til aa stella med kyrkja. Loft og veggjer er trakt med lerett, og der er maala utanpaa. Arbeidet er no mest ferdigt, det vantar berre noko av maalingi paa stolane. Naar du no kjem inn i Ulsteinskyrkja, er ho som eit heilt nytt hus. Du ser med ein gong at her hev ei hag hand og eit vart kunstnarauga skapt noko som vil gleda kyrkjelyden. Der er helg og høgtidsdaam i huset. Mjukt fell fargane i hop. Fagre er prydingane, og vare, so der ikkje er noko som liksom ropar; Sjaa hit, sjaa paa meg.
Alt i hoplagt virkar som ein varm gamall salmemelodi, som er med og aukar andagten under gudstenesta. Johan Haddal er meister naar det gjeld norsk prydkunst. Han er ikkje av dei som held seg fram. Putlar med sitt, og maalar rosar paa skrin og skaap. Han meistrar fleire fargar enn nokon annan av dei rosemaalarane som eg kjenner. Prydkunsti si hev han til dessar for det meste berre faat synt her heime paa einskilde husogner. Berre ein gong før hev han so vidt eg veit faat høve til aa leggja planen til eit noko større arbeid og føra honom igjenom. Det var daa han for nokre aar sidan fekk raada seg fritt i tri rom hjaa gardbrukar Ola Erdal i Barstadviki. Og dei som hev vitja den gjestmilde garden, hev set korleis den ligg der med noko av eventyrglansen yver seg, naar ein kjem inni um døri. Det er den norske folkekunst i fargar Johan Haddal hev teke upp att. Og til arbeidet med kyrkja hev han butt seg paa den maaten at han hev set ymse kyrkjor som gamle bondefødde kunstnarar hev pryda, serleg den i Stordalen og Gjemmestadkyrkja i Nord-fjord. Prydingane i Ulsteinskyrkja er soleis bygde heilt igjenom paa den norske og vestlandske kunsthaatten. Difor vert og bygdefolk so glade naar dei kjem inn i kyrkja si. Fargar og linor tek folk med eige duld magt, som den gamall god arv hev, naar han vert leitt framatt. Prydingane finn ein paa preikestol og galleri, paa dørene i koret som saman med raama kring altertavla er eit kunstverk med høgt verd, og so under det flate loftet.
Det er vel einskilde ting som Haddal sjølv ikkje er rett nøgd med av det han hev gjort, og han hev vel rett i det. Men arbeidet hans er slik gjort, at den som kjem inn fester seg ikkje ved dei smaa feili. Det er samspelet fraa alle fargar og alle prydingar som tek ein med ei eigi sterk magt. Men kyrkja er endaa ikkje ferdig. Tavlone for salmenumri stend att. Haddal skal gjeva teikning til nye tavlor og maala dei. Ein ny døypefont trengst ogso. Um ein steller det ein kann paa den som er, so vert han likevel so altfor fategsleg i det væne huset. Han er nok av tre, men han er likast av alt ein av desse jarnvaskeservantane som ein kann kjøpa for eit par krunor paa kva for ein jernvarebutikk ein vil. Heller ikkje er altertavla slik at ho høver til huset. Ho ber alle merke av at det er ein diletant som hev laga henne. Ny er ho ogso, so der er ingi umsyn til pietet og slikt noko som knyter seg til henne. Ein kann difor godt bytta henne, helst med den gamle altertavla, som ikkje vart sett upp att da kyrkja vart flutt. Lat Haddal faa fli henne og, og set henne so den paa den gamle stolen hennar.