Det er i siste halvdel av mars. Torskefisket er kome so langt at karane hev fått tjøra av fingrane. Den fiskaren som ikkje hadde fingrane impregnerte med tjøre når fisket starta, hadde ikkje fornya vegna si forsvarlegt i vinter. Veret hev vore laglegt i vinter, fisket hev ogso vore godt, truleg godt over eit middels år. So i år vert det nokre kroner meir enn vanlegt på «misjonsgarna» ogso.
Det er sundagsmorgon, og klokka hev passert 9 for ei stund sidan. Eg ser ein færing kjem slørande for ein sørvest bris frå vestsida av Lyngneset. Det er han «Ringar Karl». Han er alltid ute i god tid han Karl. Han var alltid først på stasjonen til han Olaf og fekk stilt klokka. Dernest skulle tårngluggane opnast, so flest muleg kunne høyre klokka. Når den då ringde klokka 10, kunne alle stille klokkene sine. Det var ikkje so stor løn Karl hadde, trur det var 1 liter korn, eller 10 øre året for dei som ikkje hadde korn. Denne løna måtte han sjølv samle inn rundt i bygda, men ein kan vere tru i si gjerning om ikkje løna er so stor.
Mor og far er ferdig å gå til kyrkja, og spør oss ungane kven som vil vere med. Valget er i grunnen ikkje so vanskeleg, enten å vere med til kyrkja, eller husarrest til langt ut på ettermiddagen. For meg var ikkje valget vanskeleg i dag, men det skal eg kome tilbake til. Færingar med full seglføring byrjar å kome og landar enten ved «Foreninga» eller ved «Brygga». Hestar med kjerre kom også frå alle kantar, med mann og kone og oftast fleire ungar oppi kjerra. Hestane vart plasserte ved «Foreninga» der det var plassert ein lang tømmerstokk på stolpar til å binde hestane i, eller på «Hestevollen».
Det tok til å samlast ein del folk ved kyrkja på vegen nedanfor. Ei stund etter Karl hadde ringt andre gongen, vert det uro i folkeflokken. Ein hest forspent ei firhjulavogn kjem innafrå. Den stoppa utfor stallen, som stod mot elva som rann ned vest for gravstaden. Det var presten Nyhagen det. I dag hev han familien med. Når han er åleine til kyrkja, brukar han karjol. Hjelpesmenner tek seg av hest og vogn og set dei inn, der var vognskjul også ved sida av stallen. To andre rom var der ogso i dette huset, men dei skal eg ikkje omtale nærare. Når preika var slutt og presten var klar til heimtur, stod hesten påsela og forspent. So det mangla ikkje på velvilje.