Judith fortel om alle dei herlege dagane dei hadde på Løset. Om torv-spadinga innpå Løseteidet, på myrane som ligg mot Snipsøyrdalen og kommunegrensa mot Hareid. Ho minnest førsumardagane i juni når sola skein og lufta stod og dirra over torv og lyng. Eg kjenner endå den særmerkte lukta av nyopna torvmyr, etter at far hadde spadd vekk lyngen og det øvste laget med turr myr, som såg ut som svart grovt mjøl. Torv-dagen starta om morgonen med at far og me ungane gjekk innover heida. Me bar med oss det som me trengde av turrmat, ei spann med mjølk og noko skaffety.
Når me kom inn til torvskjåen, sette me mjølkespanna i åkoma, som var like attmed råsinnje ovafor skjåen. Nærast alt me trong til arbeidet var lagra i skjåen, spaden, stikkene og trillene. Me visste frå året før kvar me skulle legge torvet som far spadde ut, og som han la på torvtrillene.
Det var viktig å starte lengst vekk med utlegginga, slik at me slapp å køyre over det som alt var utlagt. Dei turre rabbane og haugane vart godt utnytta i ein vid sirkel rundt torvskjåen. Når far ba oss hente øksa i skjåen, då fekk me ei lita kvild, for då hadde han treft på ei fururot i torvhola, som han måtte hogge vekk før han kunne halde fram med torvspadinga. Var rota veldig stor, så måtte han forlate torvhola og flytte til ein ny plass.
Sjølv om det var kjekt, so kunne det verte lange førmiddagar, og me kika mot heimbøen om ikkje mor kom snart med middagsmaten. Det sikraste tegnet på at ho var i kjømda, var at den kvite og brunspraglete hunden vår, Prins, kom byksande etter råsa. Då visste me at no kom mor med varm mat. Den bar ho i ei panne i eit åkle i eine handa, det var anten potetball, brennsnut eller lapskaus. Alle som har opplevd det, veit at sjeldan smakar maten so godt som i torvspadinga. Etter eit godt måltid, hallar far seg attover i lyngen med dongerijakka over andletet, og han saknar verda ei lita stund.
Etter middagsmaten var mor også med, og arbeidet gjekk med liv og lyst heilt fram til det var tid for nonsmat. Då vart den svarte kjelen henta fram ifrå skjåen, der han hadde hange frå året før. Kaldt vatn vart henta i åkoma, som aldri nokon gong var turr. Me ungane leitte fram turre fururøter som me la i steingrua. Same kokeplassen vart brukt år for år. No kunne me sjå at det også rauk frå gruene til Ringstadfolket, som spadde torv på sørsida av Løsetvatnet.
Dette var siste måltidet i torvspadinga i dag, so no samla mor saman spann, panne og skaffety og tok på heimveg. Ho skulle heim og vaske opp, mjølke kyrne som gjekk ute, og gjere alt det andre arbeidet som kjerringane hadde, og som ikkje viste att. Me andre heldt fram med torvspadinga heilt til det skymdest, og no var kveldane lange, så far trøytte dagane så langt som råd. Han visste og at alt torvet skulle vere husa før det kvite spyttet kom i marka. Før og etter det kvite spyttet på marka, var ei tidsrekning den tida. Eg minnest torvdagane inn på Løset-eidet som herlege dagar, der familien i felleskap sikra mykje av husvarmen i den komande, kalde vinteren.
Magnulf fortel om storebror Sverre, som utpå hausten og etter eit vassflø for inn i Løsetbotnen med den sjøllaga hoven sin. Hoven var eit omlag to meter langt stykke av ei kastenot, som var sydd saman som ei pølse som smalna ut i en tett spiss. I framkant var det ei opning på om lag ein halv meter, og der var det ei trerame som heldt hoven open. Trerama på hoven vart festa mellom steinar med opninga oppover i elva, og på sidene av hoven vart elva tetta med stein og torver. Hoven vart gjerne plassert ned i enden på elva, nærast mulig Løsetvatnet.
Sverre gjekk så opp i enden på elva og starta å slå med ei rognespeiss ned i vatnet, samstundes som han hoppa på elvebarden og skremde fisken ned gjennom elva og til slutt var holet i hoven den einaste opninga fisken fann. Eg stod attmed hoven og såg på all fisken som enda opp atti i enden på hoven. Ein effektivt fiskemåte og mykje god og nødvendig matauk til ei famile der det ofte var mykje folk som skulle ha mat.
Magnulf fortel også om når han som smågut fekk vere med Sverre ned i elva som renn frå Fjellsvatnet og ned i Løsetvatnet, der dei i haustmørkret lystra etter større kreder. Sverre hadde ei fantastisk god flaggermuslykt som han brukte, og når lykta kasta lys utover ein hyl i elva, såg han fisken i lyset. Ei god lystrelykt skulle ikkje blafre, den skulle ha eit stabilt lys nærast som ei elektrisk ljospære eller ei stor lommelykt.
Men noko slikt hadde me ikkje på Løset i den tida.
Var det rette tida, og mondet var der, og det var det når Sverre fiska, så slapp eg å vente lenge før halvkilosfiskar, og av og til dei som større var vart spidda i det kvite ljoset frå lykta, og han hivde fisken inn på elvabarden. Lystrestikka som Sverre hadde laga, hadde mange sylskarpe spikrar i ein runding i enden på eit treskaft. Han kveste alltid spikrane med ei lita fil eller eit bryne før me gjekk i elva. Eg hadde skore til ei klyfta bjørkagrein som eg reiv det gulbrune haustlauvet av, og som eg tredde fiskane på etterkvart som Sverre slengde dei på land.
Fekk eg prøve å stikke fisk, var det med klar ordre om å treffe fisken, ikkje berre for matauken sin del, men bomma eg på fisken so for dei sylkvasse spikrane på lystrestikka i elvabotnen, og dei kunne verte sløve og bøygde. Storebror Sverre hadde, som mange vil hugse, eit fargerikt språk og ei fantastisk presis og slagferdig formuleringsevne. Han var ein svært treffande ordkunstnar, men han hadde og eit stort hjerte som ofte pressa på og ville ut gjennom augene.
Løsetvatnet vart og mykje brukt til matauk. Det vart fiska med garn, oter og kastenot. I storelva og i større bekkar vart det brukt hov. Magnulf fortel at kastenota hadde faren fått laga på Hareid av ein som heitte Leidulf Korsnes.
På den tida fanst det nesten ikkje sæv eller andre vekster i vatnet, som kom i nota når me drog den inn, men lauvfallet kunne seinhaustes vere ei plage. Det var fleire plassar rundt om i vatnet me kunne bruke not, og det var ein fordel om me var fleire når me skulle bruke nota, men det var slik at to personar kunne klare det. Den første drotten vart festa i land, oftast i ein stein eller i ei småbjørk, og so var det ein som rodde båten ut medan ein stod i bak-skuten og kasta ut nota.
Det vart rodd i ein halvrunding ut på vatnet, og so til lands att lenger bort på stranda. Etter at ein var sikker på at nota hadde sekt seg, starta ein forsiktig å hale den i land. Det hende at ein måtte gjere fleire kast før ein hadde ei god koke med fin krede og røyr, men som oftast så var det nok med eit par kast.
Judith fortel at ein fin haustkveld, det måtte vere eit av første krigsåra, for bror min Andreas og eg på vatnet og sette garn langs Skinstadneset. Morgonen etter når me drog garna, fekk me svært mykje røyr. Komne i båtstøda på heimelandet, såg me at der ikkje var nok bytter til å bere fisken opp til gards, så når me var ferdige med å henge oppatt garna og hadde vaska båten, tok eg av meg nikkersen, knytte for beina nede og fylte den med røyr.
Det vart so tungt at Andreas måtte ta nikkersen på ryggen, og eg kom etter med ei bytte med fisk i kvar hand. Den dagen gjekk me med fersk fisk både til naboane fram på Fjelle og ned på Svora, og Andreas for og ein tur ned i bygda med fisk til besteforeldra på Myrå.