Karl Alme tok over som dirigent i 1931 etter Carsten Ottesen, som hadde vore ein dugande dirigent i mange år. Karl Alme var svært omtykt og hadde stor kunnskap og erfaring. Han var også dirigent for musikklaget ULF frå 1931 til 1940. Samstundes var han formann i Sunnmøre Songarlag frå 1933 til 1946. Koret gjekk no inn i ein god periode med aukande interesse frå songarane. Men mørke skyer hang over Europa. Landet vart hærteke av tyskarane 9. april 1940. Sekretær Sverre Ottesen skreiv fylgjande i møteboka.
«Tirsdag 9. april 1940 var dei fleste av songarane tilstades på øvinga på Fredheim denne lagnadstunge dagen for landet og folket vårt. Som rimeleg var det krigen som opptok alle sinn og var det sentrale samtaleemnet. Det vart difor ikkje halde stemmeøving denne kvelden. Men før vi skildest sang vi likevel nokre av songane koret hadde på repertoaret. Til slutt stilte vi opp på Fredheimtroppa og sang «Ja, vi elsker». Sjeldan, eller aldri, har vel songarane lagt slik sjel i fedrelandssangen som denne kvelden»
Fleire av songarane var mobiliserte og skulle møte på Åndalsnes allereie neste dag og skulle vere med å forsvare landet. Det vart difor vedteke å ta ein pause til desse vart komne heimatt. Og merkeleg nok kom alle attende.
Hausten 1940 tok koret til att med øvingane sine på Fredheim. Koret fekk stor tilgang på nye songarar, og medlemstalet var kring 60, trass i at fleire av songarane var reiste over til England. Heile koret var gjennomsyra av ei glødande nasjonalkjensle, og arbeidet gjekk særs godt. I møteboka frå hausten 1940 heiter det: «Det var liksom eit skred som losna. Interesse for sangen vakna for alvor og slo ut i lys loge hjå medlemmane og vart ein brand som fengde songhugen hjå mange unge menn i bygda. Det vart også gått over til to øvingskveldar i veka, tysdag og fredag.
I 1941 skipa koret til songarstemne i Ulsteinvik, og om lag 2500 møtte fram. Dette året skipa koret til amatørtevling på Fredheim. I Vikebladet 03.04.41 står det å lese: «Alt eit kvart på 7 var Fredheim sprengt og dørene måtte låsast.»
Masse folk både frå Ulstein og Hareid slapp ikkje inn. Amatørkonkuransen vart ein suksess, og det er tydeleg at dei ymse tilstellingar samla fulle hus i denne tida. Folk hadde behov for å kome saman og å få kulturell påfylling i ei vanskeleg tid for land og folk.
I åra som fylgde var aktiviteten svært stor. Koret heldt fleire konsertar i denne tida. Spesielt i 1944, då koret skipa til songarstemnet igjen.
Det var dette året Ulstein Mannskor skipa til eit av dei mest minneverdige songarstemna som har vorte haldne i samskipnaden. Det møtte fram 4000 menneske trass i restriksjonar og matløyse. Men alle vart mette både lekamleg og åndeleg. Stemna var ein kveik i den striden sivilfolket den tida sto oppe i som berre ettertida kan vurdere høgt nok.
I 1944 feira Ulstein Mannskor 60 år. Jubileet blei feira med stor konsert på Fredheim, med eit stort og krevjande program. «Koret stilte med framimot 60 songarar og var i kjempeform», står det i møteboka. Solistane var Helge Saunes og Sverre Kristensen. Karl Alme var som vanleg dirigent, og Ulstein Salongorkester medvirka.
Fredsdagen 8. mai var koret med og sang ved takkegudsteneste i kyrkja. Koret var elles som vanleg med i feiringa av 17. mai denne fredsvåren, sjølv om koret var noko redusert, då mange av songarane var med i heimestyrkane som var aktiv med i frigjeringsarbeidet.