Intervjuet er interessant på fleire måtar, mellom anna fordi det fortel litt om tida og vilkåra både for offensivt kulturarbeid og avisarbeid. Korleis vi skal tolke overskrifta som redaktøren utstyrer intervjuet med, veit vi ikkje: «Når det blæs fønvind på toppane»; kanskje er det Grimstads lyse krullar ho har i tankane. Kvammen innleier i alle fall intervjuet slik:
«Sist fredag fekk Vikebladet eit lesarinnlegg som ikkje har stått på trykk. Det handla om kor dårleg vi har stelt oss overfor ein herverande konsertarrangør, noko vi kunne vere berre delvis einige i. Kva anna var det då å gjere enn å be Åge Grimstad i Sponders om ein laurdagsprat, der han kunne kome med sitt syn på kva som er verdt lokalavisa si interesse, og korleis dette bør gjerast?”
Åge Grimstad på si side følte han hadde publikum i ryggen i det han gir synet sitt til kjenne i avisa: «Eit slikt arrangement, som til og med gav 60.000 kroner til Kirkens Nødhjelp, fortener større interesse for lokalavisa. Klart vi kunne ha vore meir saklege i brevet, men du blir aldri objektiv når du brenn for noko. Dessutan bør vel Vikebladet vere med på å pushe på det som finst av frivillig innsats og idealisme.»
Av intervjuet går det fram at det ikkje berre var referatet frå konserten som var kritikkverdig. Sponders er også irriterte fordi lokalavisa ikkje laga intervju med Sissel, at førehandsomtalen var svak – og at heller ikkje arrangørane var blitt intervjua i forkant. :
«Når Sponders arrangerer konsertar, er det oftast utanfor lokalmiljøet. Skal vi skrive stort om det også?» spør redaktøren, og får til svar: «Visst eg svarte nei, ville eg fornekte den entusiasmen som må til for å drive eit arbeid som det Sponders gjer. Vi er ungdommar herifrå, og lokalavisa vår burde derfor følgje med i det vi gjer også andre stader. Dessutan veit eg at det er stor interesse i Ulstein og Hareid for musikk; platesalet tyder på det, og særleg for den type artistar vi får tak i. Kunne ikkje Vikebladet ha ein fast medarbeidar som følgde med i bussen når vi arrangerer i Ålesund, og lage stoff omkring artistane og ungdommar som reiser på konsert?»
Sponders-sjefen fortel at mykje av arbeidet framfor konserten gjekk med til pengetigging. Her skulle dei nødvendige utgiftene helst bli heilt dekte for å få eit stort overskot til formålet med konserten. Kommunen stilte med hall, scene og vektmeister. Annonsar, plakatar og billettar fekk dei gratis. Det same gjaldt transport av stolar. Det einaste dei ikkje prøvde, var å få hotellet til å betale overnattinga. I staden innkvarterte dei altså Sissel Kyrkjebø privat.