Borghild Landre Hatlemark

Borghild Hatlemark starta som jordmor i 1916, og fram til ho slutta i 1956 hadde ho teke imot 2000 born. For dette arbeidet mottok ho 1. juli i 1957 Kongens Fortenestemedalje.

Borghild Landre Hatlemark.

Boss og SSR

Den 15. juli 2009 vart avfallsplassen på Eidet lagt ned. SSR ville i 2010 starte med å tilbakeføre området til slik det ein gong var. Avfallsplassen på Eidet var opna i 1994, og i 2005 var SSR 25 år. På slutten av 1990-talet hadde SSR opna sortertingsanlegg for grovavfall i Saunesmarka. Litt etter kvart dukka ein ny idé opp; kva med å gjere den gamle grovavfallsplassen på Eidet til hageavfallsplass? Slik vart det, og slik er det den dag i dag.

Saunesmarka. Bildet er frå desember 2023.

Boss, bossanlegg og kloakk

Midt i januar 1990 leverte bossbilane den siste lasta si til bossbrenningsanlegget i Saunesmarka. Så skulle arbeidet med å rive skorsteinen og omnane starte. Etter at rivinga var ferdig, skulle dei setje inn portar i underetasjen som mellom anna skulle brukast til garasje. No skulle bosset køyrast til Grautneset.

Artikkelen er henta frå boka "Ulstein veks fram".

Bossbrenningsanlegg

Ei av sakene som endeleg var i ferd med å finne si løysing, var bossaka. Bossplassane både i Hareid og i Fløstranda i Ulstein var i ferd med å bli sprengde. Men no skal Ulstein og Hareid samarbeide, og dei har samla seg om eit bossbrenningsanlegg i Saunesmarka i Ulstein.

Sjølv om det hadde teke si tid, var det stor optimisme då forbrenningsanlegget i Saunesmarka starta i januar 1982. SSR rekna med at anlegget også ville produsere mykje energi. Utover året blir det klart at også Herøy ville bli med.

Brennevin og forbod

I 1926 kom der ei høyring som demonstrerer haldninga i folket, og kanskje også den sterke stillinga til kristendom, kyrkje og bedehus i Ulstein: I 1926 var striden for eller mot brennevinsforbod på det hardaste. Han var også aktuell for kyrkja. Kyrkjedepartementet sende ut skriv med forbod om å halde foredrag for eller mot brennevinsforbodet i landets kyrkjer. Hausten 1926 var det folkeavstemming om forbodet. Dei røysteføre i Ulstein møtte mannjamt opp. Det skal vi straks kome attende til.

Artikkelen er henta frå boka "Ulstein veks fram".

Brønnen i Haugehuset

Tomta til huset vårt blei utgraven i 1934. Dette var på Osnesgarden, og bruksnummeret vårt vart 107. Far, Karl Johan Hauge, stod som eigar av eigedomen, som fekk det velklingande namnet «Heimro».

Under utgravinga dukka det opp ei vassåre i atterkant av tomta. Det vart då bestemt å grave ut ein brønn. Det vart sett opp ein kant i ca. 1,25 meter høgde over golvnivået. Brønnen var ca 2 meter lang og 1,5 meter brei. Eit kraftig tredekke vart lagt på toppen. I framkant av tredekket vart det laga ei luke. Sjølve brunnen var om lag 1,5 meter djup.

Bustadbygging og utvikling

1980-talet var eit innhaldsrikt tiår for utviklinga i Ulstein. Kommuneleiinga visste at det var avgjerande for næringslivet at det var tilgang på husvære og tomter, både for tilflyttarar og innfødde. 1979 hadde vore eit bra byggjeår i Ulstein kommune; 50 bustadhus med 58 husvære vart sette i arbeid. Dei fleste av husa kom til i bustadfelta Hofsetmarka og Sundgotmarka. Men Flø figurerte no endeleg på bustadstatistikken med fire hus, og likeeins Eiksund med fire hus.

Byggjefeltet Bugarden.

Butikkar og folk i Vik før i tida

I 1950 flytta familien min til far sin barndomsheim på Reiten. Eg fylte 9 år den hausten. Å gå ein handletur inn til Vik var heilt forskjellig frå i dag. Vegane hadde ikkje fått namn, og det var berre ein veg gjennom bygda. Vi budde i Almegarden på toppen av Reitabakken, der Kyrkjegata startar no.

Almehuset på Reiten, på toppen av Reitabakken.

Bygdebladet «Bygda»

Tanken om å starte eit nytt bygdeblad var nok at ein ville skape eit meir moderne og aktivt blad, der einspaltene i Vikebladet kunne bytast ut med ein betre layout, og eit meir moderne format. I tillegg ønskte ein at også hendingar og aktivitetar i Hareid kunne kome betre fram. Det vart teke kontakt med Thorkildsen i Vikebladet for å få til eit samarbeid. Dette vart avvist.

Bygdeskikke i Ulstein

Naar jeg har nedskrevet endel gamle bygde­skikke her i Ulstein, er det av to grunde. Først fordi flere har opfordret mig hertil, og dernæst – og det er det avgjørende – fordi det kunde tænkes at være av kulturhistorisk betydning. Det er nøkternt nedskrevet, saaledes som jeg selv har set det, t. eks. bryllupsskikke, eller saaledes som ældre folk har fortalt mig det, t. eks. «om­talsøl» og «be til bustad.» Jeg har hørt det me­ste fra min mor, som i sin tid var flink til at fortælle.

Hasund i mars 1919

Bygdesongar i Ulstein

Bygdesong er ein song som lovprisar heimbygda eller grenda, og vert ofte framført på 17. mai, ved skuleavslutning eller i andre høgtidelege samanhengar. Dei fleste norske bygder har ein bygdesong, og i Ulstein finn vi bygdesongar i grendene Flø, Ulsteinvik, Hasund/Sundgot, Dimna, Haddal og Eiksund.

Eiksundsongen er skriven av Olav Havåg. Her er ei handskriven utgåve, skrive av kona Palma Havåg.

Byggjefelt og andre utviklingstrekk

I mai 1987 tok Ulstein kommunestyre avskil med rådmann Asbjørn Waage. I nærare 40 år hadde han arbeidd i kommunen når han no hadde nådd pensjonsalderen; først ved kommunekassa, så ved elektrisitetsverket, deretter som formannskapssekretær frå 1957 og ti år seinare i stillinga som kontorsjef som seinare vart heitande rådmann. Ein periode på 1970-talet hadde Waage permisjon for å arbeide ut generalplan og gjere gardssoga for Ulstein og Hareid ferdig.

Byggjefeltet Bugarden.

Byggjenemd og val av kyrkjetomt

I byggjenemnda vart desse med: sokneprest Wisløff, Johannes Skeide, Bernt Osnes, Karl Strandabø, Ole Myklebust og Hans Dimmen. Når det gjaldt å administrere, ordne flyttinga, vart alle snøgt samde. Mykje måtte gjerast på dugnad eller pliktarbeid. Alle som åtte matrikulert jord ytte gratis arbeid og dei som ikkje åtte jord skulle yte halft så mange arbeidsdagar. Dagsverka vart vurderte i pengar, om sommaren til kr. 2,- pr dag og om vintaren kr. 1,-.

Byggjeprogram

I oktober 1964 vedtok Ulstein kommunestyre at det skulle byggjast idrettshall med symjebasseng aust for Ulsteinvik skule. I budsjettet for 1968 var både idretts- og symjehall, hybelhus og pengar til opparbeiding av bustadfelt kome med. I slutten av 1968 kom dei første annonsane i lokalavisa, som fortalde om opningstider for symjehall og badstove. Det skulle bli offentleg bading tre dagar i veka.

I oktober 1964 vedtok Ulstein kommunestyre at det skulle byggjast idrettshall med symjebasseng aust for Ulsteinvik skule

Byggmeister Anders Hatlevik

Anders Martin Hatlevik vart fødd 16. januar 1897 på ein liten plass kalla Hatlevika i Skodje kommune. Dette var eit bruk lagt under Solnør gard. Dette gjorde at Anders og dei fem brørne hans måtte gjere pliktarbeid på garden.

Anders Martin Hatlevik i yngre år då han kom til Ulsteinvik.

Bølgjedal før det nye tusenåret

Det var gode tider i norsk næringsliv fram til 1998. Sysselsettinga i landet auka med 230.000 frå 1993 til 1998. Frå 1998 minka veksten i økonomien noko. Det skuldast mellom anna uro i internasjonale kapitalmarknader i samband med den såkalla Asia-krisa, kraftig fall i oljeprisen og dobling av rentenivået i eit forsøk på å forsvare kronekursen.

Bård Larsen

Det er ikkje lett å skrive om Bård Larsen sitt virke i kulturlivet i Ulstein. Han var involvert i så mykje. Dersom ein skal yte Bård full rettferd, bør ein ha tilgang til langt meir dokumentasjon enn det eg har klart å skaffe. Hans tilknyting til Musikklaget Ulf er det bra kontroll på. Når det gjeld Firkløveret, Salongorkesteret, Ulstein og Hareid Fellesorkester og Ulstein mannskor veit ein mindre.

Bård Larsen.

Båtar og reiskap

Det viktigaste fisket for fiskarbonden utover siste halvdelen av 1800-talet var vintertorskefisket. Båten han brukte, var åttringen, ein låg og heller flatbotna båt med mast og eitt segl. Handteringa av seglet og masta var tungvint. Men etter kvart vart desse båtane justerte, og møringen kom med to master og fem segl. Så kom det dekksbåtar, og enkelte byrja å eksperimentere med motorar. I Ulstein var listerskøyta Svanhild den første med motor. Då Ålesund brann i 1904, stod Svanhild på slipp der og fekk innsett motor på seks hestar. I åra som følgde vart heile kystfiskeflåten i Ulstein motorisert (Johan Ottesen 1987).

S/S Snorre frå Ulsteinvik.

Con Moto 40 år

Ein onsdagskveld i september 1978 møttest 20 entusiastiske «ungdomar» for å vere med å starte det som i den første tida vart kalla Musikkskulekoret. Møteplassen var Ulstein ungdomsskule sitt musikkrom, og bakgrunnen for at vi møttest var at nokre initiativtakarar hadde fått avtale med den nye musikkskulerektoren om å dirigere eit nytt kor dersom mange nok ville vere med.

Con Moto har pynta seg for 20 års jubileet i 1998.

Coop med byggjemelding, fri handel i Saunesmarka

Vestre Sunnmøre Samvirkelag leverte i oktober 2000 inn byggjemeldinga på det nye varehuset i Ulsteinvik sentrum. Målet var då å få det gamle Skeide-bygget rive i løpet av desember. Det var Sporstøl AS som hadde teikna varehuset – som ei stund seinare i prosessen skulle bli Blåhuset.

Faksimile Vikebladet.