I min barndom på 30-talet var det ein barnelosje i Dimna krins. Vi hadde møte nokre søndagskveldar for året. Læraren i krinsen stod føre møta som vart halde i klasseromet på skulen. På møta hadde vi ymse program. Vi las små stykke frå eit barneblad, løyste gåter, las vitsar, teikna på tavla med bind for augo og dreiv med ymse inneleikar.
Vaksnelosjen heitte ”Kveldsljos”. Den vart skipa i 1913 og høyrde til Den norske godtemplarorden (DNTGO). I vinterhalvåret vart det halde losjemøte søndagskveldane 14. kvar dag dei søndagane det ikkje var møte i den kristne ungdomsforeininga på Sundgot bedehus. Losjen hadde eit handskrive blad, ”Frendljom”. Vi skreiv små stykke i bladet som vart opplesne på møta. Elles skreiv vi inn små dikt, vitsar og gåter. Losjen skipa til festar, m.a. noko som vart kalla korgafest. Jentene kom då med korger med mat og gutane kjøpte korgene ved at dei vart auksjonerte bort.
Etter losjemøta gjekk ungdomane tur etter vegen mot Sundgot og Hasund for å halde lag med ungdomane derifrå. Då gjekk vi ”til Amerika” som vi sa, og song Amerikavisa. Vi stelte oss då opp par etter par langs vegkanten med ein oddemann i enden. Leiken tok til med at oddemannen tok med seg jenta i paret framfor seg og gjekk til endes med henne. Guten som stod att, vart oddemann og han tok jenta i neste par og gjekk med henne til endes igjen o.s.v. Visa var på mange vers, og det første lydde slik:
Kista har eg pakka
og alle har eg takka.
No skal eg reise over til Amerika
”jes ålreit”
For kven kan leve heime
der alle er så sleime
til å gjere ablegøyer og
skrøne vidt og breitt.
I Våge-vågen stod ei lykt på ei slette ved den gamle brua over vågen. Der samlast ofte ungdomane under lykta og dreiv med folkeviseleik før ein skildest. Losjen skipa til turar sommarstida for medlemene, kanskje i lag med ungdomsforeininga på Sundgot. Det kunne vere både tale, opplesing og song på samlingsstaden og elles leikar og aktivitetar av ymse slag. Dersom ein samlast på ein stad der det var ei slette, dreiv dei unge med leikar og aktivitetar av ymse slag.
Julefestar
Andre juledag om kvelden var det tradisjon med juletrefest på Sundgot bedehus, skipa til av ungdomsforeininga. 3. juledag vart det halde barnefest i bedehuset der, ein fest søndagsskulelærarane stod føre. l. nyttårsdag var det losjefest i skulekjellaren i Dimna. På førehand vart det valt ein festkomite som stod føre førebuinga til festen.
Når juletreet ikkje skulle brukast meir på bedehuset på Sundgot, vart det henta der med hest og vogn, eller med hest og dragslede dersom det var snø. Når ein hadde fått det opp midt på golvet i salen i skulekjellaren, vart juletrepynten og stafasien som vart nytta over talarstolen, henta på skuleloftet. På stafasien stod med store bokstavar: GOD JUL GODT NYTTÅR! Vi fletta saman lange lekkjer av krepp-papir av ulike fargar. Lekkjene vart festa i taket i kvar krå og så i taket over juletreet. Det vart også festa lekkjer langs veggene. Dei som var med i festkomiteen sette alltid si ære i å pynte så fint som råd. Arbeidet mellom ungdomane gjekk alltid for seg med godt humør og i god kameratsleg stemning. Golvet vart til slutt rydda og vaska og benkene sette på plass att før salen var ferdig til fest.
På grunn av avgrensa plass i møtelokala, var det ikkje høve for born å vere med på juletrefestane for vaksne på bedehuset eller i skulekjellaren. Først når ein var konfirmert fekk ein vere med.
På festane var det underhaldning med song, festtale, opplesing frå handskrive blad og gjerne opplesing frå eit blad eller ei bok, helst ei juleforteljing. Det vart alltid servert mat og kaffi på desse festane, og til slutt var det gang rundt juletreet. Når ein rydda vekk benkene, kunne ein få plass til tre ringar rundt juletreet. Og julesongane lydde fulltonande, kanskje fleirstemmig. Julesongane hadde vi lært på skulen, så dei kunne vi utanboks. Under krigen pla vi til slutt synge fedrelandssalmen. Då stod vi rundt juletreet og heldt kvarandre i hendene og song: Gud signe vårt dyre fedreland. Verset ”No er det i Noreg atter dag”, forandra vi til ”Snart er det i Noreg atter dag” osv.
Nikodemus Garshol (1887-1970) var øvstetemplar i fråhaldslosjen ”Kveldsljos” og på same tid formann i Hasund og Dimnøy kristelege ungdomsforeining i mange år. Han såg det som ei oppgåve og ei utfordring å arbeide for og mellom ungdom, og han var den faste møte-leiaren både på møta og på festane i desse laga.
På barnefestane var det gjerne ein person som tala etter å ha lese juleevangeliet. Borna underheldt med litt opplesing og kanskje med song. Det var tradisjon at borna fekk utdelt wienerbrød på desse festane og litt frukt. Det var medarbeidarane i søndagsskulen som stod føre søndagsskulefestane. Nils Våge var i ein mannsalder lærar i søndagsskulen i Dimna krins. Han leidde alltid desse festane på sin stille og rolege måte. Allsangen blei leia av ein annan som i ei årrekkje arbeidde i søndagsskulen, Einar Spjutøy.
I skulekjellaren i Dimna var ikkje songkor med å underhalde på festane. Lokalet var for lite til det. Det var berre plass til mindre grupper. På bedehuset på Sundgot var det derimot både korsong og hornmusikk med på festane.
Etter at vi var konfirmert, gjekk vi like til Haddal på julefestar og var med og gjekk rundt juletreet på forsamlingshuset der. Til Ulsteinvik på julefestar var det ikkje vanleg å reise. Derimot kunne vi vere med på julefestar på Folkehøgskulen, festar som vart skipa til når skuleåret tok til etter juleferien. Eit særsyn var det at juletreet der stod i midtsalen og ein gjekk i ringar gjennom dei opne dørene til endesalane. Det var helst tidlegare elevar som møtte opp på desse festane i lag med elevane på vinterkurset.
17. mai
På 1930-talet var ikkje 17. mai-dagen helgedag/fridag. Folk arbeidde derfor som vanleg ute på åker og eng med vårarbeidet denne dagen – i alle fall på føremiddagen. Tilstellingane 17. mai tok til ved at folk samla seg ved Sundgot bedehus i 13-tida. Der vart toget stelt opp. Først i toget var det flaggborg, og elles var alltid hornmusikken med og spelte. Toget gjekk gjerne til eit skogholt på ein lun stad der det var hornmusikk, korsong og tale for dagen. Toget gjekk så tilbake til bedehuset der folk fekk kjøpe mat og kaffi.
På vegen mellom Hasund skule og bedehuset var ein open gruslagd plass som borna heldt til på. Idrettsleikane med løp, kast med ball, potetløp, sekkeløp, gå på styltrer, klatre i ei høg stong o.l. var på den andre sida av brua, på Hasundsida. Der var ei fin vegstrekning og nokolunde flatt lende med eit skogholt langs vegen som eigna seg til samlingsplass for folket.
Skytesaker vart nytta til saluttering. Ein tradisjon var det at gutar før konfirmasjonsalderen brukte såkalla skytarjarn. Det var 10-15 cm lange jarnboltar med hol i eine enden. Så vart det putta svovel av fyrstikker i holet. Ein jarntein vart så sett i holet. Med tau i teinen og i enden på jarnbolten vart skytarjarnet slege mot ein stein. Det vart ein eksplosjon, og det hende nok at både krut og kanskje litt dynamitt vart nytta i skytarjarna, noko som ikkje var ufarleg.
Om kvelden vart det halde fest på Sundgot bedehus, med tale, korsang, hornmusikk, opplesing og tildeling av premiar for dei som hadde vunne i konkurransar tidlegare på dagen. Seinare utover kvelden var det gjerne ungdomar som kledde seg ut og gjekk ”lurvetog”. Dei song viser og heldt morotale.
Jonsok
Eit særleg barneminne frå somrane, er jonsokbryllaupa vi skipa til. Då fekk alle borna i grenda halde til i ei løe. Dagane føre jonsokaftan vart låven rydda. Så henta vi bjørkegreiner, bregner og blomster til å pynte med. Vi fekk låne langbord, dukar og benker. Utanfor løedøra sette vi gjerne opp ein portal av bjørker med småflagg i.
Kveldane før jonsokaftan reiv vi borna lyng og eine som vi la saman i ein dunge til brising. Var vi heldige, fekk vi tak i ei tjøretønne til bålet. Til vanleg heldt vi til på høgste punktet på Storhaugen med bålbrenninga. Jonsokaftan møtte vi opp i 17-18-tida. Vi hadde på oss litt finare klede då. Vi hadde med mat og brus. Heime var vi mange søskjen, så mor laga brus av bruspulver som ho rørde ut med vatn i eit stort fat. Så delte ho brusa på oss i flasker. Å kjøpe brus på flasker i butikkane var ikkje vanleg i 30-åra.
Ein gut var brudgom og ei jente brud. Dei vart pynta litt ekstra i høvet. Særleg vart bruda fint pynta med slør, kanskje med ei kvit hekla gardin som slør, og med krans og blomster i håret. Brudeparet måtte sitte ved sida av kvarandre ved bordet under måltidet. Etter at bordseta var over, gjekk vi tur etter bygdevegen med brudeparet føre. Det hende også at somme gutar kledde seg ut med rare og stygge klede seinare på kvelden til stor moro. Foreldre tok seg også fri og var med og såg på jonsokmoroa. Seinare på kvelden samlast alle rundt jonsokbrisingen på Storhaugen. Det var viktig at det vart mykje både røyk og eld. Det var konkurranse med bål vi såg andre stader, så derfor reiv vi gutane endå meir lyng og eine og kasta på varmen. Heilt til slutt samlast borna på ei slette der vi dreiv med ymse leikar resten av kvelden og kanskje heile natta – om det var fint ver.
I Dimna har det vore tradisjon at det syftesokaftan vart halde basar med rømmegraut i skulekjellaren. Då brende borna bål av pynten etter å ha rydda låven der vi heldt til jonsokaftan.
Ungdomsstemne
Kvart år ved jonsoktider vart det skipa til ungdomsstemne i ei av dei største bygdene på Sunnmøre. Frå mine heimegrender var det vanleg å reise til Noregs kristelege ungdomsforbund, Sunnmøre songarlag og Sunnmøre hornmusikklag sine stemne. Ein større fiskebåt, kanskje ein dampbåt, gjekk som regel til stemnestaden med folket. Båtane hadde oppe flagg og vimplar, og var veret fint med sol og stille sjø, kunne desse stemneturane vere reine festturane for ungdom og eldre. På turane var det alltid god stemning, og folk såg med glede og forventning fram til dagane då stemnet skulle haldast.
På stemnestaden møtte dei tilreisande til vanleg først på eit forsamlingshus. Der var det gjerne etablert eit såkalla stemnekontor. Lokallaget for den organisasjonen som skipa til stemnet, hadde alltid ein komite som ordna med innkvartering og matsal for slike som kom reisande. Innkvarteringa var helst hos private og kanskje hos kjenningar og slektfolk. Stemna varde til vanleg to dagar, laurdag og søndag. Laurdagskvelden vart det alltid skipa til ei festleg tilstelling på eit stort forsamlingshus, søndag høgmesse i kyrkja og seinare på dagen ei samling på ein høveleg stad i det fri. På stemna var det talar, song og musikk, utdeling av medaljer for lang og tru teneste i organisasjonen, i kor og orkester.
Dei som ikkje kom reisande i båt til stemna, kom kanskje køyrande i bussar eller i opne lastebilar, påmontert trebenker på tvers av lasteplanet. Det var populært for stemnedeltakarane å leige lastebilane med trebenker til turar i nærområdet til stemnestaden. På den måten vart dei kjende, ikkje berre i sentrum av bygda der stemnet vart halde, men også i bygdene rundt om.
Når stemnebåtane la frå kaia og tok til på heimturen, tona ofte songen fulltonande, både frå dei som stod att på kaia og frå dei som reiste. Ungdomsstemna var avslutninga på ein arbeidsbolk i lag og organisasjonar, i songkor og orkester. Dei gav rike og varige minne frå ungdomstida vår. Vi snakka om det vi hadde sett og opplevt på stemna og gledde oss og såg fram til neste sommar og neste stemne. Det gav motivasjon og minte oss om å vere trugne og uthaldande i lags- og organisasasjonsarbeid, kvar på vår stad.