I Ragnar Ulstein si bok «Lagunen og stormen, Ulstein – bygd i Europa 1940-1945 skriv han mellom anna:

«Kampen mot englandsfarten var ei prioritert sak for Gestapomenn langs vestlandskysten.

Hovudpersonar i denne kampen var nordmenn i Gestapo si teneste. Sommaren 1941 tok Gestapo i bruk eit nytt våpen – gislar. I ein ordre frå Der Befehlshaber der Sicherheitspolizei und des SD til politikammera og lensmennene lyder det blant anna:

1. Som gidsel arresteres:
a. Far eller verge til umyndige flyktninger når faren eller vergen ikke er over 60 år.
b. mannlige slektninger i opp- og nedstigende linje – fedre og sønner i alderen 17-60 år – til alle sjøfolk, loser og offiserer, som ulovlig forlater landet»

Det kom fleire variantar av denne ordren vel eit års tid framover, den første datert 23. juli – alle signerte av ein nordmann, politisjef K.A. Marthinsen.

Thomas R. Hatlø var ein av dei som måtte til Grini fordi sonen, Reinert Hatlø, rømde over til England. Vi tek her med utdrag frå dagboka han skreiv under opp haldet.

Aasta Hatlø Bakken skriv som innleiing:

Far var på Grini til 11.3.42, men dagboka slutta brått, ein trur at nokon som var på vitjing fekk henne med ut. (Kanskje Ole Saunes?)

Dagboka var skriven med blyant på dårlig skrivepapir, kladdark og toilettpapir.

19.6. vart varsla av lensmannsfullm. Moldenes om å møte om bord i m/s «Sykkylvsfjord» ved komm. kaia kl. 9 (21). Kl. var då 8 ½ – Lensm. ymta om at det kanskje vart ein tur til Ålesund eit par dagar. Eg laut i all hast bu meg til denne reis, som vart både lenger og alvorlegare enn eg då trudde. På komm.kaia vart det å vente til kl. 11 før båten gjekk. Eg tala litt med folk før avreisa, alle var forstøkte over det dei såg og høyrde. Me var 4 frå Ulstein, og frå Herøy var det 5. Om bord var det innføring av namn og dato o.s.b.

Det var så vidt tid til å verte ferdig med Herøyværingane på vegen til Ålesund La til ved Storneskaia og vart køyrde i bil til Frimurerlosjen ved Aspøy skule. Her var alt mange samla, dei låg på golvet kring alle veggar. Me fekk plass midt på golvet på kvar sin bolster med eit ullteppe over. Det vart noko uro mellom dei som hadde lagt seg når me kom.. Kl. var mellom 1 og 2 før det vart ro. Det heile var som eit eventyr, hendingane skifte så brått at det leid langt før eg vart tanketom nok til å sova.

20.6. I dag opp kl. 7 romet skal ordnes, alle madrasser fjernast frå midtgolvet og rullast opp langs veggane. Golvet overvaskast og bordene ordnes til frokost. Alle mann får god tid til og høve til vask og barbering etc. Frukosten kjem frå kafe Merkur. Det er mange øskjer fulle med delikate smørbrød, ekte god kaffi og kaffisukker. Eg fekk no høve til å sjå kva slags folk som her var samla saman. Her var nokon av dei:

Kontorsjef Jørgen Ringstad, Peter Eidsvik, Harald og Alf Rønneberg, Underfogd Gjørven, o. r. sakf. Aarsæther, rørlegger Gjørtz, Anders Berseth m. fl. Me var komne i godt lag, reine «grevar» og me fekk mat som grevar.