Bakgrunnen påverka yrkesvalet
Lise Gjerdsbakk vart fødd i 1922 som nummer to i ein søskenflokk som etter kvart vart fire søstre. Foreldra var Lars Gjerdsbakk og kona Sofie som vart fødd Dimmen.
Faren var gardbrukar i Gjerdsbakkane og jobba også ei årrekke på Hatlø Verksted ute på Osneset. Han var trearbeidar og hadde også treverkstad i kjellaren, der han laga kjøkeninnreiingar, og møblar på bestilling. Lampar, amplar, lysestakar og andre småartiklar i alle former for sal og gevinstar på basarar til inntekt for alt som var av kulturaktivitetar og misjonsarbeid i bygda. Og det var mykje av slikt arbeid i bygdene den gongen. Jentene hjelpte til på garden og i snikkarverkstaden, med pussing og lakking.
Når dei skulle levere bær og andre gardsprodukt vart det brukt hest og kjerre og bringa varene mellom anna til Vik. Han var søndagsskulelærar heile sitt vaksne liv og var også kyrkjetenar i ei årrekke, og då var det sykkel eller spark som var transportmiddelet når føret tillet det, elles så var det å gå.
Sosialkontor, barnetrygd og liknande var ukjende begrep. Det var lite ærefullt å måtte gå på fattigkassa og be om hjelp. I lange periodar budde det slektningar hjå den vesle familia i Gjerdsbakkane. Slektningar som sjølve kom frå store barne-flokkar der dei ikkje hadde gardsbruk som var viktig matkjelde den gongen. Vi har høyrt om dei harde tretti åra. Borna var i skulealder, og gjekk på skule her i bygda sjølv om dei kom ifrå andre krinsar, dei var som søsken.
Desse ungdomane var ikkje berre naudplasserte for maten og husroma si skuld, men også viktig arbeidskraft for å dyrke jorda og skaffe mat til sjølvforsyning og til andre som ikkje hadde så mykje. Borna den gongen fekk både lov til å arbeide og måtte delta i arbeidet for å få endane til å møtest – ikkje for å tene pengar, men for å overleve. Timeløna ute på verkstaden var kome opp i 36 øre og gjekk ned til 32 øre pga dei økonomiske krisetidene som rådde.
Alt dette vaks Lise opp med, og det skulle vel i stor grad påverke hennar yrkesval og heile hennar liv og virke.