Ulstein Historielag har som føremål å skape interesse for og innsikt i vår lokale historie. Laget skal arbeide for å auke kunnskapen om vår lokale kulturarv, og arbeide for å ta vare på kulturminna i bygdene våre.
Forteljinga om Ulstein handlar om framsynte folk i ulike næringar, om politikarar og kommunetilsette som såg fram i tid og kva som var nødvendig i samtida; ikkje minst er Ulstein forteljinga om ein industri som fekk internasjonale dimensjonar. Men det er også historia om kultur og folkeliv, foreiningar og lag, ei idrettsrørsle i vekst og samling om kyrkje og bedehus.
Ditt medlemskap i Ulstein historielag støttar det viktige arbeidet om å ta vare på fortellinga om Ulsteinsamfunnet. Vi ynskjer deg velkomen som medlem.
Helsing leiar Lars Inge Breivik