.
Så vart bygdebladet starta, som i framhaldet førde til «Vestposten», med Ivar Grimstad som redaktør.
Arbeidet med bygdebladet «Bygda» varde eitt år. Johan H. Grimstad og Magne Grimstad, som hadde starta bladet, fann etter kvart ut at det var vonlaust både å vere travle, engasjerte lærarar og drive eit bygdeblad.
«Bygda» hadde første nummeret i februar 1962, og siste nummeret i desember same året. Vi vil i denne artikkelen sjå kva vi fekk med kvar veke i dei månadene vi gav ut bladet.
NB! Det er grunn til å presisere at bileta i denne artikkelen er henta frå nokre av desse avisene. Dette speglar av den dårlege kvaliteten som avisbilda hadde då.