Thorvald Bjørndal etablerte realskulen i Ulstein. Han hadde si livsgjerning i skuleverket frå 1935 til 1971. Realskulen var for mange det første steget mot høgare utdanning.

Det var Judit og Thorvald Bjørndal som skulle bli døropnarar for ungdom frå våre bygder, som sikta seg inn på høgare utdanning. Saman tok dei over ”millomskulen” i 1935 og dreiv skulen til han vart nedlagd i 1971. No var skuleslaget blitt realskule ved lovendring. Skulen fekk etter kvart godt ord på seg og god søknad frå andre kommunar. Dei første åra held skulen til i ”lisjesalen” på Ulsteinvik bedehus. Seinare leigde dei seg inn på Ulsteinvik skule, på Lidarheim og i Fredheimkjellaren.

I 1952 fekk kommunen tomta der Bjørndals Minne står i dag i gåve frå Bjørndal-familien. Bygget stod ferdig i 1955, med seks klasserom. Søknaden var no så stor at ein tok til med to parallelle klasser. Skulen fekk eksamensrett i 1958.

Thorvald var gift med Judit Bjørndal, fødd Garshol. Judit var aktiv i misjonsarbeidet. Ho var musikalsk og spela både piano og fiolin. Heimen til Judit og Thorvald var prega av kunst og musikk.

Ulstein Realskule vart driven som privatskule fram til 1954, då kommunen tok over drifta. Frå 1970 vart det ikkje teke inn fleire elevar frå Ulstein i realskulen.