“Ulsteins-kyrkja”

Snaud og kvit og kald hev kyrkja i Ulstein stade der no i 36 aar sidan ho vart flutt inn til Vik. Ho var daa ikring 30 aar gamall, og det var visst ikkje mykje merkelegt med henne før heller. Men som ho stod der etter flyttjingi var ho ikkje betre enn før, berre tomare og kaldare.

Folket i Ulstein hev mislika dette i den siste tidi, og mange hev tala um korleis ein skulde bøta paa det. Der er jamvel dei som hev slege paa at ein laut sjaa aa faa ei heilt ny kyrkje. No hev daa ulsteiningane teke et mannelegt tak for aa fli kyrkja si. Dei hev rive ut dei gamle stolane og faat nye, og elles hev dei retta paa eit og anna.

So hev dei sett.

Difor vert og bygdefolk so glade naar dei kjem inn i kyrkja si. Fargar og linor tek folk med eige duld magt, som den gamall god arv hev, naar han vert leitt framatt. Prydingane finn ein paa preikestol og galleri, paa dørene i koret som saman med raama kring altertavla er eit kunstverk med høgt verd, og so under det flate loftet.