Levd liv blir altså gitt ut av Ulstein Historielag i samarbeid med Osberget. Aksel Hauge leier redaksjonsnemnda, og Magne Grimstad jr. i Osberget er redaktør for boka. 

Ulstein Historielag vart stifta i 1947. Men laget arbeide tungt ei tid. Den noverande leiinga i laget tok opp arbeidet i 2003. Dei valde Aksel Hauge til leiar, eit verv han har også i jubileumsåret. 

– Noko av det første eg tok opp som leiar, var ideen om eit årsskrift. Men laget hadde ikkje ressursar til det. Derfor leitte vi etter samarbeidspartnarar, og det vart etter kvart naturleg å ta kontakt med Einar Grimstad, som dreiv Ideromet Forlag i fritida, fortel Hauge.

Ei stund seinare fekk Hauge telefon frå Grimstad, som ville vite om historielaget framleis var interessert i eit samarbeid om eit årsskrift.

– Eg sa ja på flygande flekken. Einar kom med forslag om namnet Levd liv, og vi var samde i at det var eit godt og dekkande namn, seier Hauge. Samtidig vart det bestemt at årsskriftet skulle vere ei utgåve med stive permar. Historielaget sitt mål med Levd liv var å knyte banda bakover og slik vere med på å skape større interesse og kunnskap om den lokale historia. Dette er framleis målet no i jubileumsåret. Årsskriftet har ein stor lesarskare, og av eit opplag på 700 er 670 selde i 2013. Boka sløkkjer såleis noko av tørsten for historieinteresserte lesarar i bygd og by.