Men Severin slo seg alltid fram og vann siger. Han var så eitt med dette friske og robuste livet under open himmel at han ei nyårsnatt låg ute med berre furubar og vinterfrakk til hjelp mot kulden. Morgenfrisk kom han nedatt til byen og tok del i det pulserande kulturlivet. Det var denne nyårsdagen han lytta til den svenske stortalaren som reiste og agiterte for totalfråhald.
Denne talen slo inn, og gjorde Hop til ein kampglad stridsmann for DNT. Det var eit særmerke at han i alle sine talar seinare, både i kyrkje og bedehus, naturleg fletta inn og vekte til ansvar for rusdrikken si øydande herjing.
Ungdomen kom med naturleg krav om yrkesval. Men tidene var vande, så det hadde sine store vanskar å kome seg på skule og vinne kunnskap endå tankane drog hugen mot lærdom. Det var i denne vippande uvissa at han kom til å få ein hjartegod ungdomsven, ein glad kristen som både i liv og lære levde si tru og helga sin kvardag. Desse to knytte venskapsband for livet og hjelpte kvarandre på alle måtar. Dei studerte den Heilage Skrifta, samtalte og ba i lag.
I denne tida fekk Severin kall til å bli misjonær og melde seg til teneste for Det Norske Misjonsselskap. Det hadde gått, og gjekk framleis, store nasjonale og religiøse vekkingar over fedrelandet, og NMS hadde mange påmelde kandidatar i denne tida.
Severin hadde kan hende mindre utdanning enn dei fleste som hadde meldt seg, men misjonsskulen ville gjerne at han skulle kome til Stavanger til personleg samtale.
Severin tok ut på ferda sjøvegen. Han hadde samtale med styrar og førstelærar og kjende seg både glad og takksam mot Gud og menneske etter den praten.
Han og ein kamerat valde å gjere heimreisa til fots og la vegen som det høvde seg snøggast og best. Dei fekk fint ver storparten av tida, og opplevde fedrelandet så storfelt som berre dette skiftande landskapet kan syne det fram. Men då dei ukjende og vågsame la ferda over Folgefonna, hadde det nærpå gått ille. Dei miste vegen då dei kom i høgda, og møtte skodda, gjekk seg vill i ein avdal med livsfarleg landskap, og måtte snu. Kald bregufs kjølte dei til skinnet og då dei måtte vade ei fossande elv, glei Severin på den sleipe elvebotnen og vart heilt gjennomvåt. Det kvelda og mørket kom sigande og gjorde det uråd å gå lenger. Dei fann seg ein hellar og kraup i ly for natta. Det vart nokre pinefulle timar på ville høgfjellet. Dei fraus så dei hakka tenner og tanken på å finne veg i dette stupbratte fjellpartiet gjorde det ikkje lettare. Men fysisk styrke og inderleg bøn om hjelp heldt livsmotet oppe. Så snart det grydde av dag, kraup dei fram frå hellaren og gav seg på leit etter farande veg. Det galdt å kome seg til folk snøggast råd, for frosten og matløysa røynde på kreftene. Det var flogbratte stup på alle kantar.
Men brått dreiv skoddehausane unna og varm sommarsol stråla frå blå himmel og baka dei forfrosne og spente kroppane. Nytt livsmod vakna og så med eitt stod dei på eit høgdedrag og såg lutande stølshus i dalbotnen under seg. Ei jublande glede og takksemd båra i barmen.
Klatrekunsten måtte endå ei ri takast i bruk, men så var dei trygt i den slakke lia på veg mot stølsvollen. Dei gjekk frå sæterbu til sæterbu utan å finne folk, men digre rjomeringer og anna mattilfang var det rikeleg av.
Dei sløkte svolten, la pengar til betaling på bordet og følgde sætervegen til bygds. Dei tok inn i næraste hus og vart godt mottekne. Dei fortalde om turen og den dramatiske overnattinga i ukjent lende. Folk vart fælne, men sa at dei kunne vere glade som hadde berga livet i så farlege fjell. Det var gilde folk i denne heimen og i samfulle to døgn vart dei verande hjå desse og vann kvile og kveik til turen vidare.
Severin vart ikkje oppteken på misjonsskulen til det første årskurset, men dei ba han vente med tolmod, så skulle det nok lage seg. I denne tida las han utrøytteleg på alt som gav kunnskap og lærdom. Han åtte eit godt minne og vart etterkvart ein mykje sjølvlærd ungdom.
Lysta til å lære framande språk leika sterkt i tankane, og då høvet baud seg til undervisning i tysk, kasta han seg inn i studiane og vart godt skikka til både å lese og skrive dette språket.
Men levemåten kravde sitt og no ville han lære seg eit yrke. Broren var bygningsmann i Bergen og hjå han gjekk Severin i lære.
Han vart så dugande i faget at han seinare fekk seg arbeid som bygningssnikkar då Vaksdal nye mølle vart reist etter brannen.
Her fann han seg gilde vener og her vaks tanken på seminar seg så sterk at han reiste til Stord for å vere med på opptakingsprøva.
Det var hard konkurranse og mange måtte reise heim, men Severin stod prøva og fekk rett til å gå vidare. Stord seminar hadde ikkje plass til alle, men lærarskulen i Volda kunne ta imot nokre elevar, og der tok Severin til då hausten kom. Volda lærarskule var landskjend. Rektor Henrik Kårstad var ein kristen personlegdom som på ein særmerkt måte var med på å prege si samtid og dei mange elevane som seinare vart lærarar i den norske skule.
Severin sette Kårstad høgt, likevel var det lærar Stabell som kom til å stå Hop nærast.
Ved å gje oppgåver slik først i det små, var Stabell medverkande til å løyse ut dei evner som låg Severin for handa, i sang og musikk, tale og skriving. Severin tok skulearbeidet alvorleg, men jamsides med det tok han aktivt del i kristne og kulturelle aktivitetar både i og utanom skulen.
Det var KFUM sine idear om ansvar for heile mennesket som fengde og vart Hop sitt fanemerke gjennom heile livet. Etter vellukka lærarskuleeksamen, vart han kalla til sekretær i Sunnmøre krets av NKUE Dette arbeidet hadde vind i segla og nye lag kom til etter kvart.
S. Hop fekk ei stor og krevjande oppgåve i ein landsdel som det ikkje alltid var lett å kome fram i slik samferdsla arta seg den gongen. Men Hop var utrøytteleg på reisefot. Han opplevde stor glede og signing ved dette arbeidet som var inne i rike vekkingstider. Dei store ungdomsstemna var for mange høgdepunktet i tilværet. Då kom flaggprydde båtar frå bygdelag etter bygdelag med sang og frisk ungdom som lova sin skapar for den ljose dag Han hadde sendt over landet.
Severin Hop hadde funne seg ei gild jente, Andrea frå Åsen i Samnanger, og kjærleiken dei imellom batt og bar gjennom ungdom og utdanningsår, og seinare i eit gildt ekteskap medan livet varde. Ho var ein sviklaus medhjelpar for han som var utpeika til å stå i fremste fylkingen i arbeid for Guds rike, og Hop gløymde aldri at ho stod bak han med bøn og omsorgsfullt stell av heim og barn når han måtte ut i teneste.