På bedehuset på Sundgot var det litt betre plass, så her kunne folk sitje i fred og ro og prate med kvarandre. Og så var det no spennande då å sjå kva gut den jenta gjekk saman med, eller kva jente den guten kom saman med! Og folk stakk hauda saman og kviskra høglydt – spennande.
Det var alltid kjekt å kome på julefest anten det no var i Dimna eller Sundgot. Spesielt kjekt var det nok for den som hadde funne seg kjæreste der. Og det var ikkje berre jentene som var ettertrakta, nei då, det var «rift» om gutane også.
Men litt tilbake til komiteen sitt førebuingsarbeid.
Det skulle pyntast med glitter og lekkjer i salen. På talarstolen vart det oppsett ei rame av trespiler som var kledd med krepp-papir. Der var det utskore «Velkomen og glad jul» i papp.
Det øvste feltet hadde ein trekanta fasong med eitt spir i midten og eitt på kvar side. Bak hang det ei lyspære og velkomstorda lyste mot deg når du kom inn i salen.
I Dimna var det same opplegget, men her var velkomstorda: «Velkomen og godt år».
På kjøkenet var det jentene som regjerte. Dei koka koppar, vaska og styrte. Det var også jentene som ordna med maten. Han var tillaga i papirserviettar, likt i kvar pakke, og med to kaffisukker i. Med eit grep i kvart hjørne og snurring rundt, var pakken klar for servering.
Når maten skulle serverast var det gutane som bar baljen med koppar, og eit par jenter som delte dei ut. Det var gutane som bar bretta med matpakkane og jentene som delte dei ut. Kaffi vart servert i småkjelar. Det fekk også gutane vere med på.
I matsalen på bedehuset var det sett opp langbord slik at folk kunne legge frå seg yttertøyet og skifte fottøyet der.
I Dimna var det gjort på same måten, men her var det oppe i klasseromet dei heldt til.
Det var ikkje alltid så enkelt å kome seg fram på denne tida. Bilar var ikkje allemannseige. Det var stort sett berre drosja til Nils, Tuebilen og Skreddar-Arthur som hadde bil i førstninga.
Folk gjekk på fest, og dei kledde seg etter veret. Verst var det nok kan hende når det var snø og rennefok, slik at Kristen-Ole, som var vegvaktar, ikkje kunne take ut med hesten og treplogen.
Men folk kom seg fram og inn i matsalen eller klasseromet for å stelle seg istand til fest. På Sundgot var det greit, for der kunne dei berre gå opp trappa inne i huset og inn i salen. Verre var det i Dimna der dei, etter å ha stelt seg på håret og fått på seg høghæla-skorne, måtte ut og ned den høge og bratte steintrappa i rennefok og kanskje med islagde trappetrinn. Det var ikkje så greit.
– Kan dokke høyre dokke hyla? Eg må kome med ei historie som komitemedlem. Det var vanleg at ein del av siste års konfirmantar vart valde inn i julefestkomiteen. Vi skulle opplærast. Andre juledag var vi på bedehuset for å gjere istand det meste før vi gjekk heim og stelte oss til fest. Eg fekk jobben med å fyre opp i dei store runde omnane. Omnen i lisjesalen var nok litt i ustand, for det mangla ein del av steinen innvendig. Men eg fekk no fyr, og fylte på med kol før vi gjekk heim. Men i mellomtida bles det opp, og då vi kom tilbake var omnen i lisjesalen raudglødande, og det hadde danna seg ei «rukke» på baksida. I tillegg hadde omnane slått fram, så det var eit belegg av sot på golv, benkar og bord.
Her vart det full fart med bøtter, vatn og tvoger for å få salane i presentabel stand. Og det gjekk.
I kråa innfor døra i storesalen i bedehuset stod det alltid to små benkar utan ryggstø. Ein eldre mann, som alltid var med på julefestane, kom inn og sette seg her saman med andre. Under festtalen vart han sitjande framoverbøygd. Han strauk seg over haudet og ansiktet med hendene, som eldre folk ofte gjer når dei lytta.
På veggane rundt salen var det ei list på om lag 10 cm. Denne lista hadde komiteen oversett då det vart vaska. Her hadde mannen tydelegvis lagt handa før han strauk seg over ansiktet og resultatet vart eit ansikt svart av sot.
Det vart, naturleg nok, litt uro i salen etterkvart som folk vart merksame på dette, heilt til ein eller annan rydda opp.
På denne tida var det ikkje noke så praktisk som vannklosett. På Sundgot vart utedoet til skulen nytta. Dette låg på nedsida av vegen bort mot gamlebrua. Her var det ei dør inn til gutado, ei til jentedo og ei til lærardo. Det var ikkje lys i desse roma. Dette vart då nytta når det var samling på bedehuset og når einkvan vart «trengande». For mannfolka var det no etter måten enkelt. Dei gjekk nok ut for døra og fann seg ein skugge ein eller annan stad. Verre var det for damene. Tenk dokke – i bestekjolar og høghæla sko i eit «himlande rennefok» å gå dei 30-40 meterane i mørket bort på dette nødvendige huset. Dei måtte nok først i kjellaren og kle seg om før dei tok ut. I Dimna var det litt enklare, for der var vegen frå kjellardøra til utedoet kortare enn frå kjellardøra til klasseromet. Dermed var det å «syle» seg over vegen og verte berga.
Gatelys var det svært lite av. Eg kan i farta hugse at det var ein lysestolpe ved den gamle brua over Straumen. Han stod på Sundgot-sida. Ein stod på Skaret, vegkrysset ved skulen. Det var ei lykt i Våge-vågen, men ho stod så langt frå vegen at lyset knapt nådde vegen. Det var nok likevel slik at folk skimta kvar brua var. Så var det ei på Hellestøbakken og ei i Dimna-myrane. Eg trur at det også var ei ved bilhuset til Gjerdsbakk-Forden.