Denne forteljinga viser at bygde-samfunna våre vart ramma av krigen, sjølv om her ikkje var så mykje direkte krigshandlingar. Det var dårleg med arbeid, matmangel og rasjonering av det meste av det folk trong i sitt daglege virke. Derfor var tydelegvis samhaldet og solidariteten stor, og folket hjelpte kvarandre. Det var vanleg at born frå familiar som ikkje hadde gardsbruk, vart plasserte ut til familiar som hadde gardsbruk, både for å få mat og stell, men kanskje ikkje minst for å hjelpe til på garden. Dette var elles vanleg både før og etter krigen.
Forteljinga er basert på at Ingolf fortalde om denne hendinga då vi jobba i lag på Kleven på 60-talet. Det vekte nysgjerrigheita på å finne ut meir. Bernt Sundgot viste seg å vite ein del om dette då vi budde med dei i 1976-77, og fortalde også utfyllande om dette og andre hendingar ved seinare høve. Hans Botnen var som pensjonist saman med Johan Røren i Gjerdsbakkane og laga ein husmur i 1978. Han fortalde levande om desse hendingane, og var flink å fortelje. Det var først då at mor Alvhild, som var 23 år i 1943, vart interessert i å fortelje om det som hende rundt kvernhuset denne krigsvinteren. Ho visste ikkje kva som hadde skjedd denne natta, men bestefar fortalde om morgonen at det kanskje ville kome tyskarar i løpet av dagen, for det hadde vore krigshandlingar i Dragsund om natta. Han var bestemt på at ingen måtte seie at kverna hadde vore i bruk til kornmaling, for no var den rigga med reimskiva og ryttarane var sett ut. Ryttarane var pålar med reimskiver på toppen som reima gjekk over – opp til løa til drift av for eksempel treskeverket.
Det var sikkert mange slike hendingar i bygdene våre under krigen, men mykje har nok forsvunne med generasjonen før oss – som ikkje syntest det var noko å snakke om. Dei hadde vel rett, dei ville helst gløyme. Men for oss i ”dessertgenerasjonen” er dette spennande, litt romantisk og ikkje minst må det ha vore dramatisk for dei som opplevde det. Det er ikkje så lenge sidan, kvernhuset står der, Tjønna med demninga og delar av vassvegane ligg der, sundet ligg der og kan passerast tørrskodd på fjøre sjø som den gongen, men ingen går vel der i våre dagar på flo sjø? Kvalneset ligg der, men ingen der har sidan høyrt kverna i Gjerdsbakkane, – i dag er det Gjerdsbakkane som høyrer ”Kvenna” på Kvalneset – steinknusaren.
Kjeldene til denne forteljinga var i sin beste alder i 1943; Bernt ( f.1900) 43 år, Hans (f.1903) 40 år, Ingolf (f.1907) 36 år, Alvhild (f.1920) 23 år, Melvin (f.1922) 21 år.