Kor mange misjonsforeiningar det var i Skeide krins i mine barne- og ungdomsår veit eg ikkje. Skeide skulekrins var då frå Gåsneset til og med Saunes. Eg veit at der var to slike foreiningar på Osnes, «Den lille gren» og «Osne misjonsforeining». Det var vel ei av desse som stod for basaren denne dagen. Det var så langt ut vinteren at stimbåtane som de drive etter silda for til Halten, Sula, Grip og Ravnane frå før jul, var komne sørover og driv for Storhalmen og Svinøya. Dei er såleis heime laurdagskveldane, og fiskarane er rekna som gode støttespelarar på slike tilstellingar, særleg viss dei har hatt flaks med fisket.

Eg er visst seint ute når eg kjem inn til Bedehuset, for der er så mange syklar som står støtta til bedehusmuren og hagemuren hans Oshaug-Petter. Sjølv om eg er seint ute så må eg gje meg tid til å sjå på syklane. Der er 3-4 stk. som skil seg merkbart ut frå dei andre. Desse er utstyrt med tre «utvekslingar», eller gir som ein kallar det i dag, to stk. felgbremser, kjedekasse, bagasjebrett og ei karbidlykt i forkant av styret.

Syklane hadde namnet «Raleik». Eg veit ikkje om eg skriv namnet rett. Om det var frå England eller Amerika dei var importerte, er eg ikkje sikker på. Det var fine og av kvalitet «gode syklar», og hadde vel same status i sykkelparken som Mercedes og BMW har i bilparken i dag. Dei var nok ikkje billege. Men på køyretyet skal storfolk kjennast. Eg kan tenkje meg ein pris på mellom 100,- og 150,- kr.