A/S Snorre vart skipa i 1902, føremålet var å drive havfiske med dampskip. Dette var noko nytt, denne tida var det vanleg med segl, og fisket foregjekk utanfor kysten her.

Det var nokre framsynte karar som starta selskapet med ein aksjekapital på kr. 24 000,- fordelt på 10 aksjar:

Ulstein Forbruksforening: 5

Petter K. Hasund: 1

Andreas J. Hasund: 1

Johannes J. Ulsteinvik: 1

Andreas M . Saunes: 1

Lars O. Dimmen: 1

D/S ”Snorre” blei kontrahert ved Moss Mek. Verksted og kom til Ulsteinvik 24.12.02. Den var 90 fot lang, 17 fot brei og gjorde ikkje mindre enn 10 knops fart.

Første disponenten var Peter K. Hasund, han var disponent og styrar av Foreninga.

Han var fødd i 1854, og døydde berre 50 år gamal. Han var ein framsynt mann og mykje nytta i kommunale verv.

Martinus Molvær var første skipperen ombord i Snorre. Han var fødd i 1857 i Langevåg og døydde i 1936.

Han var ein stø og kjekk kar, retteleg ein sjømann. Han kom tidleg i 1880 åra til Ulstein for første gong, der han hadde vorte kjend med Ingeborg Støylane. Det vart mange friarferder til Ulstein, men det var tungvint å reise mellom bygdene i 1880-åra. Søndagane når det var preike i Hareidskyrkja, gjekk han frå Langevåg over Sulafjellet til Sulesund, der fekk han vanlegvis vere med i færingen når Sulafolket rodde eller sigla til Hareidskyrkja. Han måtte tidleg opp søndagsmorgonane når han skulle møte si kjære. Elles fekk han vere med Sulafolket når dei rodde over fjorden yrkedagane for å handle på Hareid. Så var det “berre” å gå til Ulsteinvik. I 1884 vart han gift med Ingeborg, og i 1895 fekk dei skøyte på Støylane. Dei fekk ikkje mindre enn 14 born. Dei fekk og oppleve motgang, i 1927 omkom tre av sønene deira då “Sjøfuglen” forliste .