Området mellom Osnes og Flø er rikt på fornminne. I hovudsak dreiar dette seg om gravminne, som kan daterast heilt tilbake til bronsealderen. Kulturlandskapet kan definerast som eit unikt kystlandskap, som vitnar om busetting i lange tider. Sommaren 2010 vart det sett i gang eit skjøtselsprosjekt på nokre av gravhaugane i samanheng med skilting av kulturminna. Målet med skjøtsel er å rydde kulturminna for mest mogeleg vegetasjon, søppel og andre ting som skjemmer kulturminna. Attgroing har blitt eit større problem etter at færre dyr beitar på markane. Samtidig kan beiting på kulturminna også gjere skade dersom kulturminnet er ustabilt eller i fare for å rase ut. Det er derfor viktig at ein arkeolog kan vurdere kor vidt kulturminne tåler ytre påverknader som for eksempel beiting.