Presis klokka ti vart bålet på Brunene tent. Bål skal eigentleg tendast ved midnatt på jonsokaftan, men vi tok omsyn til småungane, og let nåde gå for rett. Vi hadde no bålet på Storvikholmen og sjå fram til.
Vaksne heiv solarolje på bålet, så det tok skikkeleg fyr, og flammane stod til vers i sommarnatta. Det var eit flott syn. Vi hadde samla til bålet i vekesvis, og no såg vi at det var verdt alt slitet. Det brann berre så alt for fort ned! Ei elv som rann rett ved, gjorde det lett å sikre seg at det ikkje flamma opp att etter at folket var gått.
No var det tid å kome seg i båt over til Storvikholmen, som i den tid verkeleg var ein holme. På fjøre sjø kunne vi gå ut, men vart ein der lenge, kunne floa kome, og då var det krise. Bålet på Storvikholmen var bålet med stor B. Nærast heile Ulsteinvik kunne sjå det bålet frå vindauga sine, så dette var nesten offisielt. Jonsoknatta fekk vi vere ute så lenge vi ville, trudde eg, men som regel var vi temmeleg utslitne etter at bålet på Storvikholmen hadde brunne ned, så då søkte vi heim.
Eg hugsar forresten ei jonsoknatt då eg i staden for å gå heim overnatta hos Inger Sylvi, syskenbarnet mitt, som budde hus i hus med oss. Å bevare meg vel! Då eg kom heim ut på formiddagen ein gong, møtte eg begge foreldra mine pluss ei tante i gangen. Alle tre var like stumme og bleike av redsle som nett då slo over i ras-eri. Det viste seg at dei hadde køyrt rundt og leitt etter meg halve natta, og no var eg nærast avsyrgd.
Alt diplomatisk samkvem var brote til eg langt om lenge fekk forklart meg. Då stupte dei utslitne og letta til køys eit par timar. Det var diverre ikkje siste gongen eg gløymde å seie ifrå, men til mitt forsvar må eg minne om at dette var lenge før mobiltelefonen sitt inntog, og langt dei færraste hadde vanleg telefon.
Når eg no i ettertid ser tilbake på jonsokfeiringane i Gjerdeløa, minnest eg det som noko av dei gjævaste minna frå oppveksten. Det som slær meg er kor sjølvhjelpte ungane var. No for tida har eg kjensle av at foreldra er med å arrangere nærast alt ungane skal vere med på, og det må vere svært travelt.
I dag ser eg på den 23. juni som ei plage: No snur sola igjen! Men så går tankane til fordums jonsokfeiring og til Hjørdis og Magnulf Osnes som let oss få herse på løa deira nesten utan restriksjonar i år etter år. Stor ære til dei!