Området mellom Osnes og Flø er rikt på fornminne. I hovudsak dreiar dette seg om gravminne, som kan daterast heilt tilbake til bronsealderen. Kulturlandskapet kan definerast som eit unikt kystlandskap, som vitnar om busetting i lange tider. Sommaren 2010 vart det sett i gang eit skjøtselsprosjekt på nokre av gravhaugane i samanheng med skilting av kulturminna. Målet med skjøtsel er å rydde kulturminna for mest mogeleg vegetasjon, søppel og andre ting som skjemmer kulturminna. Attgroing har blitt eit større problem etter at færre dyr beitar på markane. Samtidig kan beiting på kulturminna også gjere skade dersom kulturminnet er ustabilt eller i fare for å rase ut. Det er derfor viktig at ein arkeolog kan vurdere kor vidt kulturminne tåler ytre påverknader som for eksempel beiting.
Arbeidet som vart gjort på og rundt kulturminna på Ulstein og Flø var starten på eit skjøtselsarbeid som på sikt skal sørgje for at kulturminna vert betre synlege og stelte. Kontakt med grunneigarar, og avtalar om rydding av vegetasjon er også viktig for at skjøtselen skal kunne ha ein langsiktig verknad. Eg vil vidare presentere kva kulturminne som vart prioritert i skjøtselsarbeidet sommaren 2010, samt korleis arbeidet har arta seg, og kva som må gjerast vidare.
Omgrepa kulturminne og kulturmiljø
Definisjonen av kulturminne, er alle spor etter menneske i vårt fysiske miljø, samt lokalitetar som er kopla til historiske hendingar, tru eller tradisjonar. Eit kulturmiljø er eit område der fleire kulturminne inngår i ein større heilskapleg samanheng. I forvaltninga av kulturminna, og i kulturminnelova skil ein mellom automatisk freda kulturminne eller fornminne – og kulturminne frå nyare tid. Omgrepet automatisk freda kulturminne og fornminne brukast ofte synonymt.
Kulturminnelova inneheld ei omfattande og detaljert opplisting av kva kulturminne som blir rekna som automatisk freda etter lova, jfr. § 4. Dette er kulturminne som er verna på grunnlag av sin høge alder. Dette handlar om alle kulturminne frå førhistorisk tid, samt historisk tid fram til reformasjonen. Dette vil seie, frå før 1537. Lova inneheld eigne bestemmingar for freding av samiske kulturminne, og maritime kulturminne i form av skipsfunn.
Dei vanligaste formene av kulturminne er gravminne, steinalderlokalitetar, ulike typar av hustufter og diverse groper (stolpehol, eldstader, kokegroper m.m.) nedgrave i undergrunnen. Ei fullstendig oversikt over automatisk freda kulturminne finst ikkje, og det kjem det aldri til å gjere. Ein reknar med at ca 10 prosent av alle kulturminne er kjende. Dei øvrige er ikkje synlege eller vanskelege å sjå på markoverflata, eller ikkje registrerte.
Om ein planlagt reguleringsplan eller ei utbygging kjem i konflikt med slike automatisk freda kulturminne, må det søkast om dispensasjon frå kulturminnelova. Ved ein slik dispensasjon eller frigiving, føreset kulturminnelovas § 10 at tiltakshavar tek utgiftene for dei arkeologiske undersøkingane.
Kulturminne frå nyare tid omfattar kulturminne frå etterreformatorisk tid. Det vil seie kulturminne som er yngre enn 1537. Desse kulturminna har meir eller mindre stor verneverdi, men er ikkje automatisk freda. Dei kan bli freda ved vedtak etter § 15 i kulturminnelova, regulerast til bevaring eller sikra på kommuneplannivå etter plan- og bygningslova. I SEFRAK-registeret er kulturminne frå før år 1900 (hovudsaklig ståande bygningar) registrert. I nokre tilfelle er også kulturminne frå etter 1900 med i SEFRAK- registeret.
Metode
Arbeidet som vart utført på Ulstein og Flø, var i form av skjøtsel av synlege kulturminne. Det dreia seg hovudsakleg om gravrøyser frå bronsealder og jernalder. Arbeidet inneber å hindre attgroing av kulturminna, samt rydde dei for søppel og rot. For å fjerne det meste av vegetasjonen vart det nytta sag, rotsaks, øks, kantklippar og greinsaks.
For å hindre vegetasjonen mest mogeleg frå å vekse opp att, vart det også nytta ein metode som vert kalla ringbarking. Denne metoden er meint på større tre og går ut på å skjere av eit belte av barken på stamma. På denne måten kuttar ein næringsstraumen til treet, og rota døyr.
Ytre Flø, Børabakken
Heilt ute ved munningen av Ytreflødalen ligg det tre mindre kystrøyser like over dagens strandnivå. Røysene vart først kartlagde under dei store ØK-registreringane i 1979. Røysene var vanskelege å sjå då dei var sterkt attgrodde av gras, lyng, einer og andre buskvekstar. To av røysene (idnr 35542 i askeladden) ligg like ved kvarandre med ein avstand på ca tre meter. Røysene er runde og har begge større plyndringsgroper. Den tredje røysa (idnr 55319 i askeladden) ligg noko lenger aust for dei to yttarste røysane og er noko mindre tydeleg. Området ligg like søraust for det store Håskjeret i nordvest. Området kan beskrivast som ei gammal strandflate, like nedanfor den bratte Børabakken. Frå røysene er det fin utsikt mot Godøya i nord.
Desse røysene vart spesielt vektlagt, då det er dei røysene vi veit minst om av røysene innan skjøtselsområdet, samt dei som var mest attgrodde. Det var derfor viktig å få dei fram i dagen og bevisstgjere oss om at området har hatt ei betyding i forhistoriske tider.
Røys 35542 A
Gnr. 1/0: Dette er den røysa (idnr. 35542 i askeladden) som ligg lengst ute av dei tre røysene på Ytre Flø. Røysa var tett attvaksen med torv, einer og lyng. Det var vanskelig å fjerne all vegetasjon på denne røysa då vegetasjonen hadde eit godt rotfeste, men gjennom fjerning av buskvegetasjon og ein del laus torv kom røysa fint fram i dagen. Røysa er rund i form, og har ei plyndringsgrop i midten. Mykje av arbeidet gjekk på å klippe djuptgåande røter som klynga seg rundt dei store røyssteinane, samt kle av større torvbitar som var grodde med røsslyng. Det vart lagt vekt på å rydde plyndringsgropa, samt rydde fram eit best mogeleg omriss av røysa.
Røys 35542 B
Gnr. 1/0: Røysa (idnr 35542 i askeladden) er mykje lik Røys 35542 A og ligg om lag tre meter lenger vest. Røysa var noko enklare å rydde, då torva ikkje var like fastgrodd som røys A. Då røysa i utgangspunktet nesten var usynleg, vart resultatet av skjøtselen særs bra. Størsteparten av steinane kom fram i dagen, og røysa er godt synleg i landskapet. Denne røysa er også av mindre storleik og rund i form. Det er ei djup plyndringsgrop i midten, og ho var lettare kledd med mose og torv. Det var hovudsakleg røsslyng og mindre trevekstar som dekte røysa. Det vart prioritert å rydde fram plyndringsgropa samt best mogeleg omriss av kanten. Dette vart vellykka, og gravminnet viser no godt framme i dagen.
Røys 55319
Gnr. 1/0: Denne røysa (idnr 55319 i askeladden) er den fyrste av dei tre røysene du møter når du går på nordsida av Børabakken. Den ligg ca 50 meter lenger vest frå dei to andre røysene som er nemnt over. Røysa var kraftig attgrodd av einer, lyng og andre buskvekstar. Ein god del av røysa er no synleg, men det var ikkje mogeleg å fjerne all vegetasjon. Ho er ikkje like karakteristisk som dei to naborøysene i aust (idnr 35542 i askeladden) og har meir ujamne kantar. Det kan sjå ut som ho også har teikn til plyndringsgrop, men den er ikkje veldig tydeleg. Røysa er meir attgrodd og ligg ”djupare” i jorda. Trass i dette er røysa no godt synleg i landskapet etter skjøtsel, men det er rom for å gjere meir.
Oppsummering
Det vart lagt mykje arbeid i få fram desse røysane, då dei er røyser som ikkje tidlegare har vore særlig tydelege i landskapet. Gravminna var alle svært attgrodde, og det var til tider tungt å rydde dei. Etter skjøtselen var dei lett synlege både frå toppen av Børabakken og frå fjøreområdet.
Ytre Flø
Når ein køyrer hovudvegen til endes mot Ytre Flø, kjem ein til ein grusveg/driftsveg som går ut mot Hoksteinen. Langs denne grusvegen ligg det fleire større gravrøyser mellom vegen og sjøen. Disse kystrøysene, som dei vert kalla, er store og runde og ligg nærast på ei linje. Dei røysene som vart drive skjøtsel på, er Harhaugen (idnr. 55318 i askeladden) som ligg lengst mot nordaust, Læsshaugen (idnr. 55320 i askeladden) og Stonghaugen (idnr. 6075 i askeladden)
Røys 55318, Harhaugen
Gnr. 1/14: Røysa som vert kalla Harhaugen (idnr 55318 i askeladden) var sterkt attgrodd med mose. Det var også ein god del buskvekst i plyndringsgropa, samt ein del skrot som betongrør, plastrør, treverk og metall. Mosen var hovudsakleg meir eller mindre laus på toppen av røysa og noko tyngre i kantane. Tre og buskvekst i plyndringsgropa vart klipt og teke bort og søppel vart fjerna. Røysa vart etter skjøtsel ei ryddig gravrøys. Det var vanskeleg å få ein tydelig ytterkant av røysa på den nordlege delen, då denne var tildekt av gras. Det var omfattande og tidkrevjande arbeid å rydde denne røysa, då ho er relativt stor.
Røys 55320, Læsshaugen
Gnr. 1/3: Røysa (idnr. 55320 i askeladden) er ganske lik Harhaugen (idnr. 55318 i askeladden). Ho er relativt stor og har ei plyndringsgrop i midten. Den var sterkt overgrodd med mose, og nokre skot av rogn. Det var også noko søppel i form av treverk, metallskrot og plast. Dette vart fjerna. Mosetakinga var også her spesielt tidkrevjande, då noko av mosen var nokså tungt grodd. Det vart køyrt vekk ein heil del mose frå denne røysa. Trass i dette ligg noko att rundt røysa. Vi håper sogelaget eller kommunen kan halde fram med skjøtselen her.
Røys 6075, Stonghaugen
Gnr. 1/4: Denne røysa (idnr. 6075 i askeladden) er kanskje den som var mest arbeid med. Det er den første røysa ein møter på når ein startar på driftsvegen mot Hoksteinen. Det var mykje lettare grodd mose på røysa i nordlege enden, og på den sørlege sida var det mykje rogntre, busker og torv/gras. Her vart alle tre ringbarka, bortsett frå to rognklynger som stod ved steingjerdet som dannar hageelementet. Rosebuskene og bærbuskene vart også bevart. På den nordlege sida av Stonghaugen er det nokså bratt, og moserydding måtte gjerast forsiktig for at ein ikkje skulle bevege på stein. Noko mose vart her plukka vekk, men det er framleis rom for meir arbeid på denne kanten. På den sørlege sida av røysa, vart det fjerna ein del buskvekstar som bregne, lyng og mindre treskot. Her veks det fin grasmark opp mot haugen som vart klipt med kantklippar. På den vestlege sida av haugen er det ein oppmura steingard som dannar eit hageelement. Her vart det slått med kantklippar, samt fjerna ein del trevekstar.
Her kan det gjerast endå meir skjøtsel, då skjøtsel på denne haugen var veldig omfattande. Håper sogelaget eller kommunen kan hjelpe til her.
5.3 Ulstein
5.3.1 Røys 35546-1
Gnr. 5/9-2: Dette er ei røys (idnr. 35546-1 i askeladden) med synleg hellekiste. Røysa var sterkt attgrodd med vegetasjon. Høymole, einer, gras, rogn og diverse andre buskvekstar. Det vart her fokusert på å få omrisset av røysa. Hellekista, som er mura, er noko utsett for å rase ut. Derfor valde eg å vere forsiktig med den vegetasjonen som var her. Den kan fungere stabiliserande for konstruksjonen inntil ytterlegare tiltak vert gjort. Det høge graset vart klipt ned og buskvekst fjerna, bortsett frå rosebusker. Det vart her i hovudsak brukt kantklippar, greinsaks og sag. I hovudsak er det høymole og gras som er den dominerande vegetasjonen her.
Diverse
Det ligg ein gravhaug (idnr: 6076 i askeladden) på Gnr. 1/7 på Ytre Flø. Den er hovudsakleg dekt med gras, og mindre buskvekster. Det er gjort avtale med grunneigar om å slå graset på denne gravhaugen. På Eigedom Gnr. 1/2 ligg det også ei gravrøys (idnr: 6077 i askeladden). På denne røysa veks det større tre. Grunneigar ville sjølv ta ned trea, og rydde på denne røysa.
Evaluering av arbeid
Skjøtsel på desse røysene var omfattande. Vanskelig tilkomst gjorde at vekkøyring av vegetasjonen var problematisk på røysene ved Børabakken. Det tek ca 15 minutt å gå frå enden av driftsvegen og bort til røysene. Vegetasjonen vart derfor boren vekk frå røysområdet, og samla opp ved eigna plassar mot fjøra.
Generelt sett har skjøtsel av røysene fått ein god start. Dette er omfattande arbeid som er tidkrevjande, men gir gode resultat. Eg ser at det kan gjerast ein del meir skjøtselarbeid på røysene mellom Ulstein og Flø. Det er positivt at grunneigarar ønskjer å engasjere seg for å hjelpe til med skjøtselarbeid. Dette gjer det enklare også for arkeologen å prioritere kva kulturminne som må prioriterast.
Kjelder
www.sunnmorskart.no
askeladde.ra.no
Artikkelen er henta frå rapporten etter skjøtselen av kulturlandskapet Osnes – Flø frå 2010