Eg vart ikkje fødd på øya, men flytta dit då eg var ca. 2 år (1955). Her vaks eg opp saman med mor mi, Johanne, bestemor, Jenny Signy Louise (1895-1983) og bestefar Alf Konrad Spjutøy (1893-1976), heilt til vi flytta til fastlandet i 1968.
Som barn var eg svært nær knytt til mine besteforeldre og særleg til bestefar og fylgjeleg vil nok denne framstillinga vere prega av det.
Bestefar og eg var absolutt «knoll og tott» og mykje av det eg har tileigna meg av «gagn» og «ugagn» må eg nok tilskrive han. Han var streng og bestemt, men samtidig raus.
Han var eit «oppkome» av historier frå så vel nær som fjern fortid, noko som eg sette umåteleg stor pris på. Det kjekkaste eg visste var når bestefar fortalte frå «gamle dagar». Og han fortalte gjerne og ofte, særleg om dei som levde og budde på øya tidlegare, kva dei gjorde, korleis dei var – kort og godt om livet på øya i «hine hårde dager».
Bestefar var den åttande i rekkja av 11 barn. To av syskjena hans døydde tidleg av barnesjukdomar, noko som ikkje var så uvanleg i den tida. Bestefar vart sjølv råka allereie som barn av den såkalla «engelsksjuka». Dette hemma veksten hans. Fylgjeleg vart bestefar ein heller stuttvoksen mann.
Men som han sa sjølv:
– De spelakkje nåka rolle. De e» haude som tel. Og de trur eg e» skrudd bra fast.
Det var tippoldeforeldra mine, Simon Sjurson Velle (1827-1907) og kona Gurine Tarberg (1825- 1915) som i 1856 kjøpte øya av Elias Rønneberg i Ålesund.
Simon kom eigentleg frå Ørsta medan Nille (bestefar kalla henne alltid det) kom frå Herøy. Desse flytta då til øya og tok gardsnamnet til etternamn slik tradisjonen tilsa.
Dei to fekk kun eit barn – Anna (1859-1949). Ho var mor til bestefar. Ho gifta seg med Karl Aurvåg (1856-1937) som óg kom frå Herøy og som då vart far til bestefar og blei slik min oldefar.
– Bestefar fortalte mange historier og anektdoter om mor si. Eg trur dama var ikkje så reint lite spesiell. Hennar «eigenrådigheit» var visst legendarisk og eg har blitt meg fortalt ho til tider kunne vere både uredd og tøff. Mellom anna hadde ho stort hønseri med hundre høner. Egga selde ho i Vik og i Ålesund.
Ein kan vel tenkje seg at det ikkje var like enkelt å kome seg til Ålesund då som no. Men ho var visst ikkje redd for å be om hjelp. Barna måtte ofte vere med på «eggtur» til Ålesund. Då ho vart eldre var det visst barnebarna som måtte trø til. Ho likte elles godt å reise og vere med der det skjedde.
– Ho tok seg tid til det ho ville, sa bestefar med eit underfundig smil. Det kan også føyast til at ho reiste heile vegen til Oslo for å ta ein augeoperasjon. Ho var svaksynt. Ein kan vel knapt tenkje seg korleis det arta seg. Oslo var då som no mykje større enn Ulsteinvik.
Kanskje måtte ho vere slik, aleine som ho som oftast var med mange barn og småbruket.
Ja, for mannen, Karl, var skipper med eigne skuter. Han sigla stort sett i fraktfart på Vestlandskysten. Eg hugsar at bestefar fortalte om fylgjande båtar; «Håbet», sluppen «Ulf», «Sjøblomsten» og «Lydia».
Oldefar Karl bygde i si tid ei sjøbud på øya. Denne reiv bestefar ned og nytta ho som løe.