Frå den tida eg kjende Einar Spjutøy vart han kalla «Einar på hjemma». Det fortalde alle at han levde det meste av si tid som gammal på gamleheimane her i Ulsteinvik.
Mor hans døydde i 1949. Då var det vanskeleg for han å greie seg aleine. Han budde ei tid både hos systra, Signe på Sundgotane, og hos broren, skipper Karl Spjutøy på Saunes. Han kom på gamleheimen i 50-åra. Denne låg den gongen like utanfor bedehuset. Då ny aldersheim blei bygd, nedst i Holsekervegen, blei Einar Spjutøy med dit inn.
Han delte rom med Hans Flø, eller «Hans på hjemma» som han blei kalla. Seinare fekk Einar Spjutøy rom for seg sjølv.
Einar Spjutøy var fødd i 1898 og døydde i 1981.
Einar Spjutøy var fødd i 1898 og døydde i 1981.
Einar Spjutøy saman med Kjetil Hasund (på sykkel) og Magne Hasund. I bakgrunnen ser vi Hasund skule og Sundgot Bedehus.Skulen blei seld til Karl og Sigmund Breivik. Sigmund bygde bustadhus i Gjerdsbakkane av den gamle skulen og den nye delen vart sett opp i Tua (Dimnøya). Bilde er teke i 1952 og vi ser Hasundstraumen med den gamle trebrua.
Velkjend mann på søre Sunnmøre
Einar Spjutøy var ein velkjend mann i bygdene på søre Sunnmøre. Han reiste rundt og selde bøker, lodd og julehefte til inntekt for misjonen eller andre kristne lag og ideelle tiltak.
Han var ein kar med sterke briller som såg til sides når han samtala, eller opp i lufta når han leverte sine kjappe replikkar.
Pål Arne Dimmen, som var frå Dimna og hadde mykje omgang med Einar. Han skriv:
«I samtalen kom han ofte med friske og treffande replikkar. Når han gjekk, steig han høgt, gjekk liksom i ulendt terreng.»
Einar i glad samtale med Inga Vattøy på kvileheimen i Ulstein.
Einar i glad samtale med Inga Vattøy på kvileheimen i Ulstein.
Vaks opp på Spjutøya
Einar hjelpte til som vaktmeister på Ulstein Sjukeheim.
Einar Spjutøy vaks opp på Spjutøya på gard 1 saman med ein stor søskenflokk på heile 10 søsken. Einar var den yngste. Det vanlege mellom brørne var å velje sjølivet. Det gjorde ikkje Einar, men likevel vart sjøen ein aktiv arbeidsplass for han. Han var flink å ro færingen sin. Og uteljande tenester utførde han med mjølkespann, skyss av skulebarn, med varer til og frå skyssbåten som hadde ruta si forbi Spjutøya til Ålesund. Mange emissærar vart frakta til møtehus rundt om, og likeeins folk som skulle til kyrkje.
I lag med Nils Våge og Petter Rinde dreiv han søndagsskulen i Dimna i mange år. Einar Spjutøy var også med å drive søndagsskulen på Sund-got bedehus. Saman med Anna Bakke dreiv han også søndagsskule på Hatløya og enkelte gongar på Spjutøya.
Pål Arne Dimen skriv interessant om roturane til Einar:
«I tett skodde er det gjerne stilt på sjøen. Då tek Einar med seg lyng-kvistar som han kastar bak båten på roturen. Då greier han å halde rett kurs mellom holmane.»
I 1930 gjekk rutebåten «Norøy» i rutefart mellom øyane her og til Ålesund. Med utgangspunkt i Hellestøa rodde «ekspeditøren» Einar Spjutøy varer og folk til og frå turbåten. Plikt-oppfyllande passa han på jobben sin.
Einar hjelpte til som vaktmeister på Ulstein Sjukeheim.
Ærendsgut for heimen
Det var på aldersheimen han gjekk under namna «Spjutøy-Einar» eller «Einar på hjemma» Hovudoppgåvene for Einar var å vere ærendsgut for heimen. Han heldt også uteområdet rundt heimen i god stand, mellom anna med å reinske grusgangane for mose. Han var også ein ivrig julehefte-, lodd- og bokseljar.
Skal eg gje eit personleg utsagn om mannen Einar Spjutøy, vil eg karakternemne han som ein kristen idealist og ein trufast bedehusmann, som både hadde talegåver og hadde ei høg songrøyst. Hans tenester på heimen i Ulsteinvik var mangfaldige.
I mine auge var var Einar ein festleg kverulant, og han kom oftast i forkjøpet med ei eller anna bemerkning.
Einar kom frå garden Spjutøya.
Einar kom frå garden Spjutøya.
Kvikk i replikken
Lat meg til slutt skildre eit personleg møte med Einar.
Eg spurde han ein gong kor mange år han var. Då svara han kontant.
– Vil du absolut vite det, farr, så berre sjå i kyrkjeboka.
Ein annan gong møtte eg han som bladseljar.
– Ute og fer, Einar ?
– Du med ?
– Sel du bøker ?
– Du e kje nøydd å kjøpe!
– Vil du ikkje selje då ?
-J au, men du e kje nøydd å kjøpe!
Dermed var handelen gjord, og eg helsa:
– Ver nå grei og snill kar !
– Jasså, jasåå, du med farr. Dermed skråa han over vegen.
Artikkelforfattar
Magne Grimstad
Magne Grimstad sr. er fødd i 1928, og har bak seg eit yrkesliv som lærar og rektor. Han har vore ein ivrig skribent i lokalavisa og har hatt eit stort engasjement i politikken og i det frivillige lagslivet både i Ulstein og Hareid.
Levd liv 2011
Artikkelen er henta frå Levd liv 2011
Minneord Einar Grimstad
Biskopen og den herlege Oshaugen v/Frode Pilskog
Søster Lise v/Lars Inge Breivik
Jonsok-feiring i Ulsteinvik i 1950-åra v/Vigdis Grønmyr Mork
Martin Laurits Peder Olson Ulstein v/Idar Ulstein
Fløminne – del 1 v/Ingeborg Runde
Johan Osnes v/Ingvil Eilertsen Grimstad
Sundgot Bedehus v/Karl Kleven
Å vere barn under krigen v/Agnar Dag Ulstein
Otto Strand v/Liv Strand Hareide
Minne om ein robåt v/Sigurd Håkonsholm
Fjellgarden Løset v/Ottar Kaldhol
Revefarmar i Ulstein v/Hans Otto Skeide
Nesje-Ælina i Eiksund v/Magne Grimstad
Krigsminne v/Knut Garnes
Einar Spjutøy v/Magne Grimstad
Hans Emmanuel Agustinusson Wigg v/Aud Marit Wigg
Om noko i artikkelen er feil eller du har tilleggsopplysningar eller aktuelle bilde, så er det fint om du melder til post@ulsteinhistorielag.no
Pluss-medlem
Medlemskap i Ulstein Historielag
Årleg utgåve av tidsskriftet Levd liv
Digital tilgong til alle artiklar
Vi brukar informasjonskapslar for optimalisering av brukaroppleving og marknadsføringsformål. Les meir i vår Personvern