Eg stend og sagar sund ein gamal færing som har stått i naustet vårt i mange år. Ein gamal slitar som har tent ein veglaust småbrukar- og fiskarheim. Der er sovisst ikkje noko romantisk over ein slik båt. Men tankane byrjar å arbeide hjå meg om å skrive ned nokre minne frå ca. 60 år attende. Han er om lag jamgamal med meg.
Lærde mine fyrste rotak med denne båten
Frå det fyrste eg hugsar, då han var ”nyefæringen”. Det var på denne eg lærde å ta mine fyrste rotak som var so viktig på ein slik stad. Alt skulle ein slik båt brukast til – søndag formiddag til kyrkjebåt når veret var brukande – til alt slags fiskeri, med trollgarn etter kokefisk, med pilk og med line, med dorg og potatroder etter pale og småsei.
Eg har alltid likt å fiske, og har tallause minne frå fine sommardagar då livet var sorglaust for småguten som stolt kom heimatt med kokefisk. Eller når nordavinden var spak, ”utrøna”, og me fekk lov å segla søndag ettermiddag i lag med kameratar, ja, då var livet sorglaust.
