A/S Skjervøy vart skipa i møte 2. oktober 1915 av desse personane:
Olaf Wiik, Hans E. Rappen, Johan Jensen, Knut Strand, Bernt Hofset, Ely Saunes, Andreas H. Saunes og Hans Hovden.

Kvar mann teikna seg for 1 stk. aksje til kr. 3 000.

Aksjekapitalen vart såleis på kr. 24 000. Det var mykje pengar den gongen.

Det var langt mellom arbeidsplassane i kommunen denne tida, Brødrene Hatlø Verksted kom i gang i 1909 og Ulstein Mek. Verksted i 1917.

Det var vel for å skaffe ein arbeidsplass for seg og sine at dei starta selskapet.

I det første styret var desse valde: Olaf Wiik, disponent og Knut Strand, styremedlem.

Avtale om bygging av D/S «Skjervøy» ved Rosenberg Mek. Verksted i Stavanger for kr. 79 000 vart godkjent, og båten vart overteke av A/S Skjervøy.

Vedtekter for selskapet vart óg godkjende.