Vi veit sikkert at her var minst 4 bondejekter i Ulstein skipreie. Desse blei i hovudsak brukte til bergensfart med fisk. På mange måtar kan vi kalle desse dåtida sine hurtigruter.
I farne tider brukte dei å fare til Bergen med vintertorsken som var salta og tørka på berga utetter våren. Vårsilda vart salta og så modna for sal. Bøndene slo seg gjerne saman og førte fisken på dei største jektene, og dei kunne ta fleire turar også for andre bønder. I Bergen kjøpte dei med seg heimatt det dei trong til båt og gard.
Jektefarten heldt seg frå 1700 til kring midten på 1800-talet.
I 1747 hadde Hans Dimmen på Dimna ei jekt som var 14 lester. Naustet til jekta låg ved Ytre-Dimna.
I 1749 åtte Jon Osnes og Sjur Sjurson Olsen på Osnes ei jekt som var 8 lester. Osnesjekta er nemnd i 1763. Men dette er truleg ei nykjøpt. I 1751 – 53 var ho 7 lester lang. Naustet låg i bukta ved Naustneset. Det er herifrå namnet kjem. I dag ligg Rolls-Royce på Naustneset. Straumejekta til Hasund- og Sundgotkarane hadde naust ved Trollneset i Hasundstranda. Dette jektenaustet låg i bukta på innsida av Trollneset. Beresteinane til naustet viser enno i dag.
For å få jekta inn i naustet, ordna dei seg slik: Naustet vart sett over ei grunn bukt – så langt ut i sjøen at den tomme jekta flaut inn ved flo sjø. Når sjøen fall, samla alle mann i bygda seg, utstyrte med våger. Dei vog så jekta opp til ho stod fri av sjøen.
Måla på beresteinane vi ser i dag, syner at naustet var ca. 13,5 meter langt og 5 meter breidt. Dette betyr at jekta kan ha vore på storleik med kopien av Sunnmørsjekta Anna Olava.
Jektetrafikken på kysten gav oss fleire stadnamn. Eitt av desse er Jektevågen på Dimna. Her er det godt tilflot, skjerma for ver og vind. Her låg sildeoppkjøparane – gjerne frå Bergen – med jektene sine for å kjøpe sild. Og Dimnavågen var ein sikker sildeplass. Silda vart salta på Vatnaneset på sørsida av vågen.
Også på Hatløya finn vi Jektevågen. Her la jektene frå andre kystområde til, på veg til eller frå Bergen. Dei kunne legge seg fore her på grunn av vindstille eller for dårleg ver. Hatløya var handelsstad, hadde ei god hamn og låg nær farmannsleia. Det har vore hevda at Sunnmørsjekta fekk klengenamnet Trollkjerringa. Kanskje det er grunnen til namnet Trollneset der jektenaustet i Hasundstranda stod. Av same opphav er kanskje namnet Trollskjeret ved Håkonsholmen. Segna seier at ei jekt rende på skjeret og forliste. Det er restar fra denne jekta som er funne på sjøbuda på Håkonsholmen, og som danna mal for å bygge Anna Olava – ein kopi av Sunnmørsjekta.
Kjelder:
Bjarne Rabben: Fiskarsoga, Møre og Romsdal
Knut J. Hasund: Glimt frå bygdelivet i Ulstein