Mine første barndomsminne, og nokre glimt frå då Noreg var hærteke av tyskarane. Eg er fødd 19. juni 1940, så Noreg var alt under tysk kontroll då eg vart fødd. Eg vil tru at min minnehorisont er frå ca. 3 års-alderen og til eg var 5 år, altså frå 1943 til 1945. Sjølvopplevde minne frå krig set seg gjerne fast i eit barnesinn, som om det var i går.
Radioapparat
Mor og far verka stødige og trygge, men samtidig var der ein slags skugge over huset vårt. Far, Asbjørn Ulstein, dreiv illegalt arbeid på sin måte. Han hadde kunnskap om radio, kunne både reparere og lage radioar. I Lisjeberget ute ved Ivagarden på Ulstein, der far var frå, var det gøymt mange delar til radioar.
Radio var svært viktig i den tida, så kunne dei høyre nyhende frå London og om krigen sin gang ute i verda. Ja, det kunne også komme meldingar til det norske hemmelege motstandsarbeidet (Heimefronten etc.). Radioar blei sende til far heilt frå Stadtlandet for reparasjon, gjerne med ein lovnad om ein liten klatt smør til betaling – som vi gjerne aldri fekk. Likevel reparerte han gjerne utan betaling. Radio var viktig. Det var to måtar radioane blei sende til Ulsteinvik på. På Larsnes var der ein buss som vart kalla “Lisjebussen”.
Denne blei gjerne brukt når ein skulle transportere tyskarar til Ulstein-vik. Var det ein dag det skulle vere mange tyskarar med, blei det gjerne laga til ekstra sitjeplassar. Ein radio eller to blei pakka in og tyskarane sat på desse, heilt til Ulsteinvik. Den andre måten var at slaktaren som for bygdene rundt, tok radioar med til far. Eg ser for meg ein dag eg var i butikken saman med far. To tyskarar handla, eller hadde eitt eller anna føre seg ved disken. Brått kom slaktar Rasmussen (med kallenamnet ”Primus”), letta på døra, slengde ein sekk innanfor og ropte: ”Her er raskjet ditt, AU”. Far vart kalla AU på folkemunne.
Tyskarane reagerte ikkje, kanskje var det den direkte frekke handlemåten som gjorde at dei ikkje sjekka sekken, eller også kunne det vere samtalen med far. Far var svært god i tysk språk, så han kommuniserte lett med tyskarane, derfor likte dei han. Far var redd for å verte teken for å vere jøde, med sitt svarte, stive og småkrølla hår. Mussolini var venn med tyskarane, derfor fortalde far at vi var av italiensk slekt. Dette hadde si årsak i at ein båt i farne tider hadde stranda på Flø, og at vi var etterkommarar etter ein italienar. Far var vanlegvis ein sannferdig mann. Kanskje var dette ein av dei få gongane han laug.
Ein gong hadde tyskarane som var i Dragsundet brukt radioen der. Denne skulle berre brukast av sjefen. Han hadde vore på reise. Far fann feilen, tok ut delen og sende den på en lang reise til Bergen, med spørsmål om ny del. Ny del kom aldri tilbake før krigen var slutt. Dette var ein av far sine måtar å sabotere på. Far hadde register over alle som eigde radioar i området her. Det var knytt opp mot ein klisterlappe med nummer på på baksida av radioen. Boka til far og radioen sitt nummer skulle stemme overeins. I den samanhengen hadde det seg slik at her var ein ulsteinvikar som hadde vore med NS før krigen. Men han var ikkje særlig aktiv då det vart krig. Denne mannen var ofte på Hatlø-verkstaden. Kanskje arbeidde han der. Ein annan mann, kalla “Vetlen”, var også på verkstaden nesten kvar dag. Han skrytte av at han hadde radio i Volleskogen, og høyrde dagleg sendingane frå London. Samtidig mobba han denne NS-mannen. Ein dag vart det nok for NS-mannen.
Han tok på seg full NS-uniform, fekk med seg fleire tyskarar, og så gjekk dei manngard i Volleskogen til dei fann radioen. Så barst det inn til far for å kontrollere eigarskapen til radioen i registeret.
Far hadde alt då heldigvis fiksa på registeret slik at det ikkje var “Vetlen” den var registrert på, men Ansgar Brusdal. Ansgar Brusdal hadde ikkje same etternamnet som “Vetlen”, men var ein gut frå Ålesund som var oppfostra hos “Vetlen”. Ansgar hadde for lengst rømt til England, så han var ikkje så god å få tak i for tyskarane. Dei tok likevel “Vetlen” og sende han til fangenskap i Trondheim i første omgang. Men på grunn av at radioen ikkje var registrert på han, slapp han etter kvart fri. Viss Ansgar hadde vore sonen hadde også det at han hadde rømt til England vore ein grunn til vidare fangenskap. Den mest spennande situasjonen var nok ein av gongane far reparerte radio for våre motstandsfolk. Vi hadde ein liten hage mellom huset vårt og huset til Gustav og Olga Osnes. Der var nokre bærbusker i hagen. Erling Grønmyr (med til-namnet ”Prikk”) og ein til sat gøymde i mørkret nede i buskene. På samme sida av huset var det eit vindauge i andre etasje. Innanfor vindauget var det ein radioverkstad.