Mellom alt det store og verdfulle som grodde fram frå reformasjonen, finn vi og den kristne barneoppsedinga.
«Skal kristendomen koma på fote atter, lyt vi sanneleg ikkje gløyme borna,» seier Martin Luther. «Det finst ingen større skade i kristendomen enn å oversjå og setja til sides borna.»
Sundagsskulen, såleis som han no vert driven, har sitt opphav frå England. Bokprentar og redaktør Robert Raikes, tok til med den fyrste sundagsskulen i byen Gloucester 1780. Han hadde som arbeidsmotto:
«Ein lyt ta til med borna!» Det har synt seg vera sant på alle livsomkverve. Arbeidet spreidde seg frå land til land, og er no brukt som arbeidsreidskap i Gudsrike overalt der det finst kristenarbeid i verda. Til Noreg kom sundagsskulen for godt 100 år sidan (1844). Han har gått som ein vårsus over heile landet. Ofte har han vore som ein god åndeleg barometer i byane og bygdane våre. Kom det åndeleg nybrots- og vekkingstider i ei bygd, grodde og blømde også sundagsskulearbeidet fram. Såleis var det og her i Ulstein. Dei eldste her i bygda som no lever, hugsar at det i 1875-76 gjekk ei sterk åndeleg vekking over bygda. Serleg var det gardane frå Ulstein til Botnen som vart gjesta av fornying og åndeleg liv. Truleg er dette den fyrste større vekking her. Indremisjonen fekk ny kveik og nytt liv. Mange fekk trong til å hjelpa ungdom og born, «så dei kan verta verande hjå Kristus».
I kring 1882 kom ein bakarsvein til handelsmann Rasmus Ulstein, Peder Helland var namnet hans. Han var frå Haugesundskanten og var ein varm kristen ungdom. Sundagsskulearbeidet var han vel kjend med frå heimbygda si. Han var glad i dette arbeidet, og vilde gjerne gjera noko for borna. I samråd med Johannes Wolle, som då var ein av hovedstolpane i kristenarbeidet her, vart dei samde om å samla borna på Osnes til sundagsskule.
Peder Helland vart ikkje verande rett lenge i Ulstein. Han reiste seinare over til Amerika, vart prestelærd og fekk sitt arbeid der. Den vesle starten hadde livsspiren i seg. Johannes Wolle heldt fram med arbeidet, skiftevis på gardane Osnes og Ulstein. Så sant det var råd, heldt han det fast gåande utan avbryting like til han døydde 1. juli 1888.
Wolle var heldig med å få med i arbeidet ungdomar som hadde både trong og kristenkjærleik. Dei vart grepne av dette arbeidet og stod trufast med heile livet. Nokre av desse vil vi alt nemne her: Petra Wolle (dotter til Johannes), Henrikke O. Ulstein, Martinus Osnes og bror hans, Hans Osnes, Johannes J. Osnes m. fl.
Då Johannes døydde var det Martinus Osnes som vart leiar for desse barnemøta like til 1894. Ein trufast varmhjarta arbeidsbolk var desse åra for sundagsskulen i Ulstein. Det grodde rikt etter desse grunnleggingsåra.