Etter at Einar har gått bort, er det mange som kjenner på eit sterkt sakn. Ikkje berre dei næraste – kona Gunvor og døtrene Hanne Marte, Silje, Kamilla og deira familiar, men også for mange andre er saknet etter ein god ven og samarbeidspartnar tungt å bere.

For oss i Ulstein Historielag er saknet stort. Forutan å vere familiemann, medmenneske, evig optimist og gledespreiar hadde han stor arbeidskapasitet og var særs kreativ. Dette kom ikkje minst fram i arbeidet i Spor Forlag og hans store bokproduksjon der.

For oss som i fleire år samarbeidde med han med årsskriftet Levd Liv er saknet stort. Han hadde ein lun veremåte og var særs lett å samarbeide med og hadde ei svært stor kontaktflate. Det kan trygt seiast at Levd Liv har vore eit av Einars kjæraste bokprosjekt som han la ned mykje arbeid i også når han kjempa mot den nådelause sjukdomen. Det gledde han stort at Levd Liv vart godt motteke av historiske interesserte lesarar, og også av pressa. Til det siste snakka vi om Levd Liv, og han ynskte sterkt at årskriftet måtte fortsette.

Også i Ulstein Historielag la Einar ned eit stort arbeid. Alltid villig og positiv når han vart spurd om å stå for programmet på våre temakveldar. Hans sterke interesse og kunnskap om lokalhistorie og ikkje minst den store bildesamling gledde oss alle.

Vi i historielaget vil alltid minnast Einar som den positive og omgjengelege person han var, og ikkje minst hans samarbeidsvilje. Saknet er stort, men dei gode minna er mange og kjære.

Med helsing

Ulstein Historielag,
Redaksjonsnemnda, Levd Liv

Aksel Hauge
leiar