«Dødligheten i Noreg – bidrag til kunnskap om folkets kaar»

Eilert Sundt utga i 1855 boken «Dødligheten i Norge – bidrag til kunnskap om folkets kaar».

I ei fantastisk samling av data om folk og aldersutvikling, har han mykje om dødelegheita frå 1825 og framover. Nesten 25% av guteborna døde før dei var 5 år og ca 20% av jentebarna. Dette skuldast mykje dødfødslar og heilt klart ernæringstilhøva i oppveksten. Han skriv:

Eilert Sundt.

«Ulstein 2» – forliset

Til neste år er det 45 år sidan ”Ulstein 2” gjekk på grunn og forliste i Rundesundet. Har laga denne artikkelen no, medan munnlege kjelder som opplevde forliset framleis lever.

"Ulstein 2" fotografert på hamna i Lerwick på Shetland, mars 1969.

“Ulsteins-kyrkja”

“Ulsteins-kyrkja”

Snaud og kvit og kald hev kyrkja i Ulstein stade der no i 36 aar sidan ho vart flutt inn til Vik. Ho var daa ikring 30 aar gamall, og det var visst ikkje mykje merkelegt med henne før heller. Men som ho stod der etter flyttjingi var ho ikkje betre enn før, berre tomare og kaldare.

Ulstein kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1849. Kyrkja stod fram til 1878 ute på gamle Ulstein kyrkjestad før den blei flytta til sentrum.

«Fattigpleie» og gamleheim

Det mest interessante trekket ved dei første lovene til Ulstein­foreininga er at dei legg så stor vekt på medmenneskeleg ansvar på det materielle planet. I føremålsparagrafen er det åndelege og det materielle sides­tilt: «Foreningen søger at afhjælpe ån­delig og timelig nød inden menighe­den». Dette var heller ikkje vanleg for indremisjons-foreiningane på Vestlan­det og igjen er det nok Anker si klo vi ser merke etter. Andre stader i lovene er formålet konkretisert: «Foreningens formål søges oppnået ved syges og fat­tiges understøttelse og pleie» og vidare «I foreningens møder udstilles en bøsse for bidrag til syge og fattige, og en an­den for bidrag til foreningens øvrige virksomhed».

Ulstein Gamlehjem slik det sto vegg i vegg med det nye bedehuset. Eit uthus bak husa og eit på andre sida av bygdevegen tilhøyrde også «heimen».

«Gullblokka» er riven

Administrasjonsbygget som blei reist til Ulsteingruppen i 1980 blei riven sommaren 2021. Ei vel 40-års historie er over. Administrasjonsbygget var sjølve symbolet for den sterke veksten som har vore i Ulsteinsamfunnet, og bygget blei på folkemunne kalla «Gullblokka».

Gullblokka blei klar til innflytting 1. juni 1980.

«Læraren vår, han Vik»

Ole J. Vik tok til som lærar på Hatløya i 1930. l fem år var «han Vik», som me kalla han, læraren min i barneskulen der. Saman med familien si leigde han loftet i eit hus i Kyrkjegata (A. J. Botnen) i Ulsteinvik.

Ole f. Vik var lærar mellom anna på Hatløya.

«Sandstormen» og andre vekkjingsvindar

Siste halvdelen av 1800-talet var vekkjingstid i heile Skandinavia og det var vekkjingsvinda­ne som ga indremisjonsarbeidet fram­drift. Når rørslene vart fastare organi­serte, var det først og fremst for å halde vekkjingane vedlike og gjere dei be­rande.

Carl Olof Rosenius

100 år sidan Onward-forliset

I år er det 100 år sidan d/s Onward Ho-forliset, der fire ulsteiningar og ein mann frå Hareid omkom. Før vi går nærare inn på tragedien i 1916, må vi sjå på eit fenomen som er med på å forklare kvifor så mange frå våre kantar var med ein kanadisk fiskebåt den gongen: Utvandringa til Amerika er eit dramatisk innslag i norsk historie. I tidsrommet 1836–1915 utvandra det over 750.000 nordmenn; nesten like mange som det budde i landet ved inngangen til 1800-talet. Ikkje noko anna nordisk land hadde så stor utvandring i høve til folketalet. I Europa hadde berre Irland fleire emigrantar etter folketalet.

Den kanadiske fiskedampbåten Onward Ho fiska etter kveite på bankane søraust for Alaska. I storm og kulde i januar 1916 gjekk båten ned med 37 mann om bord, fem av dei frå Hareidlandet.(Biletet er henta frå nettsida https://millymarmotprivate.wordpress.com/onward-ho-the-last-crew/)

17. mai-tale på Garnes i 1928

Ærede forsamling

Vi er atter så heldig stillet at få feire den 17. mai i år også. Jeg er ingen taler, men har blitt oppfordret at tale, og derfor vil jeg forsøke at sige nogle ord i all enfoldighet. Da jeg våger at påståt at eg er en fullblods nordmann, som nedstammer fra de gamle vikinger, så kan jeg ikke finne et mer passende emne at tale om enn idrætt.

Kong Olav kjem til Noreg. Teikning av Peter Nicolai Arbo (1831-1892).

17. maitalane til Ludvik Moldskred

I min barndom og ungdom opplevde eg eit slags lokalkulturelt fenomen av eit heilt spesielt slag, nemleg 17. maitalane til Ludvik Moldskred. Eg kjenner til to, men det kan vere fleire. Den eine står i Levd Liv for 2023 (LL23). Manuskriptet til den andre er i Kjetil Ringstads eige, og det har eg kopi av.

Ludvik Moldskred

1930-åra

Om vi studerer bilete av Ulsteinvik i starten på 1930-talet, vil vi sjå at det er berre ein hovudveg gjennom bygda. For å kome ned på Osnes måtte du om Reiten, og for å kome til Saunes måtte du legge vegen om Skollebakken. Berre bustadfeltet Bugarden åleine har i dag fleire bustadhus enn Ulsteinvik sentrum hadde den gongen. I dei sjøområda som på 1970-talet hadde vorte utfylte til store areal med fast land, var det på 1930-talet sjø, og på eit slikt bilete ville vi lengst inne sjå den såkalla Ringstadpiren med O. Ringstad & Sønners Trævarefabrikk, som seinare vart til Ulsteinvik Møbel- og Trevarefabrikk AS – og endå seinare Skeide Hus.

Ulsteinvik like før andre verdskrigen. Ulsteinvik folkeskule er komen opp (ferdigstilt i 1932). Huset til Gustav Adolf Olsen er enno ikkje bygd (1949). Fotografen står ved Alvehaugen der Ulstein sjukeheim ligg i dag. Vi legg merke til kor lite skog og kratt som er i utmarka og alle vårfjøsane oppe i fjellsida. Både store og lisje Vikholmane er omflødde av sjø.

1980-talet. Første del

I 1981 er det stortingsval. Kva var det som råka landet vårt den hausten? Høgrebølgja i tidsrommet frå omkring 1975 og vel ti år framover var ikkje særnorsk. Ho prega fleire land i Europa, og inspirasjonen utanfrå var truleg viktig. Tankar om personleg fridom, valrikdom og marknad kom stadig sterkare inn i ordskiftet.

I april 1982 opnar nye Ulstein Hotell i Varleite; ein ruvande bygning med 68 gjesterom, turisthotellstatus, fine fasilitetar for konsertar og uteliv og skjenkeløyve i alle variantar. At hotellet vil bli ein lei konkurrent til det langt mindre som reiser seg på den andre sida av Eidet, er heva over tvil.

1990-talet. Andre del

Etter store tap i 1994 måtte den administrerande direktøren i Ulstein Verft gå, og ny direktør vart Brynjulv Mugaas. Han vart sitjande heilt til Gunvor Ulstein tok over som konsernsjef i 1999.

Gunvor var berre 29 år då ho tok over som administrerande direktør.

1990-talet. Første del

I desember 1990 vart Ulstein kommune kåra til den beste i landet å bu i. Det var NRK P2 som stod bak kåringa, og kommunen utnytta dette så godt det lét seg gjere i tida som følgde.

2000-talet

To dagar seinare er rektoren og ordføraren avbilda i smilande samtale ved grinda til Sunnmøre Folkehøgskule på framsida av Vikebladet Vestposten: «Vi bør strekkje oss langt», er tittelen.

Jan Berset og Trond Berg, Sunnmøre Folkehøgskule.

2010-talet. Andre del

Laurdag 2. desember 2017 var det stor opning av Ulstein Arena. Det møtte opp mykje folk. Kultursjef Leif Ringstad, som hadde arbeidd mykje med det store prosjektet, fortalde dei frammøtte at han hadde håpt på 500-600, men så kom det dobbelt så mange!

I oktober 2018 vart Ulstein Arena tildelt Statens pris for byggkvalitet.

2010-talet. Første del

Hødd slo på stortromma før cupfinalen den 25. november og leigde eit større areal på Youngstorget i Oslo og sette opp ein teltlandsby som skulle stå frå fredag til søndag i den aktuelle veka. Klubben rekna med å vere vertskap for 10.000 til 15.000.

Hødd slo på stortromma før cupfinalen den 25. november og leigde eit større areal på Youngstorget i Oslo og sette opp ein teltlandsby som skulle stå frå fredag til søndag i den aktuelle veka. Klubben rekna med å vere vertskap for 10.000 til 15.000.

A/S Skjervøy Fiskebåtreiarlag

A/S Skjervøy vart skipa i møte 2. oktober 1915 av desse personane:
Olaf Wiik, Hans E. Rappen, Johan Jensen, Knut Strand, Bernt Hofset, Ely Saunes, Andreas H. Saunes og Hans Hovden.

Kvar mann teikna seg for 1 stk. aksje til kr. 3 000.

D/S "Skjervøy" fotografert 17. mai 1916.

A/S Snorre

A/S Snorre vart skipa i 1902, føremålet var å drive havfiske med dampskip. Dette var noko nytt, denne tida var det vanleg med segl, og fisket foregjekk utanfor kysten her.

Det var nokre framsynte karar som starta selskapet med ein aksjekapital på kr. 24 000,- fordelt på 10 aksjar:

Dampskipet D/S "Snorre".