Ute i det mørke fjøset sende lyset frå den sota lykta dansande skuggar rundt den prustande kua og den sveitte mannen. Dora snudde seg og stirde med ville auge på Tore som bala og drog i noko han hadde fått tak i inni henne. Ut kom nok ein fot og han drog med ny iver i begge klauvene og med eitt liksom losna alt og ein slimete langbeint skapning glapp ut og vart liggjande og kave i høyet mannen hadde lagt ut rundt kua. Ei glatt nase vart frigjord og dei første lydane frå det nye vesenet høyrdest i den lavlofta fjøsen. Tore pusta letta ut og tørka seg med handbaken over panna. Kalven ville verte ei ny ku, det såg han, og det var bra, det var mange munnar og mette og mjølk kom til nytte i så mange samanhengar.
Om ikkje lenge skulle minst ein til kome til verda i den andre enden av huset på den bratte garden i fjordarmen, ikkje langt frå der kysten opna seg og storhavet lokka med rikt fiske. Kona, Anna, var særleg stor denne hausten og konene i nabohusa meinte at det kunne verte to denne gongen. Ja, ja, ein fekk ta imot det Vår herre sende til dei. Denne gongen hadde han jammen også sendt noko å fø ungen med, tenkte han og såg inn i dei forvitne augo til kalven. Dora hadde reist seg og slikka den vesle skapningen med den ru tunga samstundes som den nyfødde streva med å kome opp i ståande på dei ulenkelege beina. Tore måtte smile over utføringa av desse første vaklande instinkta som fortalde kva beina skulle nyttast til. Eit nytt liv var det høgtid over, og dette livet såg ut til å ha alle føresetnader for å klare seg på eiga hand og kunne gjere nytte for seg, same kor hjelpelaust det såg ut nett no.
To veker seinare sat Tore i den andre enden av huset såg ned i vogga med den nye dottera i. Det hadde vorte ei ny “svartekjelle” – ei med mykje mørkt hår og brune augo. Serina hadde han og Anna vorte einige om at ho skulle heite. Dersom den andre som enno var på veg, var ei jente, skulle ho heite Siren. Merkeleg dette at så mange mørke og brunøygde dukka opp i slekta. Der måtta vore nokon frå andre breiddegrader som hadde forbarma seg over kystjentene i tidlegare tider, det var mykje velkome mangfald i dette tilskotet frå fjerne strender.
I romet ved sida av hadde det vorte stille etter at konene hadde streva og hjelpt Anna etter beste evne for å få ut den andre ungen. det hadde gått lang tid og det hadde vorte mykje blod og kreftene til Anna hadde minka. No hadde haka falle ned og ho stirde meiningslaust i veggen. Nevane som hadde knurva lakenet ho hadde over seg, hadde slept taket og stod halvknytte over det skrukkete tyet. Konene bøygde hovuda og tårer blanda seg med sveitte og damp frå kjelane på dei grimete andleta. Dei gret over hjelpeløysa dei stod over for og tapet av ein nabo som hadde stått ved deira barselsenger og elles gjeve ei hand når ho kunne. Dei tenkte også på den glade låtten som no hadde stilna for godt og høyrde enno dei fortvila ropa hennar i hovudet.
Tore reiste seg på skjelvande føter då nabokonene kom stille ut av alkoven og såg mot han og vogga med tåretunge og orsakande auge. Han subba treskoa med seg over jordgolvet mot den tynne døra inn til alkoven som hadde skjult dei gode stundene med kona. No låg ho der still og utan pust. Ho kunne ikkje sjå han lenger og dei smale arbeidsmerkte hendene hennar var retta ut og knepte over magen. Han bøygde kne framfor senga og la andletet mot bringa hennar og let tårene renne. Nokre tronge lydar frå langt bak i svelget fylte rommet og heile mannen skalv. Han retta seg opp og strauk kona varleg over kjaken med peikefingeren, gong etter gong. Ho snudde seg ikkje denne gongen og ho smilte ikkje lenger mot han. Han kunne ikkje fri seg frå tanken på at nytinga hans under fellen hadde vore meir for eiga skuld enn for hennar. Dei var jo mange nok frå før og det var 17 år sidan den første kom til verda. Anna hadde snudd baken til han så mang ein gong, men han let seg ikkje stagge og rende på med manndommen sin til ho gav etter. No sat han her med fruktene av si sæd, og han kjende at huda drog seg saman over ryggen og rundt brystkassa. Vinden sende vedvarande stive tonar ned gjennom pipa og frå vogga høyrdest byrjande barnegråt. Teikn på at ein mage til skulle mettast. Tore kjende ei kald redsle krype inn i sjela. Han såg med fortviling på Anna som låg så uendeleg stille. Fyrst no forstod han det ho hadde stått for og kor framand han var for oppgåvene ho hadde meistra som ingen annan.
Tore la ein liten linduk som ei av nabokonene hadde funne fram, over andletet på kona. Anna hadde hekla fine bordar rundt kanten på duken, og no teikna det stille andletet hennar ein svak kontur gjennom stoffet. Han tende eit ljos med ei flis frå omnen på nattbordet framfor senga. Ljoset blafra i trekken i rommet og fortalde om kor skjørt livet kunne vere. – Herren gav og Herren tok, klarare kunne det ikkje stå for han enn no.
Dei tre andre døtrene og to søner; Eli på sytten, Tore på seksten, Henrik på fjorten, Lina på ti og Synøw på tre, såg på far sin med store mørke auge då han med bøygd hovud kom ut av alkoven og let stilt att døra. At noko forferdeleg hadde hendt skjøna dei, men at mora var borte for godt, hadde knapt gått opp for dei. Dei hadde krølla seg saman i kråa opp mot veggen i senga si. Strømpa til Synøw hadde glidd ned og låg i rukker rundt ankelen på henne. Eit nyleg oppskrubba kne synte nedanfor kjolekanten. Alle kleda deira hadde mora sydd og strikka. Solide saker som gjekk i arv og som vart brukte utan protest. Ei bot eller ei stopping var nett slik det skulle vere.
Dei hadde vore bort og sett på veslesøstera og syntest ho var lita, Eli tykte dei vart mindre og mindre for kvar gong. Faren kom bort og sette seg på sengekanten og famla tak i hendene til Lina og Synøw. Tårene rann nedover langs nasen og la seg i munnvika før dei forsvann ned i skjegget.
Jentene hadde ikkje sett far sin gråte før og alvoret seig inn i dei. – Mor dykkar har reist opp i himmelen, sa han.
– Ho måtte vere med vesle systera dykkar slik at ho ikkje vart åleine, heldt han fram. – der var ei til skjønar de, men ho var ikkje klar for denne verda. Ho var så lita og torde ikkje kome ut. Lina såg stivt på far sin gjennom tårene. – Kva med oss då? kviskra ho, – Kven skal vere med oss når du er ute heile dagen? Tore hadde ikkje budd seg på alle spørsmål, men sa at Eli fekk ta seg av matlaginga saman med Lina, medan Tore og Henrik måtte hjelpe til meir heime og sjå etter småsøstrene sine. Synøw hadde aka seg fram på sengekanten og stabba no med kantete steg mot døra til alkoven. – Mom, sa ho og prøvde å nå handtaket til døra. Tore reiste seg og dei andre fylgde etter. Han lyfte opp jentungen borte ved døra, opna og dei gjekk inn alle seks. Tore tok bort linduken frå andletet til Anna slik at jentene fekk sjå. – Ho er her enno, sa Lina. – Ja ho er her enno på eit vis, sa Tore, – men skjela hennar har reist med den vesle skjela til Siren opp i himmelen, der skin sola no og dei får seg mat etter den slitsame reisa. – Ein gong skal vi også same vegen og då står dei begge og ventar på oss. – Kan vi ikkje reise med det same, sa Lina og såg opp på far sin. – Nei, vi har noko vi må gjere først, sa Tore, – de må gjere det mor dykkar ikkje rakk å gjere før ho for, og eg må passe på dykk og dyra og sjå til at det vert jul i år også. Lina nikka og såg på mor si og syntest ho såg kor ho reiste mellom skyene etter som skuggane dansa i det blafrande ljoset.
Eilert Sund skriv vidare: Ved 50 års alderen finde vi endnu over halvdelen af begge kjøn ilive. Det kunde beregnes, hvor længe det ifølge tabellens tal vilde vare, inden hele den første halvdel måtte være uddød; men allerede i 1851 kunde det med sandsynlighed siges, at mindst hvert 2det af de da fødte børn skulde få opleve det 50de livs-år og dermed træde ind i året 1901.
Snart kunne de dog overlade livets gjerning til den nye opvoxende slægt, og med alt større og større hurtighed formindskes nu antallet af det nye århundredes fædre og mødre og opdragere; men endnu på jubel-dagen 1951 vil der rimeligvis være enkelte levende vidner om den tid, da man skrev år efter Christi byrd 1851 – og den unge slægts kjærlighed og ærbødighed for de gamle skal betegne den inderlige sammenhæng mellem slægterne, betegne den anelsesfulde følelse af, at der er givet menneskets ånd en magt, som er bestemt til at overvinde tidens skranker og seire i liv og død.