I Trondheim finst nokre av dei mest elegante jugendstilbygningane i landet. Arkitekten, Johan Osnes (1872 – 1961) frå Iverhaugen på Osnes, har blitt kalla ”dekorens meister” i Trondheimsarkitekturen. I denne artikkelen skal vi ta ein tur til Trondheim, men særleg sjå på det som finst frå hans hand i Ulsteinvik.

Bløming i Trondheim

Vi startar der han har sett mest spor etter seg, i Trondheim. Den nydeleg dekorerte J.C. Dahls Fødselsstiftelse (fødselsklinikk) stod ferdig i 1909, og var det første bygget hans som utøvar av den ”nye stil”, jugendstilen.

Det var Johan som stod for den rikt og elegant dekorerte fasaden. Her finn vi både blomar, kvinneandlet og norrøne motiv i jugendstilens typiske bølgande utføring.

Den rike dekoren vart eit varemerke for han. Truleg har dette samanheng med at han allereie frå barndomen av var ein framifrå teiknar.

Då Johan starta arbeidet med Fødselsstiftelsen i 1903, var han tilsett i arkitektfirmaet Christensen. Same året opna han eige kontor, og i løpet av dei neste tredve åra teikna han ei rekke bygningar som framleis pregar bybiletet i Trondheim.

Vi kan nemne Dalen Blindeskole, Trondhjems handelsbank (1906) samt dei flotte bygardane i Arkitekt Christies gate, der han også budde sjølv.