Eg skal her prøve å skrive ned noko av det eg kan hugse frå då krigen braut ut i 1940, og då tyskarane gjekk til angrep på Norge den 9 april 1940. Eg var då vel 11 år. Far, som hadde høyrt nyheitene på radio, kom og fortalte at no var det krig i Norge, vi ungane vart redde og grunda mykje på kor det skulle gå med oss.

Nokre dager seinare, då vi skulle på skule i Haddal, og var komne til vegskiftet ved Alf Garnes, stod kona hans Alf, ho Tora, og gret. Ho hadde då nettopp teke avskjed med mannen som hadde vorte innkalla, og skulle møte på Åndalsnes for så å reise videre derifrå for å forsøke å stoppe tyskarane i Gudbrandsdalen. Dagen etter at vi kom på skulen, vart ein uroleg dag. Det kom sverm etter sverm med fly som passerte på veg nordover.